søndag 10. februar 2013

Om lysfontener og slikt...





Det å vera mor er ei magisk reise, alt i frå første anelse om at ein ber på eit nytt liv.
Born er som små lysfontener.
Dei sprer så mykje ubekymra glede og nyskjerrighet på livet.



 




Det som er så utrulig herlig med små born er at dei har følelsane utanpå.
Er dei glade så er det heilt tydelig.
Og er dei sinte så er det overhodet ingen tvil om det!

Jammen hadde det spart oss for mykje tolking og undring om me kunne tatt med oss dette inn i vaksen livet også.



 




I dag er det morsdag. Og lillebror har laga smykke til mamma.
Mimikken er eit eventyr på den guten...
For han er veldig stolt over å ha laga smykket heilt sjølv, og veldig spent på mamma sin reaksjon, samtidig som han sjølv vil skjula dette. Den kampen som foregår i ansiktet der er jo ein opplevelse av dei store, hehe.



 




Ikkje nok med at eg fekk eit flott smykke, møysommelig laga, pynta og pakka inn av verdas skjønnaste lillebror. Eg fekk også ein gnistrande flott bukett beståande av mine favoritt blomar, tulipanar, lyng og fjør.
Ei lysfontene den buketten der også. Og Herr Fryd hadde sjølvsagt fargekoordinert den med dei nye vårlysa som Frøken Fryd har pynta lysfatet med. Det vart berre heilt perfekt!



 




Frøken Fryd likar å samla dill dallet på fat, då er det så mykje lettare å rydda vekk eller til sides, og det er jo praktisk sidan me nyt alle måltid ved spisebordet. Me har ikkje plass til bord på kjøkkenet.

Om du har lyst å sjå fleire lysfat, så kan du klikka deg inn på Fabelaktigbloggen her.
Månadens utfordring hjå Maia er å visa kva me har på lysfatet.

Håper du har hatt ein gnistrande fin søndag!
For det har eg :-)





 

onsdag 6. februar 2013

Bonus!




Å starta dagen med besøk av ein seks dagar ung nevø er heilt fantastisk!
Ingenting er så nuuuudelig som ein liten bebis med gode bollekinn, som er så ny at han kryp saman som ei lita peanøtt, lager deilige små knirkelydar og spisser lippene. Ingenting duftar så godt som ein flunkande ny liten skjønnas, og ingenting er så mjukt og godt og uskuldig. Åh, det var nesten heilt umulig å gå på jobb...

Om ikkje den starten var nok, så var eg på spinning i dag, på Elixia, på St. Olav i Stavanger. Jada, eg veit at eg er ekstremt flink... Tilfeldighetane ville det slik at Janove Ottesen også skulle på Elixia, på St. Olav i Stavanger i dag. Håhåhåhåååå, han er ikkje vond å festa augene på han der Janove. Det einaste som kunne toppa det var om han også var på spinning. Men det at han gjekk forbi spinningsalen holdt i massevis det altså :-)

Ja, det var i grunn berre det eg ville melda i dag.
Skikkelig bonus dag!

Korleis har din dag vore?


 

tirsdag 5. februar 2013

Fjortis!

 
Via




Lurer du no på kva dette prikkete golvet har med ein fjortis å gjera?
Det skjønner eg godt. Svaret er; absolutt ingenting...
Kanskje er det sånn innsida av hovudet mitt ser ut etter eg har prøvd å snakka med fjortisen vår.
Visste du at fjortiser kommuniserer med grynt?

Vel, i dag er me offisielt foreldre til ein fjortis.
Jepp, storebror er 14 år i dag!
Oh dear...
Det fins fleire hormon i huset her no enn kaloriar ein laurdagskveld.
Storebror er blitt så høg at Frøken Fryd må senda han ned to trappetrinn når han skal få kjeft slik at Frøken Fryd fortsatt har følelsen av å ruva.

For 14 år sidan køyrde Herr Fryd og eg til føden, spente så det holdt. Skikkelig ut av kroppen opplevelse! Første gong, kva skjer, kor lang tid tar dette, kor vondt vil det gjera, kven kjem ut av meg?? Me høyrde på "Killing in the name of" med Rage Against the Machine i bilen, skikkelig romantisk... Vel, på spinning i dag spelte instruktøren akkurat denne songen, spinning var ikkje like vondt som ein fødsel, heldigvis.


 
 

 
 
 
Foran meg på spinning satt heldigvis ikkje fisedama...! Men ei dame som like godt kunne hatt spinningtime på stolen ovanfor her. Reine Brelett reklamen. Eg trur at eg forbrenner meir kaloriar i god stolen, med neven oppi ei godteskål, enn ho gjorde på Xycling Interval i dag... Det er direkte godt gjort!! Men for all del, det krever styrke å ikkje "go with the flow", eg har aldri sett nokon som ser ut som dei kjeder seg på ein spinning time, faktisk.
 
Anyway, denne Frøkna her er usedvanlig fornøyd med egen innsats, obviously, og jammen var det godt at kaloriane fekk fart på seg. Eg laga Oreo kake i helga, oh dear, det er altfor godt! Say no more... Har meldt meg på spinning i morgon også, og det er nok smart!
 
 
 

søndag 3. februar 2013

Perspektiv



Krøllete linduk med rusk... MEN fine blomar da.




Av og til er det tvingande nødvendig "å ta seg ei pære"...
Setta seg ned og setta ting i perspektiv.
Kva som utløyser denne nødvendigheten varierer for min del, men eg har hatt meg ei økt i toppetasjen, tydeligvis. I dag, på ein søndag for søren (!!!), vakna eg tidlig og fekk ikkje fred før eg satte meg ned for å få ut dette innlegget.

Me har ikkje eit stort og flott hus, me bur i ein tomannsbolig frå '70 talet, men det er vårt. Me har ikkje det nyaste nye på interiør fronten, ei heller på det tekniske, men me omgir oss med ting me er glade i. Det er sjølvsagt ikkje alltid at eg er like glad i den brune sofaen, med dei brune stolane som er såpass store at det blir vanskelig å ommøblera. Men dei er stein-gode å sitta i, og sofaen er god å sova middag i og egentlig så synest eg fortsatt at den er fin. På veggane våre har me ikkje dyr og uerstattelig kunst, men me har bileter som me likar å kvila augo på og me har bileter av dei me er glade i.

Eg har i fleire år rast rundt som eit uvær for å pynta og rydda og stæsja og vaska når det skal komma folk. Synest eg at det er kjekt å komma på besøk når vertinna heseblesande freser rundt i stova og rydder og unnskylder tingenes tilstand? Jada, så lenge eg er glad i vertinna så ;-) Men eg elsker å komma på besøk til folk som stig over dei tre jakkene som ungane har slengt frå seg i gongen, som inviterer meg med inn, set seg ned og pratar med meg. Det er herlig det! Eg elsker å tilbringa tid med dei som betyr noko for meg, og som er til stades i samtalen og ikkje mentalt på veg til neste stopp.









Og då kjem eg over på eit anna tema, dei som betyr noko for meg... Eg blir usikker av folk som eg ikkje heilt veit kvar eg har, som seier ein ting og gjer ein annan ting. Det gjer meg utrygg, og eg liker ikkje å vera utrygg. Eg vil ha ekte! Og eg prøver verkelig å vera ekte. Eg er meg, ler av og til veldig høgt, sikkert på feil plass til tider. Eg er rimelig ordinær å sjå til, litt overvektig, men prøver å gjera det beste utav det. Eg er ikkje lynande intelligent men får til å åpna dører og det hender faktisk at eg kan gjera to ting på ein gong. Men eg har ein kropp som virker, den lystrer signala hjernen min gir den, den er god å vera i og eg har mulighet til å endra det eg ikkje er fornøyd med, for så vidt. Den har bore fram og født to fantastisk born og gir meg lite trøbbel. Ok, den har gitt meg to depresjonar, men sjå det, eg kom sterkare ut på andre sida. Livet er ikkje rosenrødt, men det kan vera søren så godt å leva.




 

 
 
 
Det er mange arenaer å boltra seg i, eg har ikkje ein glamorøs jobb, men eg er omgitt av kollegaer som vil kvarandre vel, eg får utfordringar kvar dag og lærer nye ting. Av og til blir eg såpass utfordra at eg vaknar tidlig og har galloperande hjerte, men mestringa eg føler etterpå er fantastisk, og neste gong er det ikkje fullt så skummelt. Eg får verkelig brynt meg, og eg er stolt av jobben min!
 
Me har blogging, som er ein arena som har gitt meg mykje meir enn eg forutsåg, og som faktisk ikkje krever meir enn eg er villig til å gi. Her er det mykje varme, velvilje, omtanke og framsnakking, samtidig som eg ser at dette, for nokon, er ein arena for spel og sjølvhevding. I starten syntes eg at det var stas å få mange kommentarar, og det var kjekt å sjå at det kom nye følgjerar til. Men etter ei tid så kjenner eg at kvalitet framfor kvantitet er lett match. Det samme gjeld Instagram, kor mange følgjerar eg har er meg egentlig revnande likgyldig, så lenge dei som følgjer oppfører seg og ikkje legg att ondskapsfulle kommentarar. Sjølv følgjer eg dei som eg kjenner, som eg kanskje ikkje kan sjå daglig men via blogging, instagram og facebook så kan ein få glimt av kvardagen likevel og på denne måten vert me nære likevel. I tillegg så følgjer eg totalt framande, som har nydelige bileter eller som inspirerar meg på anna vis, via humor, varme for eksempel.
 
Eg kan ikkje definera meg sjølv utifrå kor mange, og kven, som følgjer meg på bloggen eller på Instagram. Det hadde vore totalt utmattande, sjølvutslettande og destruktivt. Men eg lener meg tilbake, tenker på familien min, både dei næraste og storfamilien, tenker på vennenne mine og føler meg rik altså. Eg har så mange fantastiske menneske rundt meg, og det gjer meg så varm om hjarta og glad! Det er desse fine menneska som hjelper meg til å vera meg, som gir meg tilbakemeldingar som er konstruktive og ærlige og varme.
 
Sånn, då har eg fått satt ting litt i perspektiv. Igjen. Og det vert sjølvsagt ikkje siste gong.