lørdag 2. juli 2011

Ferieminner


Mrs Hardy på denne flotte bloggen har ein flott konkurranse på bloggen sin der 5 heldige vinnerar kan vinna 3 flotte LEGO Games brettspel :) Det einaste du treng gjera er å senda inn ditt beste ferieminne, enten det er eit bilde eller ein historie. Har du blogg så poster du svaret på bloggen din og legg linken i kommentarfeltet hos Mrs Hardy.

Eg anbefaler uansett ein tur inn til Mrs Hardy, det er ein kjempe kjekke blogg altså.

Dette er frå 2009, foto Frøken Fryd & familie
Så no tenkte eg å dela litt ferieminner med dåke frå når heile familien reiste til Grand Canaria og stor-kosa oss. Me var så heldige å få reisa to år på rad, og kva for eit år det var kjekkast det kan eg ikkje sei altså... Men andre året så visste me jo litt meir kvar det var greit å vera :)

Puerto Mogan, foto Frøken Fryd
Me budde i Tauro dalen og brukte mest tid på Amadores stranda, men me reiste også maaange gonger inn til Puerto Mogan, ein nydelig liten fiske landsby, som ein liten Kardemomme by med kvite mur hus, palmer og masse masse blomster. Kvar fredag har dei marked og då er der hundrevis av små boder der dei sel alt frå heimelaga smykke til dei typiske pirat kopierte designer veskene. Du finn litt informasjon om Puerto Mogan her.


Ellers kosa me oss maks med lange frukostar og late dagar på stranda - nydelige solnedgongar og kvarandres selskap.

Foto: Frøken Fryd
Me hadde leiebil, og det var veldig praktisk då me budde eit stykke frå stranda, og så er det jo alltid kjekt å få køyra litt rundt og sjå nærare på staden du besøker.

Foto: Frøken Fryd

No er me så kjempe heldige at me skal tilbake i februar 2012, då blir min kjære pappa 65 år og har altså spandert reise på heile familien, så då reiser me 8 stykker, det er virkelig ei gulrot på slike grå dagar som denne laurdagen har utvikla seg til. Men dagen i dag starta framifrå då, med nærare 20 grader og sol, så eg har fått klipt begge plenane så svetten rant og eg har lagt strekk ut på terrassen og slurpa i meg D vitaminer ;)

Ha ei fortsatt god helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!