mandag 27. august 2012

Frøken Fryd i København!

I skrivande stund befinn Frøken Fryd seg i København... Og at ho nyt livet er ingen overdrivelse! Det går i shopping, cafe liv, øl, middagar og sist men IKKJE minst sosialt samvære med veldig fine folk.

Sola skin for det meste, det har blitt ein del utepils for å seia det sånn :-) I dag satt tre små frøkner på Højbro Plass og meska seg med øl og snakka høgt og frydefult om at sannelig er livet godt, dåke...

Så kan eg ikkje seia anna enn at eg ser fram til Coldplay konserten i morgon og håper at dei som skulle finna vegen inn her har det strålande godt!

Biletet er tatt på Cafe Norden med mobil ja. Nettverket her me bur er i beste fall ustabilt, så spent på om dette innlegget i det heile tatt vert posta...


tirsdag 21. august 2012

Ung og sprek!

I går hadde Storebror Fryd sin første dag på ungdomsskulen... Rart det der korleis han har gått hen og blitt heile 13 år og ungdomsskuleelev medan Herr Fryd og eg ikkje har eldast eit år?

Vel, me føler oss uansett unge og hippe framleis. Me høyrer på P3 og MP3, likar kul musikk, og er generelt særs i tiden når det gjeld det aller aller meste... Jada, neida, så... eh...

Er du ung og hipp? Og når du plutselig vert aleine på kontoret og kan høyra på radio, kva kanal setter du på då?


lørdag 18. august 2012

Polarn O. Pyret





Liker dine born å vera med på shopping?
Det gjer ikkje mine... Ikkje eingong når det er til dei sjølv.
Eg kan ikkje forstå det?!? Shopping er jo drit gøy!
Vel, det passa veldig fint at me fekk tilbud om å testa ut
 nettbutikken til Polarn O. Pyret  no før skulestart.
Som dåke ser på Lillebror Fryd så er han 
svært fornøyd med å shoppa frå godstolen...
(Her iført sin nøye utvalgte cardigan).







Me har ikkje handla klede hjå Polarn O. Pyret før,
difor var me spente når me klikka oss inn, Lillebror Fryd og eg.
Og me likte det me såg! Det var mykje fine klede å velga mellom.
På bileta av Lillebror Fryd så ser dåke kva han likte best ;-)
Det var lett å finna fram på nettsida, og sjølve bestillinga
gjekk som ein lek. Det kan me lika!








Lillebror Fryd fekk velga sjølv, og er kjempe fornøyd!
Det var stor stas når me kunne henta pakken i posten i dag.
Ganske kjapt, me bestilte på onsdag, så me var litt spent på om den 
ville komma fram til mandag, som er første skuledag, men det gjorde den.
Her er fem tips til skulestart i frå Polarn O. Pyret :-)









Kvar handlar du til borna dine?
I butikk eller på nett?




fredag 17. august 2012

Mama goes Converse!

Dette er egentlig ein test, ein test på mobil blogging. Ja, og då tenkte eg at eg kan jo alltids benytte anledningen til å skryte litt av mine nye Converse sko, kjøpt med kjærleik i København. Mitt første par... Blir ikkje det siste, eg elsker dei!

Har du eit forhold til Converse?

Fine Vidunderleg har blogga om mobil / iPad blogging, det var her eg fant tips som gjorde at eg endelig fekk det til! Tusen takk, Vidunderleg :-)


Aks av gull!





I sommar har Familien Fryd vore i Danmark.
For første gong på Danmark ferie, me har vore tre gongar før, så hadde me fint ver.
Og herlighet så godt det er å vera norsk i Danmark...
Eg ELSKER Danmark!
Eg er stort fasinert av naturen i Danmark.
Dei store, nydelige jorda med aks av gull.







Grøftekantar med dei blåaste blå av kornblomster og nydelige valmuer.
Fantastisk! Eg kommenterte dette når me køyrde forbi eine dagen.
Dagen etterpå stoppa Herr Fryd bilen, heilt uoppfordra, og spurte om eg skulle ta bilete.
Og det gjorde eg såklart. Herr Fryd prøvde å snik fotografera meg der eg smøyg rundt i grøftekanten med mobilen og skulle foreviga blomster fryden, med ein litt kranglete vind som motarbeida meg.
Heldigvis så var det berre på liksom, at han tok bilde altså...

Ein av mine favoritt songar då eg var ei ung Frøken Fryd var "Fields of Gold" med Sting.
Og når eg ser desse bileta så minner dei meg om ein nydelig norsk versjon av denne, av Kjell Inge Torgersen med nettopp tittelen Aks av gull. Til å få fred i hjertet av...

Nyt!









tirsdag 14. august 2012

Hello Titty!



No er ferien over for Familien Fryd.
Me har hatt fint vær sidan me kom heim i frå Danmarksturen vår,
og har stort sett vore på terrassen.
I frå terrassen så har me utsikt til naboane våre.
Av og til ser me meir enn me hadde forventa.
Eller naboane viser meir enn me vil sjå...

Den eine naboen vår er no døypt om til Hello Titty!
Ho er slik delvis naturist, trur eg... Kun om ettermiddagen om kvelden.
Då er det trusa som gjeld.
Ho har store vindu, og stor, litt sånn tønneforma kropp...

Det er ei stund sidan me første gong oppdaga at me hadde ein Hello Titty nabo.
Faktisk var det Storebror Fryd som først vart ufrivillig vitne til dette.
Han kunne melda at Hello Titty har: "di laaaaange puppene, hu e' så ekkel...øøøh!"
No har Storebror Fryd teflon blikk når det gjeld Hello Titty...
No har ho tatt heilt av...(alt bortsett frå trusa ja) og kvar ettermiddag så lufter ho trusene sine.
Vandrer rundt omkring bak panorama vindauga sine.
Vatnar blomar, ser på tv, klør seg i hekken... ja... stort sett slik som me andre held på, berre ein smule friare.
Ho har heldigvis ikkje kaktusar, med tanke på sidden på puppestellet.







Eg trur egentlig at ho har litt lyst på Herr Fryd.
Og at dette er ein veldig lite diskret måte å visa dette på.
Mulig at eg bør ta opp utfordringa der, eller...

Heldigvis så har me heilt normale naboar også, i stort fleirtal faktisk.
Nokon av dei er faktisk over normalt kjekke. Skikkelig kjekke, også!
Den nydelige buketten dåke ser på bordet har eg fått av ein av desse kjekke naboane.
Meget elskbart å få nydelige, vel-duftande sommarbukettar levert på døra med eit smil.

Korleis er dine naboar?
Sånn egentlig??



fredag 3. august 2012

Andre muffins!




"Haha! Nå ska' det bli andre muffins!"
lo Lillebror Fryd rått,
medan han gnei seg i nevane og grusa Herr Fryd i Risk på iPad'en.







Og med det utsagnet, og desse bileta så vil eg tipsa dåke om andre muffins, eller andre boller om du vil...
Nemelig Vaniljesnipper! Desse vart eg tipsa om inne på bloggen til Fargebarn, eller var det på Instagram? Finaste Fargebarn hadde i alle fall baka og det såg så inderlig godt ut. Oppskrifta er Kaspara si, og eg fekk link av Fargebarn, du finn den her.

Deigen var heilt fantastisk å jobba med. Og det gjekk veldig kjapt og greit, lite elting og knaing.

Og det smakte veldig godt! Det gav meg faktisk ekstra kred og mamas poeng, og det liker me jo.

Så om du har ein regnværsdag, do it!

:-)