onsdag 27. juli 2011

Frøken Fryd hos Frk Lande





Frøken Fryd E L S K E R å gå innom Frk Lande, ein nydelig skjønn liten butikk som held til på Bytunet på sommarøya Stord.






Frk Lande har ein lys og landlig stil og fører for det meste interiør, men også smykker og klede frå Kristine Vikse.













Alle desse bilda er frå inngongspartiet, er du frista til å gå inn, eller?? Berre sjå den nydelige gamle grå døra... Kom skal me ta ein kikk ;)










Som eg tidligare har "avslørt" så er eg usedvanlig begeistra for Tine K sitt design, og jammen hadde dei ikkje begynt å føra det hos Frk Lande, så blei det ein enno betre opplevelse å gå innom. I eit seinare innlegg skal eg visa kva som fekk vera med meg heim.










Det var litt mykje folk i butikken då eg skulle knipsa bilder, og sidan eg er litt fersk i gamet som blogger så blir eg flau når eg tar bilder... Bileta under her har eg lånt i frå Frk Lande si facebookside. Utstillingsvindauga er alltid innbydande og disken er heilt skjønn, den har eg diverre ikkje bilete av. Men om du ikkje har sett den i frå før så bør du innom og ta ein kikk ;)



 
Foto: Frk Lande




Foto: Frk Lande




Akkurat som hos Kvist og Kvast så er du sikra delikat innpakking på skattar som får vera med heim. Det lille ekstra. Jentene hos Frk Lande er så skjønne og imøtekommande, alltid blide og hjelpsomme, her er du sikra god service.

No er me på Stord igjen, eg ser ikkje vekk i frå at eg smett innom Frk Lande minst ein gong ;) Gleder meg alt!


Klem klem :)

2 kommentarer:

  1. Skjønner godt at du liker disse butikkene du har vist bilder fra! Herfra hadde nok også jeg gått ut med litt tynnere lommebok ;) Ha en fortsatt strålende torsdag! Her skinner solen :) Klemmer

    SvarSlett
  2. Nydelig! <3 ;) Mvh Kristine K.

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!