fredag 29. juli 2011

Hope




Ei veke sidan i dag... Eg ber med stolthet og varme det flotte "hope" armbåndet som Cherry Blossom har laga 101 stk av og sendt rundtom i verda, eit symbol om håp og til ettertanke for det utenkelege som ramma oss, for fantastisk initiativ!







Kjenner at eg er stolt av å vera norsk, for ein varme og kjærleik dette landet har mobilisert i denne uverkelege veka som har gått. Eg har godt håp om at me alle kjem styrka ut av dette og gjentar sitatet frå den unge jenta som overlevde Utøya:



"Dersom ein mann kan visa så mykje hat,
tenk kor mykje kjærleik alle me kan visa saman".
 AUF'er og overlevande frå Utøya




Varm klem frå Eli

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!