søndag 31. juli 2011

Det å seia "nei"





Kvifor er det så vanskelig å seia nei? 

Me har hatt besøk sidan torsdag, og no vil eldstemann ha overnatting av to kompiser i natt, overnatting nummer trehundretusen-nihundreognittini denne sommaren, og me sa "nei". Aner ikkje kor mange laken og dyne/putetrekk som er blitt vaska til saman, det er ikkje få... Men å akseptera ett nei er visst like vanskelig som å faktisk seia det. 

EldsteFryd: "Plis då, begge to fekk lov"
 Mamma Fryd: "Nei, venta nokon dagar no"
EldsteFryd: "Me ska che bråka eller någe"
Mamma Fryd: "Nei"

Og så sitter eg her med den dårlige samvittgheten... Kunne ikkje han berre få ha overnatting da? Kvifor måtte eg skuffa han og seia nei? Jo, fordi no er det godt å vera aleine, berre oss... Me har vore sosiale i to strake veker no, hatt folk rundt oss 24/7 og det er kjempe kjekt! Men no er det berre oss, og me nyter stillhet og ro og det å ikkje skulle vera vertskap. Sånn skal me ha det nokre dagar no, nemlig!







Men fysj så dårlig samvittighet, må rettferdiggjera valget for meg sjølv, dobbelsjekka at eg virkelig måtte seia nei, vera 100% sikker på at det var verdt risikoen å bli upopulær, være "vanskelig". Og det gjeld egentlig ikkje berre til småting til ungane, men det å seia nei generelt. 

Det er SÅ vanskelig å seia nei... Synst ikkje du?

Om du lurer på kva desse bildene har med det å seia nei så er svaret ingenting... Synst berre dei er fine ;)


Klem Eli

Heime ferie





I år har me hatt "heime ferie", dvs at ingen syden turar er booka og ingen planar vart lagd før sommaren... Herlig! Tre vid-åpne veker venta på oss, med blanke ark...

No har det jo blitt litt småturer på oss, som til naustet og ein tur til Stord og til Bergen, men når ein bur i Stavanger så treng ein jammen ikkje reisa vekk for å oppleva ting :) Me har mai-jazz, me har beach vollebyall, GladMat og Tall Ship Race, og Stavangerfolket er flinke til å stilla opp! Berre sjå folkehavet på biletet ovanfor!







Foto: Frøken Fryd




Denne helga har det vore Tall Ship Race og no er me nett komt heim etter å ha vinka avgårde alle dei flotte skutene som har budd i Vågen, det har vore eit fabelaktig skue og skikkelig liv i byen :) Statsraad Lemkuhl som dåke ser bilete av over her har flotte utskjæringar, nokre av desse har onkelen til mamma stått for.


Foto: Frøken Fryd




På torsdag var eg og Herr Fryd i byen i lag med brødrene mine og kosa oss. Me nøyt god mat og god drikke i supert vær. Storm Weather Shanty Choir frå Stord stod for underhaldning på scenen og det var topp stemning.















Det var utrulig mange flotte skuter, til og med ei "sjørøverskute"... Dei låg fortøyd lagvis langsmed heile Vågen, heile 70 til saman! Det var utrulig liv i dag når dei skulle vidare frå Stavanger. Som perler på ei snor reiste dei avgårde, og hundervis av småbåtar såg dei vel avgårde.







I forrige veke hadde me ein liten tur til Bergen i lag med farmor og farfar. Etter å ha budd to år i Bergen som student så føler eg meg veldig heime der, men eg og Herr Fryd fant ut at det var skrekkelig lenge sidan me hadde vandra i gatene der. Me hadde ein flott dag saman med gutane og farmor og farfar, me starta i Akvariet og så rusla me rundt i byen, åt god mat og kosa oss i lag, været var heilt supert! Eg tok ikkje nåke særlig bilder, berre nøyt dagen, men eit lite bilde frå Bryggen i Bergen må få vera med, syntes det var så fint.







Og så må eg berre dela med dåke ei flott oppleving eg hadde under GladMaten her i Stavanger, nemelig Extreme Dinners med Kjartan Kjetland og crewet hans.







Me satt i ei stor seng, rundt eit fat, og vart mata for hand (!) heile 15 rettar... Riktignok var ein rett ei spiseskei, men det var for min del ei kulinarisk oppleving. Utvalgte vinar fulgte med. Det var heller ikkje feil å bli mata av ein flott ung mann ;) For å vera heilt ærlig føltes det litt kleint til å begynna med, men me kom fort inn i det... Dei hadde pynta med fine stoff i taket og marrokanske lykter.







Ja... det var vår heime ferie så langt, me har heldigvis enno ei veke til og kosa oss på :) Kva har du gjort på i ferien?
 
I morgon tenkte eg forresten å gi dåke ein sneak peak frå gongen.


Klem Eli

fredag 29. juli 2011

Hope




Ei veke sidan i dag... Eg ber med stolthet og varme det flotte "hope" armbåndet som Cherry Blossom har laga 101 stk av og sendt rundtom i verda, eit symbol om håp og til ettertanke for det utenkelege som ramma oss, for fantastisk initiativ!







Kjenner at eg er stolt av å vera norsk, for ein varme og kjærleik dette landet har mobilisert i denne uverkelege veka som har gått. Eg har godt håp om at me alle kjem styrka ut av dette og gjentar sitatet frå den unge jenta som overlevde Utøya:



"Dersom ein mann kan visa så mykje hat,
tenk kor mykje kjærleik alle me kan visa saman".
 AUF'er og overlevande frå Utøya




Varm klem frå Eli

Sommarøya snop




Berre eit kjapt lite innlegg for å visa kva eg snopa med meg frå Frk Lande ;)







Og så måtte eg jo snopa med meg nokre snacksy sandalar...








Kjøkken handkledet er forresten i frå Krasilnikoff og kanon tøft. Og keramikken er Tine K. Sandalane er Roots og rett og slett behagelige å gå i. Får god oversikt ;)





I dag var eg ein snartur innom Kvist og Kvast og fant masse kjekke ting til gongen før me satte nasen attende mot Stavanger, I like! No har Familien Fryd vore mykje på tur, så der er fortsatt nokre veggar som lyt malast, men når det er gjort så kjem der sjølvsagt eit innlegg som viser det ferdige restultatet :) Keramikken over her er alt på plass i gongen, og eg må innrømma at det første eg gjorde når eg kom heim var å setta på plass snopet i frå Kvist og Kvast også, så det tidligare vindfanget er eg godt nøgd med no.

Denne helga er det Tall Ship Race her i Stavanger, og Frøken Fryd og Herr Fryd har hatt ein fin-fin tur på byen i lag med onkel H og onkel O, det blir vel eit seinare innlegg det også ;) I morgon kveld skal me i 30 års dag til vårt skjønne søskenbarn som har denne skjønne bloggen. Det vert ein kveld i familiens tegn, der me deltar alle i frå yngstemann som er 17 til eldstemann som er 85, det vert nok ein koselig kveld!

Klem Eli

onsdag 27. juli 2011

Frøken Fryd hos Frk Lande





Frøken Fryd E L S K E R å gå innom Frk Lande, ein nydelig skjønn liten butikk som held til på Bytunet på sommarøya Stord.






Frk Lande har ein lys og landlig stil og fører for det meste interiør, men også smykker og klede frå Kristine Vikse.













Alle desse bilda er frå inngongspartiet, er du frista til å gå inn, eller?? Berre sjå den nydelige gamle grå døra... Kom skal me ta ein kikk ;)










Som eg tidligare har "avslørt" så er eg usedvanlig begeistra for Tine K sitt design, og jammen hadde dei ikkje begynt å føra det hos Frk Lande, så blei det ein enno betre opplevelse å gå innom. I eit seinare innlegg skal eg visa kva som fekk vera med meg heim.










Det var litt mykje folk i butikken då eg skulle knipsa bilder, og sidan eg er litt fersk i gamet som blogger så blir eg flau når eg tar bilder... Bileta under her har eg lånt i frå Frk Lande si facebookside. Utstillingsvindauga er alltid innbydande og disken er heilt skjønn, den har eg diverre ikkje bilete av. Men om du ikkje har sett den i frå før så bør du innom og ta ein kikk ;)



 
Foto: Frk Lande




Foto: Frk Lande




Akkurat som hos Kvist og Kvast så er du sikra delikat innpakking på skattar som får vera med heim. Det lille ekstra. Jentene hos Frk Lande er så skjønne og imøtekommande, alltid blide og hjelpsomme, her er du sikra god service.

No er me på Stord igjen, eg ser ikkje vekk i frå at eg smett innom Frk Lande minst ein gong ;) Gleder meg alt!


Klem klem :)

mandag 25. juli 2011

Til Ungdommen

Wallpaperstock.net

Til Ungdommen


Kringsatt av fiender,gå              Ubygde kraftverker,
inn i din tid!                       ukente stjerner-
Under en blodig storm-               skap dem,med skånet livs
vi dig til strid!                    dristige hjerner!

Kanskje spør du i angst,             Edelt er mennesket,
udekket,åpen:                        jorden er rik!
hvad skal jeg kjempe med,            Finnes her nød og sult
hvad er mitt våpen?                  skyldes det svik.
                               
Her er ditt vern mot vold,           Knus det!I livets navn
her er ditt sverd:                   skal urett falle.
troen på livet vårt,                 Solskinn og brød og ånd
menneskets verd.                     eies av alle.

For all vår fremtids skyld,          Da synker våpnene
søk det og dyrk det,                 maktesløs ned!
dø om du må-men:                     Skaper vi menneskeverd
øk det og styrk det!                 skaper vi fred.

Stilt går granatenes                 Den som med høire arm
glidende bånd.                       bærer en byrde,
Stans deres drift mot død,           dyr og umistelig,
stans dem med ånd!                   kan ikke myrde.

Krig er forakt for liv.              Dette er løftet vårt
Fred er å skape.                     fra bror til bror:
Kast dine krefter inn:               vi vil bli gode mot
døden skal tape!                     menneskenes jord.

Elsk-og berik med drøm-              Vi vil ta vare på
alt stort som var!                   skjønnheten varmen-
Gå mot det ukjente,                  som om vi bar et barn
fravrist det svar.                   varsomt på armen!


Fra samlede dikt 1966
Nordahl Grieg




Google.com




Dette flotte diktet av Nordahl Grieg vart eg tipsa om av mi flotte svigerinne, Evy.

Kvist og Kvast på Stord





På Stord finst det ei perle av ein butikk, butikken eg berre MÅ innom når eg på sommarøya, uavhengig om eg treng noko eller ikkje. Butikken heiter Kvist og Kvast. Det er slett ikkje alltid at eg handler noko, men når eg kjem ut er eg I N S P I R E R T big time!!











Alt er så delikat og kreativt laga til hos Kvist og Kvast. Perfekt gjennomført ned til den minste detalj. Å gå derifrå med ein liten skatt betyr at du har også fått med det lille ekstra med fin innpakning. Her snakkar me ikkje glansa og glorete papir, neida. Knitrande fin papirpose, ullgarn, handlaga merkelappar.















Naturmaterialer er i sentrum hos Kvist og Kvast. Heile konseptet deira er eit eldorado for alle som er hekta på dette, i tillegg til diverse interiør materialer sel dei også garn, hagerelaterte produkt og blomar. Dei vart kåra til månadens forhandlar på bloggen til Du store Alpakka.











Kvist og Kvast arrangerar også diverse kurs der du sjølv kan læra pilefletting, krusedullfletting, hjertefletting og levande pil.



Bilde lånt frå Kvist og Kvast si facebook side.







Er du på Stord så anbefaler eg på det varmaste eit besøk på Kvist og Kvast om ikkje anna så berre for å snusa inn den gode atmosfæren, kjenna på roen som i alle fall eg får når eg går inn der og ser kor mykje fint dei har laga av naturmaterialer, sjå på alle dei finne stilleben som står rundt omkring i butikken.






Du finn dei i Torgbakken 11. Kosa deg!













Sommarferieklem frå Eli

søndag 24. juli 2011

Uverkelege dagar





Det er uverkelege dagar. Ufattelig vondskap har utspelt seg fritt og tilbake står ei heil verd i undring, korleis er dette mogleg? Og likevel så går livet vidare... 

Me har ikkje mista nokon av våre næraste i denne tragedia, men nyhetene har stått på nærast heile døgeret og det er vanskelig å fatta og absorbera at slike meiningslause og grufulle handlingar har funne stad i vårt trygge, demokratiske, varme, inkluderande, solidariske og gjestfrie lille land. Og sjølvsagt tenker me mykje på dei som står att, traumatiserte, såra i sinn og skinn, dei som har mista nære og kjære og som må finna ein måte å leva vidare på etter dette.




Foto: Herr Fryd






Ungane undrar seg over kva som skjer, dei får med seg nyhetane, ser at me vaksne er prega av sorg og alvor. Me har prøvd å forklara, men det er ikkje så godt når me sjølv ikkje forstår. Me har også gjort "vanlige" ting, livet stoppar ikkje opp. Me har hatt besøk av familie og det var veldig godt akkurat denne helga, så får me snakka, delt tankar, prøvd å fatte... Fiona på 12 veker var også med på besøk, ei lita puse-frøken som er heilt uberørt, som hoppar og sprett, spring, snusar, søv, vaskar seg, spis, jaktar innsekt og ting som me andre ikkje kan sjå. Det har vore ei herlig avledning og gitt mykje kos. I går kveld var det ein mild og god sommarkveld, me satt ute på terrassen med tente lys og lykter til longt på natt, grilla marshmellows og hadde gode samtalar. Var glade for å ha kvarandre.



Foto: Google.com




Talane me har sett i dag har vore sterke og flotte, og det er djupt rørande å sjå kor mykje varme og kjærleik Noregs befolkning viser, og ikkje minst resten av verda også. Det vert tunge og vansklege dagar framover for vårt lille land.


Varme klemmar, Eli



PS! Ei lita oppdatering på korleis snakka med borna om desse grufulle handlingane, du finn heile artikkelen frå barneombudet.no her eg har kun tatt med tommelfingerreglane.



  • Vær åpen for barns spørsmål om hva som har skjedd. Det kan være om hvem som kan ha begått en slik grusom handling og hvorfor de gjorde det, og hvilke konsekvenser hendelsen kan få.
  • Svar ærlig og sannferdig på spørsmålene, men på en måte som er tilpasset barnets alder. Konsentrer svarene om det barnet faktisk spør om. Ikke si ting som er usant for å skjerme barnet, men det er ikke alltid nødvendig å fortelle alt. Det kan være aktuelt og skjerme barn mot sterke bilder i mediene for å motvirke at barn mottar inntrykk de ikke klarer å bearbeide.
  • Vær oppmerksom på barnas følelsesmessige reaksjoner. De kan bli redde, engstelige, sinte eller triste, og da er det viktig for dem at de voksne forstår hvordan de har det. Unngå å spørre barn om hva de føler. Si heller noe om at du synes barnet virker trist eller engstelig hvis du faktisk synes det, eller snakk litt generelt om hvordan det er naturlig å reagere på en slik hendelse. La dem få anledning til å fortelle om sine føleser hvis de vil, men prøv å unngå å gi dem inntrykk av at de skulle følt mer enn de gjør.
  • Jo nærmere barnet står de som er rammet, jo mer sannsynlig er det at de har behov for snakke om det. Barn må også få lov til å føle at en dramatisk hendelse ikke angår dem så mye, dersom de ikke kjente noen av de som er berørt.
  • Barn snakker gjerne om slikt i små porsjoner av gangen. Så tar de kanskje det de har fått vite med seg i leken sin og bearbeider det videre gjennom der. Lek fungerer for barn som språk gjør for voksne. Det er et redskap for å bearbeide og mestre erfaringer. Det er altså ikke noe å bekymre seg over i utgangspunktet at de dramatiske hendelsen dukker opp i barns lek. Tvert i mot, dette er sunt og naturlig.

Håp




Sjølv har eg vore sørgelig tom for ord desse siste dagane, men fant dette flotte sitatet inne hos FruFly og vil gjerne dela dette med dåke:


"Dersom ein mann kan visa så mykje hat,
tenk kor mykje kjærleik alle me kan visa saman".
 AUF'er og overlevande frå Utøya 




onsdag 20. juli 2011

Naustglimt II





I dag har me vore innom mange værtyper på naustet, det har vore sol, det har vore overskya, det har regna, det har blåst og vore vindstille - og det heile skifta i eit relativt kjapt tempo... Men vart me motlause for det? Neida!! Ein lyt berre vera oppmerksom og handlekraftig når sola først er til stades. Frøken Fryd og mammo har vore på bryggekanten med kvitvin og moreller og druer, nett då var det sol... Og mammo blei veldig glad for Green Gate skålene :)







I morgon vurderer Frøken Fryd og mammo å ta turen til to kjekke butikkar som heiter Frk Lande og Kvist & Kvast. I så fall så skal dåke få ein liten sneak peak etterpå :)





No er det kortspel på gang her, eg tenker å grusa Herr Fryd og onkel H i "Idiot". Buuuhja!


Klem Eli