torsdag 21. juni 2012

Envy is a BITCH!




Av og til når nokon av mine bloggevenner i bloggeland har kjøpt, eller 
fått eller funne noko som eg synest er kjempe fint så skriv eg ofte i kommentarfeltet at
eg er sååååååå misunnelig... Men er eg egentlig det?

Misunnelse er ein følelse. Ein UFIN følelse...
 Den gjer seg merkbar ved at ein ikkje unner eit anna menneske egenskapar, status, evner
eller eigneluter, og vert gjerne utløyst ved at ein person samanliknar seg sjølv med eit anna menneske.
Misunnelse har ikkje nødvendigvis med ting å gjera; det sentrale er fornemmelsen av at den andre er i ein betre situasjon enn ein sjølv er. Misunnelse kan betraktast som det motsatte av velvilje.
(kilde Wikipedia)

Så igjen... er eg eigentlig misunnelig?
NEI!
For eg unner mine medmennesker det aller beste.
Ok, om eg ser nokon som er veldig-veldig perfekte (i mine auger) og har veldig fine klede på
den veldig fine kroppen, og sjølvsagt,
nett den veska/bilen/jakka/mobilen/jobben eg gjerne skulle hatt så kan det vera at det stikk litt i stilongsen.
Men det er ikkje det at eg ikkje unner dei dette, heller at eg helst også gjerne-skulle-ville-ha-hatt.



Biletet er lånt her


I det siste har eg fundert litt over dette med misunnelse.
Kor tydelig, i enkelte tilfeller, misunnelsen er, og for ikkje å snakka om destruktiv.
Og i denne samanhengen så er eg stor tilhenger av at om du ikkje har noko fint å sei så hold kjeften!
Rett og slett snurp saman smella! For fy søren så dumt det er å komma heim til nokon som
har lagt ned fleirfoldige hundre timar med arbeid i heimen sin, og stolt viser den fram.
Kanskje til og med til nokon som er nære og kjære, i utgangspunktet i alle fall, og så
vrir dei utav seg: "nei her ville eg ikkje budd, det er jo så øde..."
Eller; "åja... synest du den er fin??"
Angriper det som ikkje er ferdig, det som negativt skil seg ut.
Og i neste vegkryss totalkopierer alt du har gjort...

Obvious!!

Folk som hamrer laus på dei som dei anser som meir vellykka enn seg sjølv,
angrep er det beste forsvar, eller? Kva godt kjem ut av dette? Får ein det betre med seg sjølv?
Blir ein likeverdige med dei ein samanliknar seg med? 
Føles kanskje betre akkurat der og då, og så har du tapt altså...
Ein gjer seg liten med slike handlingar.
Ein utviklar seg overhodet ikkje. Strekker seg ikkje for å bli betre. Blir berre bitter.
Og så sårer ein.
Ordlagt er bordlagt...
Sjølv om du trekker det tilbake så er det uttalt - og blir neppe gløymt.
Er det verdt det? Den bittelille sigeren ein opplever når ein ser
stjernene slukka litt i augene til den ein er misunnelig på? For tru meg, eg
har også vore den bitch'en. Det har kanskje dei fleste av oss.
Og blei det betre? Fekk me det me ville ha, oppnådde me målet?
Trur ikkje det eg altså.
Dette vart eit lite gjennomtenkt innlegg, eg har så mange
eksempel som eg vil fortella - for det er så gale - men eg kan jo ikkje det.
Tenk om nokon kjenner seg att. Det hadde vore leit. Synest eg.
Så no står orda her i den rekkefølga dei valgte og komma ut. Og når 
eg har lest gjennom teksten så er det rotete, og prega av 
følelsar. For ordens skuld, eg er ikkje blitt misunt altså. Det var
ikkje meg som vart hogd etter. Men eg er blitt fortalde nokre historiar - og det må seiast
at vaksne og tilsynelatande oppegåande folk kan vera svært snevre når
dei får det grønne lyset i augo - når misunnelsen riv og slit i dei
og til slutt vinn og kjem til overflata som oppgulp.

Fysjom!
 
Envy IS a bitch!

Glad i deg V!


mandag 18. juni 2012

Kjøkken kos




På laurdag, når eg var hos Søstrene Grene, fekk eg handla inn masse treredskaper til kjøkkenet.
Flaskekost og oppvaskbørste også, og sånne honningpinnar, berre at eg har sjokoladesirup til kaffien på mine. Mmmm!






Den svarte krukka kjøpte eg hos Thelma og Molli når me var på bloggtreff hos KROnPRINSESSENE. Og som dåke sikkert har observert, hehe, så var eg ikkje den einaste som falt for denne ;-) Men det er ikkje så rart, den er jo stein fin! Lyktene fekk me i goodiebagen frå Den Franske Landstil når me var der på bloggtreff i mars.






Om dåke trur at eg har hatt mange snope-kaffiar i dag og i går, så er svarte JAAAA! Sjokoladesirupen kjøpte eg på Choco Boco som held til på Sølvberget kino, samt at eg kjøpte sjokoladestrø som eg drysser over - og det blir sååå godt. Men no er det mandag, og då kan ein ikkje snadra seg sånn til heile dagen. Men ein kan sjå på fine ting, og eg er veldig fornøyd med kjøkkenvindauget mitt no, med litt grøne blomar, kjøkkenredskap i tre og fine krukker. Jada, eg er ei enkel sjel, eg blir glad av fine ting.

Ønsker deg ei herlig veka! Nyt livet!




lørdag 16. juni 2012

Pic Monkey


Hei hei!
Likar du å redigera bileter? 
Eg er ganske utålmodig, så eg kan ikkje bruka for mykje tid på slik dilling.
Dåke har sikkert høyrt om PicMonkey før, men det er jammen eit kjekt redigeringsprogram,
og aldeles gratis - det kan me lika :-) I alle fall er det kjapt gjort å piffa opp litt kjedelige interiørbilder med ein knapp, ei kul ramme eit antikk filter eller annan pynt.





Når eg sat og spiste ein sunn og ernæringsrik middag med gutane i dag, Mac n'cheeze, så såg eg kor fint det egentlig er med slitne utemøbler {kremt}. Litt sånn lengtande blikk egentlig, fordi eg ville helst at det var sol slik at eg kunne slenga dei hårete leggene mine oppå bordet utanfor her og skremma vatnet av margeritten. Dårlig gjort, ja, men fram til tirsdag så blir dei slik. Då skal dei nemelig på Tasta Spa og voksa seg. Så får det heller våga seg at Frøken Fryd sine legghår på nuværende tidspunkt blafrar i vinden om dei får lov...





Nyskjerrig-pusen vår sit og ser lengtande etter Herr Fryd. Det er nemelig han som er favoritten. Og 
eg som er SÅ kjekk... Jaja, Herr Fryd er på jubileumsfest i helga, det er 20 år sidan han var russ, og det er klart at det må jo feirast! Eg ser for meg ein gjeng med "slips-som-pannebånd" dresskledde partyløver gjera Leirvik utrygt i kveld ja. Det var forresten utrygt å vera 3. klassing på skulen vår for nokre dagar sidan også, då var det nemelig fotballkamp mellom 3. klassingane og foreldra deira på skuleavslutninga. Og Herr
Fryd var kjempe ivrig når kampen vart blåst i gong: "Eg skal vera med og EG skal vinna!" utbrøyt han med stor glede i røysta og pløyde seg fram med spise albogar og vinnarblikket på, det hagla 3. klassingar rundt han... Jeeez. Neida, det gjekk tålig greit i grunn, ingen direkte ufine grisetaklingar, 
men må innrømma at eg var ganske nervøs... Han har vinnar instinkt den mannen der!

No er eg klar for å nyta laurdagen som grasenke, me har ein koselig liten fyr på overnatting, så
no er det "filmkveld" i kjellerstova for minste Fryd'en og vennene hans med popcorn og topp stemning!
Starten på dagen var jo usedvanlig bra da, med frukost på Ostehuset i meget godt selskap. Og så var
eg innom Søstrene Grene og fekk kjøpt ein del "nødvendigheter" og etterpå så var det 
woooosh avgårde med Storebror Fryd for å kjøpa nye fotballsko, igjen...!! 
Er det i mot loven å gi dei sånne anti-voks tabelettar? No har han pinadø vokst forbi 
meg, så når han skal få kjeft så må eg senda han nedover i trappa slik at eg fortsatt ser stor og 
truande ut der eg står med skumgummi fingeren heva og torden røyst... Eller ikkje...





Då gjenstår det berre å tipsa dåke om ein god-låt og to som går på repeat her hos meg om dagen, 
nemelig Deadmau5 med "The Veldt" ft Chris James... Den er knall fin. Ville egentlig linka
til You Tube - men det blei berre krøll. Så det lyte du fiksa sjølv om du vil høyra den.
Du finn den på Spotify også om du bruker det, og er du først i gong, sjekk ut Ask Embla med
"Fathers Eye's", den er også nydelig!

Jepp, jepp!

Då sjekker eg ut, og er sabla fornøyd med meg sjølv som no har to innlegg dag etter dag!
Jeeeeei! God laurdagskveld! 












fredag 15. juni 2012

Ein blom til deg




Det er fredag! FREDAG!!
Herlighet for ein magisk dag det er...

Eg er longt nedi godteskåla allerie, og sidan eg er dronning over fjernkontrollen så er det IKKJE fotball EM på skjermen i stova. I morgon skal eg starta dagen med mitt skjønne søskenbarn, Camilla. Me skal spisa frukost i lag på Ostehuset i Stavanger, det må eg seia at eg gleder meg veldig til!

Solnedgangane er magiske for tida altså. Har eit lite knippe som eg vil dela med dåke. Først i frå Sæverudsøy der foreldra mine har naust.







Og så i frå terrassen vår...







Som eg har fortalt før så er: "sjå Johnny, sjå NOOO!" ein gjengangsfrase i heimen for tida, og det blir jo litt ulv-ulv effekt på dette, men det er berre fordi solnedgongane aldri er like. Dei er unike og spesielle, nett slik som deg, du som er så skjønn å lesa bloggen min. Som legg at fine helsingar. Som oppmuntrer og legg att klemmar i kommentarfeltet. Eg smiler og ler og  koser meg med tilbakemeldingane. Og det motiverer meg til å laga nye innlegg. Men det er ikkje alltid eg har så mykje å skriva om, og nett no er eg i ein skikkelig tørkefase. Men eg har god tru på at dette løyser seg, må berre gi det litt tid. Eg har nettopp starta i ny jobb, og det er klart at mykje energi går med på å absorbera ny kunnskap. Mandag la eg meg faktisk kl. 20:30, sola skein inn vindauget på soverommet, naboen klipte plenen og Frøken Fryd kollapsa på puta og starta umiddelbart å snorka og sleva... Herlig!







God helg da, du!
Nyt den :-)





tirsdag 12. juni 2012

#oldis





Dette er Lillebror Fryd, han har vore i bursdag i dag. 
Denne gamle mammo her hadde gleda av å henta han og kompisane i Eventyrlandet.
Seriøst! 
Det heiter faktisk Eventyrlandet og held til i Sandnes.
Frøken Fryd var ute i god tid. Heldigvis.
Men kom for seint. Faktisk...
Hekkans roting rundt Maxi, forbi Maxi, kjøre tilbake og opp bak Maxi.
Maxi rot var det det var. 
Søren meg godt det er nok rundkjøringar i Stavanger / Sandnes.
Var søren meg svimmel når eg til slutt kom fram.
Hadde nokon sett meg i fugleperspektiv så hadde det sikkert sett ut som eg køyrde karusell eller var på fast forward - zoooom zooom og svisjsvosj rundt og rundt...
Unnskyldande smil til bursdagsbarnet sine foreldre.
Hehe, fant ikkje fram gitt. Har jo aaaldri vore i Eventyrland før.
Joda.
Men då har Herr Fryd kjørt, og Frøken Fryd har snakketøyet på og følger ikkje med.
SHAME ON YOU!

Vel, når eg vel hadde fått fire, svette, sukkerhøge 9 åringar inn i bilen følte eg meg momentant som ein OLDIS! Språket har gått aldeles forbi meg. 
"Fy fadår, me har hatt det så siiiiinnsykt LOL!"
 (eg antar det er positivt, har fått med meg at LOL er bra greier...).
"Me har ein sofa som e' grææææla chill!" 
(ok - dei har sofa...)
"Når me e' 9 får me gå heilt rææændom i Kongeparken med Fikse Ferrige Ferie" 
(øhm... er dei på ei speleliste??)


Ikkje nok med at eg er ei vaksen dame, som tydeligvis har litt å henta på ungdommelig prat, eg både pratar og skriv nynorsk... Snakk om OLDIS...

For å oppveia litt for oldis faktene satte eg på denne;



Sjølvsagt på full guffe med MAX bass.
Sveiva ned vindauga på sjøfør sida og kvilte albogen og underarmen casual opppå døra,
digga takten med hovudet frå side til side medan eg såg "sykt kul" ut med mysande blikk
og "græææla chill" trut. Så seig me sakte ut frå Eventyrland...

YO! Hot mama crusin' through Sandes.
Ja mann...
Frøken Fryd in da house!!



torsdag 7. juni 2012

Chicken!




Frøken Fryd er visst i pause modus.
Egentlig er eg ikkje tilhenger av å blogga berre for å blogga...
Men berre sånn at dåke skal veta at eg liksom er her likevel
så kjem her litt lettbeint underholdning som har lite
og ingenting med interiør å gjera, men godt
med litt humor også, eller?

Forøvrig er eg ivrig på Instagram om dagen,
så er du med der så kan du følga mitt høgst interessante
kvardagsliv der. Mitt brukernamn på Instagram er elinernes,
det var visst Eli og ikkje Frøken Fryd som heiv seg på
Instagram. Eg er totalt hekta også... Av og til er
det reine spam angrep frå elinernes.
Jada, neida, så...

Snakkes plutselig!

Og Mari Ann, kjekt å sjå deg i går!
Denne er til deg, sidan du etterlyste innlegg, hihi :-)




fredag 1. juni 2012

Bloggtreff hos KROnPRINSESSENE!




I går kveld var det bloggtreff hos May Helen med ein av verdas skjønnaste bloggar, KROnPRINSESSENE. Og antageligvis så er rogabloggerane verdas skjønnaste bloggerar også... 
sånn reint objektivt sett sjølvsagt {kremt}...

Me hadde det kjempe koselig, og det var veldig kjekt å sjå så mange nye ansikt.
Det heile starta heime hos KROnPRINSESSENE - og det må eg sei, der var det fint gitt!
Mange gode kaker var med, og snop og snisk og snask. Eg har ikkje bilde av ei
einaste kake, kun på netthinna og i form av kaloriar på Frøken Fryd kroppen.

Som alltid gjekk praten lett, og latteren satt laust. Humor er ein fin ting!
Etter eit par timar satte me oss i bilen til Martha i farta, eller, ikkje
alle då - men eg og Martha, Torbjørg og Helen - og så gjekk
turen til Sola og Thelma & Molli som hadde åpna butikken sin kun for oss.
Der var det mykje fint som fekk Fryd hjertet til å banka ekstra fort!











Dei hadde gjort det så fint i stand til oss, sjå så lekkert fruktfat, 
og flasker med Pink Lemonade til alle. 






Underveis vart alt vel dokumentert av dei ivrige bloggerane,
me er reine racerane på sosiale nettverk. Så alle fekk vera med, enten det var
digitalt eller in real life ;-) Instagraaaaaaam!
Sjå kor dei koser seg, fine jentene!






Alle hadde like sko...






Og nokon hadde tøffare jakke enn andre... Elsker denne!!






Nokre av dei finingane som var med...






Så blei me veldig kvessne på meir kake og snop og for heim til
May Helen igjen. Der vart det lotteri, og ALLE fekk i beste Kristian Valen stil.
Eg fekk ein skjønn liten skunk og ein foundation frå Lancôme,
gåvene var sponsa av desse gavmilde giverane:

Lamaze

Sylvanian
Lancôme
 
 
 Og plutselig så var klokka blitt longtpånatt og me måtte skunda oss heim.
Eg håper det ikkje er lenge att til neste gong me møtes.
Takk for meg, May Helen!