fredag 8. juli 2011

Kjøkkenet vårt


Hei hei, i dag får dåke sjå kjøkkenet vårt :) Det er litt vanskelig å ta bilde av synest eg, for det er ikkje så stort, ca. 12 kvm. Me har eit arbeidsskjøkken, dvs at me inntar våre måltid i spisestova som er rett utanfor kjøkkenet. Meir benk- og skapplass vart prioritert framfor ein spiseplass på kjøkkenet. Me valgte også å droppe overskap for å få ei åpnare kjensle, og fordi me synest ikkje det hadde blitt så fint med eit overskap rett foran vinduet liksom.


Det var meininga å pussa opp kjøkkenet før me flytta inn for tre år sidan, men så såg det egentlig så greit ut det kjøkkenet som var her... Dvs det var heilt til me flytta inn og begynte å bruka det, då tok det ca. eitt år og så røyk det ut gitt. Me valgte Ikea kjøkken, og har ikkje angra, mange kjekke løysingar samt at ein vert ikkje ruinert. Det var ein tømrar som satte opp kjøkkenet vårt og det er me glade for, så er det i vater ;)


Me er veldig nøgde med plassering av steiketopp, kjøleskap og omnane, og har den benkeplassen og skapplassen me treng.


Me har valgt å samle steikeomn, mikro- og varmluftsomn og kjøleskap/frys på samme vegg der me også har høgskap og litt skuffer til tørrvarer. Dette har fungert nett så godt som me hadde tenkt :)


Me kjøpte eit vitrineskap rett før 17. mai i år for oppbevaring av ting me ikke brukar daglig, typisk stettefat, stetteglas og ymse fine skåler.


I staden for gardiner så har me valgt å redusera innsynet med grønne planter. Eg har alltid elska grønne, friske planter, og av ein eller annan grunn så banker hjertet mitt ekstra varmt for ei slik hylle i vindauga som pappa har laga til oss :) Eg synst det er så koselig.


Fine potteskjularar frå Tine K har eg snopa meg hos Bohemia på Sola. Eg har vore på besøk der i dag også, og kjøpt med nåke veldig fint heim. Det skal dåke få sjå i eit seinare innlegg ;)



For fire år sidan var me i Danmark og Legoland, der fekk me laga desse kjempetøffe glasskubene av gutane, dei er laga med laser og er i 3D. Det er eit supert minne av bollekinn, så kan mamma kosa seg med dette 3D minnet når det er komt sjeggstubb på dei mjuke barnekinna, hehe ;)



Jepp, slik er kjøkkenet vårt :) Me elsker det!

Ha ein fabelaktig fredagskveld, klem Eli.

2 kommentarer:

  1. Da e så koslig hos dåke, kjøkkenet er berre så gjennomført fint !, og der har me hatt koslige frukostar ilag når me har vore på besøk !, i godt selskap ! :)

    SvarSlett
  2. Tusen takk, Janne :) Og jammen skal me ha fleire gode måltid i saman, om berre ei lita veke! Gleder meg :)

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!