onsdag 6. juli 2011

Duft av sommar

Foto: Frøken Fryd


Lillebror og eg har vore på tur i fjøra i dag. Me er så heldige at me bur berre ein bitte liten rusletur frå sjøen. På veg til fjøra stoppa me og snusa inn deilige sommerdufter, og Frøken Fryd såg ein heil stabel med gamle euro paller som er herlig værbitte... Ein dag skal eg ta mot til meg og høyra om eigarane kunne tenka seg å kvitta seg med eit par, men det spørs om Herr Fryd er med på idèen. Kom ikkje på å ta bilde av dei, det får bli i neste vend.




Foto: Frøken Fryd


Lillebror hoppa og spratt med den største letthet frå stein til stein og fant den eine skatten etter den andre. Frøken Fryd snusa inn sjøduft og følte seg svært fornøyd med livet! Og jammen fant eg ikkje skatter eg også. Dei skjøraste fine små blomster som koser seg på svaberga.



Foto: Frøken Fryd


Det var varmt og godt i lufta, sola våga seg fram og me hadde ei herlig stund, lillebror og eg. Og jammen har dei ikkje lova enno betre vær i morgon. Fryder meg!



Foto: Frøken Fryd

2 kommentarer:

  1. SÅ flotte blomsterbilder :-)
    og så kjekt å bo nærmt sjøen :-)

    God sommer :-)

    SvarSlett
  2. Hei Eli :)
    Kom over bloggen din via en annen
    blogg og tenkte jeg skulle legge
    igjen et lite spor...
    La meg til som følger her hos deg,
    da jeg syns du har en koselig og
    variert blogg :) Ønsker deg en fin
    uke videre og sommer... Klem fra
    Mette :)

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!