søndag 30. september 2012

Jammen, det gjekk så fort...?!?

Alltid smilande Lisette fra Lisettes Perler


  Først av alt; eg ELSKER rogabloggerar! For ein ekstremt fantastisk, livlig, inkluderande, velmeinande, sprudlande, smilande, positiv, kreativ og hjertevarm gjeng!

Eg er no tilbake etter ei herlig helg i byen med dei 7 fjell, Bergen...
Me har vore på Interiør- og Boligmessa og eg er trøtt som ei strømpe.
Kjenner likevel på den herlige lykkefølelsen ein har når ein har vore omringa av slike strålande mennesker som eg har vore denne helga.
Slike som er så tvers igjennom GODE at du blir smilande glad og kjenner det i



Messegeneral Trude og hjertegode Heidi (FruFly) 
 
 
 
Fredag reiste ein spent gjeng i frå Sola, det var Birgit (Landliv i Ryfylke) og Eli som møtte først opp på flyplassen. I god tid, svæææææært god tid... Så kom Hilde (Hildemor) og Lisette (Lisettes Perler) i rimelig god tid dei også. Og endelig kom også muntrasjonsråd nummer 1, May Helen (KROnPRINSESSENE). Når ho sjekka inn så bryska innsjekkingsautomaten seg og gav May Helen om å GJE GASS! Så ho kom småflirande med ei bolle i handa og heile roen, såklart :-)
 
Fine, fine May Helen! Alt på Flesland kom shoppegenene til sin rett, og nokre Line of Oslo plagg vart inspiserte med skarpt blikk alt før me hadde plukka opp bagasjen. Fredag kveld var me litt kvar for oss, eg var ute og spiste med nokre flotte damer som eg set stor pris på, og skal treffa att om ikkje så skrekkelig lenge, heldigvis.
 
Og så, så vart det laurdag og tid for bloggfrukost... OH MY GOD... Heile nitti bloggeberter samla rundt frukostborda.
Forventningsfulle, det var store pupillar og svette nevar, i alle fall hos Frøken Fryd...
 
 
 
Danse glade frekke fyrer frå dansegruppa ABSENCE åpna ballet på ein framifrå måte!




Det var høge latterhyl og frydefulle hvin når tre sprekingar frå ABSENCE med frekke og humoristiske dansetrinn fekk blodet i kok hjå nitti bloggeberter.
Og etter desse, ja då kom Bodil BO!
Åh, det er så jordnært, så ærlig, så herlig, så ukomplisert og ekte.
Eg er så glad i den dama, sjølv om eg egentlig ikkje kjenner ho så godt.
Føler berre at eg gjer det.
Blir jo berre glad og lett til sinns i selskap med slik sprudlande livsglede.



Herligheter frå Summerbird vart servert...

... og me var ikkje tungbedde...



Tida vart komen for å sleppa laus nitti bloggerar på ei Interiør og Boligmesse.
Galskap?
Godt mulig...
Her er litt av det som fanga min oppmerksomhet:



Shiny stuff på Bohus


Raude epler på Sigdal kjøkken (var så ekstremt mykje folk der så fekk ikkje knipsa kjøkken...)



Så kom eg over Phil's Paradis...
Herregud...
Eg døydde litt inni meg her altså...
Heilt rått!!











Ka' du trur?? Eg kom ikkje lengre enn hit eg...
Eg stupte oppi putene så det skrangla i skull's og berre låg og rulla meg.

Neida.
Joda.
Neida.
JO!

Men det var inni hovudet mitt... heldigvis!
Stod der med eit tomt uttrykk, muligens hadde pupillane mine endra fasong til skulls?
Lett måpande munn og ein tynn litten streng av sikkel.
Skikkelig sjarmtroll ho der Frøken Fryd altså.

Eg kom lengre.
Men dåke får ikkje sjå meir.
Ikkje før i morgon.
For no kallar sofaen.


 

tirsdag 25. september 2012

Riga baby!




Hello there!
Frøken Fryd har vore i Riga.

Turen starta tidlig-tidlig fredag morgon, og reisefølget var topp!
Det var rett og slett min supre arbeidsplass som inviterte og spanderte.
Intet mindre enn fantastisk spør du meg :-)
Me fekk lov å ta med oss våre betre halvdeler også!









Det var sosialt, mykje god mat og god drikke, spa, fint vær, shopping, opera og mykje latter!
Herr Fryd er fotograf, og har knipsa mange kjekke bileter frå den guida turen me var på i gamle byen laurdag formiddag.







Me var inne på den kulaste plassen, Black Magic...
Dåke ser tydelig spenningen i ansiktet til Frøken Fryd!
Dei sel altså sjokolade der inne!! I tillegg til Riga Balsam.
Me fekk med oss begge deler heim, så no burde me vera rusta for det meste.














Riga er ein flott by! Operabygget var nydelig.







Me har spist og spist, drukke og drukke, ledd og ledd...
Det har vore ein fantastisk tur med fantastiske folk!

Og no, no gjer Frøken Fryd seg klar til ei ny reisehelg.
No er det nemelig Bolig og Interiørmessa i Bergen som står for tur.

JIPPI!!



 

onsdag 19. september 2012

Nuts!





Sist gong Frøken Frykt gav blod fekk  ho denne fine skåla i frå Iittala.
Ho fekk også stjerner og planeter over hovudet og vrengte auger.
Frøken Frykt er nuts!

Det var ein fersking som skulle tappa, og Frøken Frykt fekk for seg at dette går aldri bra.
Veldig bra innstilling! Virkelig...







Men, ikkje berre fant ferskingen blodåre, han fant blod og han fekk det ut...
Og han opplyste om at blodet rant godt.
Nettopp slikt er TOO MUCH INFORMATION for Frøken Frykt når ho gir blod.
Frøken Frykt må nemelig ein tur innom "The Happy Happy Place" når ho gir blod, for blod er ekkelt.
Dei første stjernene gjorde seg til kjenne bak augelokka, og Frøken Frykt tenkte glade tankar og jobba heftig med tankens kraft på "The Happy Happy Place"...







Vel, ca. ein halv liter blod seinare var seansen over, og ferskingen skulle ta nåletingen ut av armen til Frøken Frykt. På dette tidspunktet hadde Frøken Frykt fått for seg at nåla var satt altfor langt inn i blodåra. "The Happy Happy Place" hadde stengt, glade tankar var borte-borte-borte og me snakkar hyperventilering, skjelve lippe og ei tynn lita stemme som ber ferskingen om å vippe blodgiverstolen bakover. Det var storm inni øyrene til Frøken Frykt og ho var veldig-veldig liten. Bitte liten faktisk...








Frøken Frykt burde tatt seg ei pære, eventuelt ei drue, og roa seg kraftig ned. Og det gjorde ho, til slutt. Sjølvsagt var ikkje nåla for langt inni blodåra. Det viser egentlig berre kor totalt bananas ein kan bli når ein slutter å tenka konstruktivt, lar frykten overta og fornuften gå ut det åpne vindauga...

Men det gjekk jo bra. Skåla er fin, og for å minna seg sjølv om den gongen ho var nuts så fylte Frøken Fryd (Frøken Frykt vart att i blodbanken) skåla med nøttegodt og tok seg ei drua.

Har du "Happy Happy Place"? Gir du blod? Kan du snu tankane dine? Eller er du slik som Frøken Frykt som totalt kan psyka seg sjølv ut?

Eg berre lurer...



 

mandag 17. september 2012

Blottlagt

iPhone bilde av ei rompe pute




Kvifor er det så hekkans vanskelig å visa seg sårbar?
Kan nokon sei meg det?
Eg har store problem med å visa meg sårbar, å stå der blottlagt, med rompa bar...

adj. sårbar ( a1) ['soːɾbɑːɾ] som lett (kan) såres, følsom, ømfintlig

Det er så mykje lettare å berre trekka seg litt tilbake, slå av, setta opp eit likegyldig utrykk.
Bygga ein vegg, beskytta seg, framstå som sterk.
For då kan ein vel ikkje bli avvist og såra, eller?

Er du flink til å stå i situasjonen, om det er ein situasjon du ikkje har kontroll over?
Sjølv om du er sårbar, kan risikera å få deg ein på nebbet, skrapa i sjølvtilliten...?
Eg er ikkje. Eg feiger ut. Forlater diskusjonen. Kryp tilbake til komfort sona mi og gøymer meg. Ingen skal sjå at eg ikkje har kontroll, at eg vert såra og får vondt. Dette er eit trekk eg misliker ved meg sjølv. Så no er eg ute etter endring, og ei veldig klok venninne av meg sa at "all endring har ein begynnelse".

Såg nokre fine ord i helga, og siterer:

"When we step out of our comfort zone we are growing!"
(Lisa Williams).

Og no håper eg at det var ein metafor, og at eg faktisk ikkje får enno større rompa...

Ja, så då står eg her då, med følelsane utanpå.
Det er mandag, ein god dag for ein ny begynnelse.
Bring it on and wish me luck!







 

tirsdag 11. september 2012

Smarte valg




Me har fått nytt salong bord!
Og ja, eg skriv "fått", for me brukte gåvekortet som me fekk til jul hos svigermor og svigerfar.
Godt fornøyde no altså!








Tidligare hadde me salongbord i wengefarge.
Det er mørkt det. Så mørkt at støvet viser når du fis i sofaen.
Mykje smartare med eit bord som i utgangspunktet er litt grått...
Her kan støvet ligga og kosa seg i dagesvis utan at me merkar det.
Herlig!








Det er dessutan betre plass ved sofaen no, og me slepp konstante blåmerker på leggbeina.
Så sånn alt-i-alt så kan me seia oss særs nøgde med forandringa.
Laptopen min er redd internet om dagen, og nektar å kobla seg på.
Difor lyt Frøken Fryd blogga i frå jobb laptopen, ikkje i arbeidstida altså...
Men på denne så har eg jo ikkje mine vante foto redigeringsprogram, og har nytta meg av PicMonkey. Funker fint nok det...



 

søndag 9. september 2012

Fint = dyrt?





Nei! Det er berre tull, faktisk...
Eg har kjøpt meg ny pute, til ein billig penge, og den er knall fin (i mine auger).
Du skimter den såvidt bak her...











Herlig at ein kan få tak i puter som både er fine og gode til ein akseptabel og fin pris.
Veldig fornøyd med mi nye Skeidar pute, minner litt om Niki Jones sin stil, berre at prisen er ein heilt annan!







Ja, så var det alt søndag ettermiddag/kveld...
Kvar vert helgene av, sånn egentlig?



 

lørdag 8. september 2012

Dans, dans...

... dans midt på golvet!
Rydd plass, skru opp volumet, husk nok bass!

Ut med armane, hovudet litt på skrå, augene att.
Sett på denne...







Sett den på høgt!
And then, then you twirl...

Ha ein deilig laurdag!

Dette er favoritt songen min om dagen...



fredag 7. september 2012

Sånn "by the way" liksom...




Berre for å minna meg sjølv om det ein gong i blandt...
Frøken Fryd bloggen er også ein interiørblogg - ikkje berre fjaseblogg.
Så i dag skal dåke få kosa dåke med eit herlig knippe Tine K interiør bilder.









Ho får det til å sjå så tilforlatelig ut og lett ut.
Det er så fint, så enkelt, så reint - så rett for meg :-)
Vil ha - vil ha - vil ha!

Diverre er det ikkje så lett at ein kan stampa med foten og grynta "vil ha"!
Når alt kjem til alt så hadde det vel ikkje vore spesielt festlig heller.
Eller?

No nærmar det seg Bolig- og Interiørmessa i Bergen.
Eg har meldt meg på bloggfrukost og bloggmiddag.
Så no er eg jo litt spent på kven andre som skal?
For dei fine damene eg skal bu med er ikkje bloggerar, så eg kjem liksom litt aleine...

Får eg vera med deg?




 

tirsdag 4. september 2012

I farta

Bevis gjenstand 1 og 2. Altfor tung pc veske. Overflødig sjal. Ikkje haust kaldt. Ikkje enno...



Tirsdag morgon var Frøken Fryd i farta.
I full farta...
Faktisk gjekk det så fort at det var like før Frøkna raste ned ei lang steintrapp med tenna først.
Frøkna skulle i jobb møte i byen, og sjølv om ho var ute i god tid gjorde trafikken sitt til at tida vart ubehagelig knapp når bilen var parkert.

Er det ikkje utgjort kor mange totalt HÅPLAUSE sjåførar ein kjem bak i slike situasjonar?
Frøken Fryd er på ingen måte ein fleksibel og tolerant sjåfør i slike settingar.
Tvert i mot blir Frøken Fryd ein glefsande, frådande, ekstremt-fritt-talande-med-uhyggelig-vokabular og offansiv sjåfør i slike situasjonar.
Veldig mange mot traffikantar (ja, eg dristar meg til å kalla dei mot traffikantar faktisk) får passet påskrevet med gaffel og utropsteikn når Frøken Fryd er lettare stressa og etterkvart i tidsnød.

Stressa Frøken Fryd med tidsnød er ingen god kombinasjon med høge heler, ikkje i det heile tatt faktisk.
I god HMS ånd holdt heldigvis Frøkna seg godt fast i rekkverket.
Det kom godt med!
Den eine helen hekta seg fast i trappetrinnet og Frøken Fryd var overhodet ikkje i balanse.
Heldigvis kom det ikkje eit slikt teit "hyyyyyl" som av og til lurer seg ut i slike situasjoner.
Sånn i tilfelle ikkje alle rundt fekk med seg at ein ikkje har kontroll... liksom...
Frøken Fryd var heldig og henta seg inn att.

Så ankom Frøken Fryd møtet.
Etter å ha jogga på brostein, i høge helar med paraply og tung veske.
Sidan det regna og var tydelige haust teikn ute resonerte Frøken Fryd seg fram til at det nok var kaldt ute tirsdag. Det var det ikkje...
I alle fall ikkje så kaldt at det var nødvendig med singlet, bluse, strikkejakke, sjal OG jakke utanpå der igjen.
Resultat? Jo, resultatet er at når Frøken Fryd var blitt godt mottatt på møtet, og pulsen sank så begynte Frøken Fryd å svetta. Å du søte mi tid kor Frøken Fryd svetta, for det blir jo ikkje betre når ein merker at ein er varm i hovudet liksom.
Å herreguuuuud som eg hater slike situasjoner.
Egentlig har eg mest lyst å utbryta at: "sorry, eg svetter som ein gris, har du eit handkle?"
For det er ikkje snakk om nokre uskuldige små roser under armane.
Neida, Frøken Fryd er laga slik at ho svettar i fjeset. Så det er på ein måte fu*kings umulig å unngå å sjå det. Eventuelt fu*kings umulig å skjula det. Me snakkar SVETTEBART!
Så der satt Frøkna da, og lot som om ho ikkje svetta, og lot som om ho fekk med seg alt som vart sagt i møtet medan inni hovudet så var det ei stemme som skreik og brølte: "slutt å svett, slutt å svett, herregud, slutt å svett din dritt krooooopp!"

Heldigvis så slutta dritt kroppen å svetta etterkvart, då var strikkejakka slengt og sjalet også.
Og møtet gjekk fint det. Den unge, pene mannen lot som han ikkje merka svette helvetet til Frøken Fryd og det var god stemning og alt gjekk bra til slutt.

Kva har Frøken Fryd lært av dette?
Å berekna 20 minutt ekstra på møkkasjåfører som ikkje eig ei offansiv åre i kroppen.
Å berekna fem minutt ekstra på egosjåfører som blokkerer for all anna trafikk for at dei sjølv skal komma seg fram.
Å aldri ha på for mykje klede i tillegg til å jogga til eit møte, i høge heler.
Å berekna fem minutt ekstra for å innta normal kroppstemperatur før entring av møtelokaler.
Å alltid ha handkle i veska...

Kontinuerlig forbedring! Det er det eg jobbar med.
Lesson learned!




 

Soo.dk





Lillebror og eg er så heldige at me får testa ut nettbutikken Soo.dk
Haustkolleksjonen deiras er tøff og leken, og passar til små individualistar mellom 3 og 12 år.






Både lillebror og eg likte kolleksjonen, og han fekk velga sjølv kva han ville klikka heim.
Men Soo.dk er meir enn ein nettbutikk.
Om du vil vera vertinne så kontaktar du Soo.dk her: Home party
Du vil då få ein oversikt over Soo.dk forhandlerar og kan invitera til home party heime hos deg sjølv,
når det passar deg, og få ein privat visning i lag med dine spesielt utvalgte venner eller familie.







Eller kanskje vil du sjølv verta forhandlar for Soo.dk?
Ta ein kikk her: Vertinne
Du kan låna kolleksjonen kostnadsfritt, det samme gjeld stativ, kleshengerar og kolleksjonsposar.
Dette er ein fin mulighet for ei god ekstra inntekt.







No gleder me oss til å få heim lillebror sine spesielt utvalgte klede frå haustkolleksjonen.
Om du vil ha ein kikk på det fine utvalget så kan du klikka deg inn her og bla i online katalogen.

Dette er eit sponsa innlegg.





 

lørdag 1. september 2012

Fine Flinke Folk





Nokon folk er flinke. Veldig flinke! Og nettopp difor fortjener dei litt ekstra skryt og oppmerksomhet.
Frilansfotograf Solveig er ein av desse flinke folka, og ho MÅ få litt ekstra kred i dag!
Solveig held til på Sandnes og tar ærlig talt dei nydligaste bilete!










 









Dei herlige detalj bileta her, fanga av Solveig, er frå heimen til min venn Lene.
Som dåke ser har Lene ekstremt god smak!
Ikkje nok med at ho er God Smak Lene. Ho er også Pene Lene og Flinke Lene.

Her har Solveig tatt bilete av Lene og Sytse på Solastranda.
Nyt dei!













Solveig tar andre konsept bileter også, berre sjå her.

Eller skal du gifta deg kanskje? Solveig forevigar dette på nydelig vis...
Sjå på desse stemningsbileta!







Har du øyeblikk du ønsker å foreviga slik at du kan nyta dei i framtida?
No veit du kven du skal ringa.
Solveig! Solveig!! Solveig!!!