tirsdag 5. juli 2011

Lilla lekkerbisken

Foto: Frøken Fryd

Eg har fått dilla på lilla... Har i mange mange år hatt grønt som kontrast farge i stova, og overalt ellers, men i vår vart det plutselig lilla. Så no er dei grønne pynteputene, som eg fortsatt liker veldig godt egentlig, pakka vekk for ei stund. Og det passer fint med lilla puter til kontrast veggen vår, den skulle etter planen vore litt meir sjokoladebrun, men har mykje lilla i seg... Eg synst det er fint, men Herr Fryd var ganske skuffa når han var ferdig å mala (men ikkje nok til at me har mala om att).

Foto: Frøken Fryd

I dag har eg vore i grøfta nedanfor hagen og plukka "ugras", lurer på om det er Hundekjeks dei heiter desse, og dei er jo så søte. Dei pynter fint opp på bordet inne i stova.

Foto: Frøken Fryd

Og på søndag fekk eg nydelig pioner hos svigermor - dei rett og slett dufter sommar - herlig, og så er dei jo berre nydelige...

Foto: Frøken Fryd

Mange av putene har eg snopa meg på Kremmerhuset, dei er i 100% lin og så mjuke og gode. Ei kjøpte eg på Living og ei er frå Bloomingville (den med "bestemor ruter") og kjøpt på ein butikk på Sola som eg ikkje husker namnet på. Men der var mykje kjekke ting der, kanskje litt for søtt for meg, men mykje bra - absolutt :) Dit skal eg gå att, mange fine tunikaer blandt anna.

Foto: Frøken Fryd

Foto: Frøken Fryd

Har du dilla på lilla?

Foto: Frøken Fryd

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!