mandag 25. juli 2011

Kvist og Kvast på Stord





På Stord finst det ei perle av ein butikk, butikken eg berre MÅ innom når eg på sommarøya, uavhengig om eg treng noko eller ikkje. Butikken heiter Kvist og Kvast. Det er slett ikkje alltid at eg handler noko, men når eg kjem ut er eg I N S P I R E R T big time!!











Alt er så delikat og kreativt laga til hos Kvist og Kvast. Perfekt gjennomført ned til den minste detalj. Å gå derifrå med ein liten skatt betyr at du har også fått med det lille ekstra med fin innpakning. Her snakkar me ikkje glansa og glorete papir, neida. Knitrande fin papirpose, ullgarn, handlaga merkelappar.















Naturmaterialer er i sentrum hos Kvist og Kvast. Heile konseptet deira er eit eldorado for alle som er hekta på dette, i tillegg til diverse interiør materialer sel dei også garn, hagerelaterte produkt og blomar. Dei vart kåra til månadens forhandlar på bloggen til Du store Alpakka.











Kvist og Kvast arrangerar også diverse kurs der du sjølv kan læra pilefletting, krusedullfletting, hjertefletting og levande pil.



Bilde lånt frå Kvist og Kvast si facebook side.







Er du på Stord så anbefaler eg på det varmaste eit besøk på Kvist og Kvast om ikkje anna så berre for å snusa inn den gode atmosfæren, kjenna på roen som i alle fall eg får når eg går inn der og ser kor mykje fint dei har laga av naturmaterialer, sjå på alle dei finne stilleben som står rundt omkring i butikken.






Du finn dei i Torgbakken 11. Kosa deg!













Sommarferieklem frå Eli

2 kommentarer:

  1. Hei Eli, så kjekt at eg pluteselig "datt" innom bloggen din. Kjempemasse kjekke innlegg. Kjem nok til å følge med deg no framover.
    Helsing Trude

    SvarSlett
  2. Så kjekt, Trude! Tusen takk :)

    Eli

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!