onsdag 13. juli 2011

Tine K Home



dette innlegget skreiv eg at eg skulle visa kva eg hadde snopa med meg for nåke fint i frå Bohemia på Sola, så her kjem det ;) Eg har kjøpt meg ny lampeskjerm, og eg synest den er kjempe fin! Den er i fargen "kit" og det var ikkje akkurat den eg såg etter, men no er eg veldig fornøyd med at det vart akkurat denne som vart med heim.




Eg har vel tidligare ymta frampå at eg er usedvanlig begeistra for Tine K sin design, og eg skulle gjerne innreia nesten heile huset med dingser og duppeditter fra Tine K... Men ein lyt vel bremsa litt, eller? Dei små fasett slipte telys halderane har eg derimot ikkje bremsa på, eg ville ha ein i kvar farge - så sånn blei det.


Tine K


Og har dåke sett strandveskene frå Tine K? Inne på Cornelias Hus er det bloggkonkurranse denne veka, fram til 16. juli og premien er nettopp ei lekker Tine K strandveske.




Den stripete mugga i keramikk er også Tine K og fylt med blomar frå hagen og nokre stakkars små tustar som stod att på blomsterenga nedanfor oss. Trur du ikkje dei hadde vore og slått graset der? Sett så ufint...  Nett når eg skulle skifta ut "blomstereng" buketten min. Jaja, jammen godt ein kan henta inn frå eigen hage då. Den flotte klokka dåke ser har Herr Fryd arva etter sin far, som har arva den etter sin far, som har arva den etter sin far - litt sånn syvende far i huset her ;) Men me har rekna ut at den er frå ca. 1890 talet ein gong, Herr Fryd sin tippoldefar fekk den til sin konfirmasjon og den er jo berre nydelig.







Visste du forresten av Tine K har komt med blogg no? Den er ganske ny, og du finn den her, enjoy :)




Om du lurer på kor mange bilder ein kan visa av ein og samme ting i forskjellige vinklar, så er svaret; ganske mange ;)




No har me jobba litt ute i hagen, Herr Fryd har klipt plenen og gått til brutalt angrep på nokre stikkete og fæle buskar og eg har luka litt i verandakasser og bed. Så no sitt eg her i sola, med dufta av nyslått gras og nyter livet nåke skikkelig og høyrer "The Story" med Brandi Carlile i bakgrunnen.




Me er lova fint vær dei næraste dagane og det er så godt å tenke på :) Elsker sommaren!

Ha ein nydelig juli-kveld.

Klem Eli

3 kommentarer:

  1. Hej och tack för din fina kommentar i min blogg! Härlig blogg du har själv!! Mycket bra!
    Jag såg de fina smyckena du hade lagat, finns det någon möjlighet att få köpa ett? Jag skulle så gärna vilja ha Peacemärket med en lädersnor. Du kan kanske maila mig ett svar på

    helena_kohl@hotmail.com

    Självklart visar jag det i min blogg om du vill sälja fler!

    Kram Helena

    SvarSlett
  2. Oj, jag glömde visst att fortelle att puten kommer från en butik i Sverige som heter Svenskt Tenn, finns bara i Stockholm. Tyget heter rett och slett Elefanter och är designat av en kvinna som hette Estrid Ericsson (hon är död). I butiken säljer man också tyget per meter (dyrt, men kuddarna är ännu dyrare). Förra året köpte jag en massa tyg och sydde kuddar av som jag sedan sålde via bloggen. Tror att jag sydde kanske 50-60 stycken som jag sedan sålde både här hemma och i Norge.

    / Helena

    SvarSlett
  3. Hei Helena,

    det er klart eg kan laga smykke til deg, takk som spør og tusen takk for fine ord om bloggen min. Eg blir så glad! Eg har sendt deg mail ang. smykket, kva perler du vil ha, farger osv.

    Klem Eli

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!