mandag 22. august 2016

Øyeblikk inn i trivselskroppen

Kilde: Pinterest

Javel... eg skal øyeblikk inn i trivselskroppen. Skal begynne no snart; siste veka i august eller første veka i september. Eg skal ikkje gjera det aleine, men i lag med ei gruppe. Easy Life heiter opplegget.

Kvifor skal eg inn i trivselskroppen? Jo, no skal du "høyra". Eg har ikkje vore i trivselskroppen sidan eg var 10 år, det er skremmande og det er heilt sant. For ordens skuld; no er eg 42. I ein alder av 10 år tenkte eg for siste gong at kroppen min var ok. Like etterpå kom puberteten, eg var tidligare ute enn mine venninner og tolka dei feminine formene som fedme. Sånn sett kan ein sjå at eg nok har ei voksen oppgåve å løysa også mellom øyrene. For eg var ikkje overvektig som 12 åring, eller som 18 åring, eller 24 åring. Eg hadde berre ikkje, i egne auger, rette kroppen til Levi's 501 bukser. Skulle ikkje meir til. Sidan har eg ansett meg sjølv som "for stor".

No stemmer kart og terreng overens da, eg føler meg for stor og eg ER for stor. Eg har vokst inn i mitt eget syn på meg sjølv. Men no skal grep takast, eg skal til med livsstilsendring ved hjelp av Easy Life, og akkurat no trur eg at eg har tenkt å blogga om det. Etter to års bloggpause vurderer eg å blottlegge min kamp for å komme inn i trivselskroppen. Den kroppen som kan gå opp til Preikestolen utan å bli svimmel, den kroppen som er sunn inni og utanpå, den kroppen som er sterk og tøyelig og tåler ein jobb som er 8 timar til dagen foran ein pc-skjerm utan å få prolaps. Den kroppen som har overskudd, som har lyst, som ikkje er trøtt og energilaus og på grensa til depressiv.

Som ein bonus håper eg at eg kan gå inn i eit  rom der det er fleire folk utan å anta at folk tenker; sjå den feitasen der,bleurgh. At eg kan sjå på meg sjølv i speilet. At eg kan gå i bikini utan å føla at eg burde vore full for å takla det, eller at andre burde vera fulle for å takla å sjå meg i bikini. At eg kan gå frå badet og inn på soverommet utan å ha på morgonkåpe.

Så får me sjå da, kva som skjer...