søndag 31. juli 2011

Heime ferie





I år har me hatt "heime ferie", dvs at ingen syden turar er booka og ingen planar vart lagd før sommaren... Herlig! Tre vid-åpne veker venta på oss, med blanke ark...

No har det jo blitt litt småturer på oss, som til naustet og ein tur til Stord og til Bergen, men når ein bur i Stavanger så treng ein jammen ikkje reisa vekk for å oppleva ting :) Me har mai-jazz, me har beach vollebyall, GladMat og Tall Ship Race, og Stavangerfolket er flinke til å stilla opp! Berre sjå folkehavet på biletet ovanfor!







Foto: Frøken Fryd




Denne helga har det vore Tall Ship Race og no er me nett komt heim etter å ha vinka avgårde alle dei flotte skutene som har budd i Vågen, det har vore eit fabelaktig skue og skikkelig liv i byen :) Statsraad Lemkuhl som dåke ser bilete av over her har flotte utskjæringar, nokre av desse har onkelen til mamma stått for.


Foto: Frøken Fryd




På torsdag var eg og Herr Fryd i byen i lag med brødrene mine og kosa oss. Me nøyt god mat og god drikke i supert vær. Storm Weather Shanty Choir frå Stord stod for underhaldning på scenen og det var topp stemning.















Det var utrulig mange flotte skuter, til og med ei "sjørøverskute"... Dei låg fortøyd lagvis langsmed heile Vågen, heile 70 til saman! Det var utrulig liv i dag når dei skulle vidare frå Stavanger. Som perler på ei snor reiste dei avgårde, og hundervis av småbåtar såg dei vel avgårde.







I forrige veke hadde me ein liten tur til Bergen i lag med farmor og farfar. Etter å ha budd to år i Bergen som student så føler eg meg veldig heime der, men eg og Herr Fryd fant ut at det var skrekkelig lenge sidan me hadde vandra i gatene der. Me hadde ein flott dag saman med gutane og farmor og farfar, me starta i Akvariet og så rusla me rundt i byen, åt god mat og kosa oss i lag, været var heilt supert! Eg tok ikkje nåke særlig bilder, berre nøyt dagen, men eit lite bilde frå Bryggen i Bergen må få vera med, syntes det var så fint.







Og så må eg berre dela med dåke ei flott oppleving eg hadde under GladMaten her i Stavanger, nemelig Extreme Dinners med Kjartan Kjetland og crewet hans.







Me satt i ei stor seng, rundt eit fat, og vart mata for hand (!) heile 15 rettar... Riktignok var ein rett ei spiseskei, men det var for min del ei kulinarisk oppleving. Utvalgte vinar fulgte med. Det var heller ikkje feil å bli mata av ein flott ung mann ;) For å vera heilt ærlig føltes det litt kleint til å begynna med, men me kom fort inn i det... Dei hadde pynta med fine stoff i taket og marrokanske lykter.







Ja... det var vår heime ferie så langt, me har heldigvis enno ei veke til og kosa oss på :) Kva har du gjort på i ferien?
 
I morgon tenkte eg forresten å gi dåke ein sneak peak frå gongen.


Klem Eli

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!