tirsdag 8. juli 2014

Ferie raushet



Inspirert av min gode venn, Kirsti, kjem her nokre tankar omkring ferie.
Passande nok sidan eg offisielt har hatt ferie i 11,5 time no.


For meg har ferie vore raushet med tid.
Tid til å vera saman med dei eg bryr meg mest om.
Tid til å sova lenge.
Tid til å lesa ei bok midt på dagen.
Tid til å spisa frukost. Lenge.
Tid til å berre sitta heime i stova mi og sjå ut i lufta, om så er...

Eg var ikke i "syden" før eg var 35 år.
Barndommens ferie var hjå mormor og moffen.
Me køyrde halve landet, mange fine timar i bil.
Mamma stod opp tidlig og laga klar niste i den gule UHU bagen
(husker du den gule, sylinderforma UHU limen? Dette var reklame bag for den)
I den gule UHU bagen var det skjevemat; egg, majones, agurk og tomat.
Sikkert anna pålegg også, men dette var mine favoritter.

I bilen hadde mamma sitrondrops mot reisesjuke og Sorbits-tyggis.
Me høyrde på reiseradioen. Småbrødrene mine maste på at pappa 
skulle spinne og aller helst køyra forbi alle. Eg las om Britta og Silver.

Hos mormor og moffen fekk eg eit Norgesglas med 10-øringer.
Dei hadde moffen samla sidan forrige sommarferie.
Me gjekk i banken i lag og veksla dei inn og då var det mine feriepenger.
Om å gjera å disponere dei godt.
Me bada i strando, det var sjølvsagt alltid fint vær.
Eg leika med ferievennene mine.
Slik var vår sommarferie. Det var heilt topp.
Eg har gode minner!
På skulen fortalde me om ferien vår ved skulestart.
Det var ingen som skamma seg fordi deiras ferie var annleis enn andre sin.
Alle hadde sin vri, og det var greit.

Ferie er raushet av tid.
Ferie er annleis enn kvardag fordi eg ikkje bør, skal eller kan så mykje.
Ferie er forventning om sol.
Ferie er å gjera det beste utav ein regndag.
Ferie er duften av asfalt som får sitt første regnskyll etter mange soldagar.
(Eg bur på Vestlandet så me har ikkje mange av dei, dei er desto meir verdsatt).
Ferie er frekner. No ikkje lengre berre på nasen, men i flak.
Ferie er lyden av ein grasklipper. Dufta av nyslått gras.
Ferie er ein bukett med sommarblomar plukka på ei blomstereng,
eller kanskje frå hagen til dei naboane som har ferie. Neida. Joda. Neida.




Når blei egentlig ferie til noko negativt?
Når blei det skam å ha heimeferie?
Kvifor skal det vera skam å bruka pengar på charterferie?
Kvifor skal ikkje borna få lov til å fortelja om sine sommaropplevingar?
Kven bestemmer kva som er ok eller ikkje ok ferie?

Kven har skapt dette? Egentlig?

God sommar til deg! Enten du jobber, har fri, skal reise eller vera heime.
Riktig god sommar! 





torsdag 22. mai 2014

Kvar er skjorta mi...?




Det var ein gong ei småstressa budeie som skulle gjera bunadsskjorta si klar til 17. mai. I kjent stil var budeia ute i bittelitt seinaste laget, men innanfor grensa til at det var gjennomførbart. Eller...?

Skjorta var borte. Borteborteborte! Sporlaust borte. Umiddelbart tenkte budeia at ho sikkert kunne skulda på nokon andre, hjernen pønska ut at antageligvis hadde mor eller svigermor nappa til seg budeieskjorta, og tatt den med til sommarøya. Berre sånn for å kødda litt med budeia. Føkka opp stemningen litt liksom. Typisk mor/svigermor opplegg... Men neida, begge to sverga å vera uskyldige i slike grufulle påstandar. Og der satt budeia. Skyldig. Utan nokon å skulda på. Føkk altså...!

Budeia innsåg at ho måtte innføra plan B, ho måtte iføra seg sommarkjole på sjølvaste 17. mai. For ei skam for ei budeie...! 

17. mai morgonen kom, budeia hadde ikkje hatt blund på augo i sin budeieskjortelause tilværelse (joooda..!) og stod opp for å møta dagen med løfta dobbelhake. Ho dusja budeiekroppen sin og starta walk-of-shame bunadslaus på sjølvaste 17. mai, første strekning var ned i fryseboksen for å finna rundstykker til 17. mai frukosten. Vedsidan av rundstykkene låg noko kvitt og krøllete i ein vaskepose. Budeia tok ut den underlige massen som hadde lite, og ingenting, i ein fryseboks å gjera. Ingen lyspærer blinka, ingen "aha!" eller "åjaa...!" kom ut frå budeielippene. Berre "????".... Kvifor låg budeieskjorta i fryseren?!? 

Budeia kan ikkje huska å ha vaska skjorta, ei heller å legga den nyvaska budeieskjorta i fryseren. Men sånn var det altså. Og budeia kunne stryke budeieskjorta si, sy budeiebeltet sitt (som vart sprengt i fillebiter på grunn av uforsvarlig store kroppsmasser forrige gong det var i bruk) og leva lykkelig iført bunad på sjølvaste 17. mai. 

The end.





tirsdag 1. april 2014

Vår

Deilige, sprudlande, håpefulle vår.



Me har fire flotte årstider her i landet, eg liker to av dei betre enn dei andre, og ein av dei best av alle. Det er våren! Våren er gul og rosa. Våren er fargar og spirer. Våren er smil og latter og frekner på nasa, småsko og hinkehopping, paradis og hagelyder. Eg elsker våren! Eg elsker puter også... Når eg var innom Keiserens Nye (nettbutikk) så såg eg biletet over her, og det er så fullt med vår at det kribla i magen. Keiserane har lånt det av Bungalow/Eckmann studio og eg har skamlaust lånt det vidare.

Bloggen fekk seg eit lite opphold i haust/vinter. Det berre vart slik. Eg hadde ikkje meir å melda. Men så hender det seg at ein vert irritert, eller inspirert, og då er det nydelig å ha ein kanal ut. Når eg såg desse putene så berre måtte eg skriva eit bittelite innlegg om våren. 

Ute er ungane i full leik. Syklane er tatt ut. Altandøra er åpen, gardinene flagrar, det er kaldt og det stinker bæsj i frå bøndene som krydrer jorda si. Eg elsker det også. I går grilla me pølser til middag. Ute. På terrassen. I kulegrillen. I helga som var feira eg min førtiårsdag for tredje gong (!!!), denne gongen med storfamilien og me var på naustet. 


Slik er utsikta på naustet. 

Me hadde VM i dårlig humor og lo ein heil kveld av eit tema som eg berre ikkje kan gjenta, me melka det tomt kan du sei, og det var vel helst slik "you had to be there" type humor... Uansett, eg lo så mykje at no har eg fått sixpack og blitt trettifem igjen. Sweet! Været var betre enn eg kunne bestilt, seriøst, og me var ute og kosa oss i sola. Grilling av pølser og marsmellows, kake og muffinsspising, til og med ein liten tur kava med oss til. Etterpå vart det meir kaving, i form av Cava, type sprudlevatn. Eg viste at eg overhodet ikkje kan å åpna slike sprudlevatnflasker, det var verken elegant eller avslappa, og korken måtte eg fysisk hiva for å få fart i den. Me lo av det også, sånn for sikkerhets skuld.

Eg pynta langbordet med papptallerker og ei gammal båtluke, ikkje mykje glam... Men eg var sjølv særs nøgd med egen innsats. Maten var kortreist og bestilt på Marinaden på Bremnes. Tapas. God Damn det var så godt... Det var like før me vart heilt stille og gløymde ut å ha dårlig humor. Men berre nesten sjølvsagt, me er tross alt proffe på dårlig humor. 



Jaja, men då fekk eg vridd utav meg litt om vår, om førtisfeiring og bæsjelukt. Det seier eg meg nøgd med. Håper sola skin like fint på deg som på meg, det føles nemelig så godt!

Tuddeluuu!




onsdag 19. mars 2014

If you ain't got nothing nice to say...

...then don't say nothing...





Det er komt meg for auga at det er feil å heia på kvarandre...
At det er naivt og litt teit at vaksne damer uttrykker seg positivt til og om kvarandre i sosiale medier. At me har samme språk som tenåringar. Me skaper visst kvalmefornemmelsar og får enkelte, eventuelt enkle, sjeler til å ønska å slå av heile internettet. Huffdå. Det var då heise leit. Eg ser seriøst ikkje problemet?!? Er det gale å vera rause no? Er me ukritiske fordi me drysser hjerter, smilemunner og smasketruter i Instafeed'en til folk som inspirerer oss? Er det pinlig å sjå at vaksne damer i førtiåra (det er faktisk meg det) gir kvarandre heiarop og klapper? Eg trur det må vera Jante Loven som har vore på tokt her, forkledd som ein smålig liten mann, og sprer eder og galle. "Hei der, Jante Loven! Ta deg ei pære... Skjerp deg! Skam deg! Du er IKKJE velkommen her."

Det undrar meg dette med ros. Eg opplevde nett nokon som overhodet ikkje klarte å ta til seg ros. Til å begynna med trudde eg at eg misforstod situasjonen, men det vart etter kvart tydelig at det å komma med fine og velmeinande ord til dette mennesket var som å pissa bensin på bålet. Det var litt sånn ut-av-meg-sjølv-opplevelse egentlig. Eg stod på sidelinja og registrerte at ei dame som eg har stor respekt for, som er blid, humoristisk, intelligent, hardt arbeidende, varm, raus og vakker fekk eit menneske så å seia i strupen fordi ho sa noko fint til vedkommande. Å reagera med spott, sinne og ironi når nokon gir deg ros, er det eit slikt samfunn me vil ha da? 

Nei, takke meg til litt hjertelighet <3 <3 <3 takke meg til smilemunner, klappande hender, tomler i været og heiarop som fining, skjønnas, flinka, søta, vennen og heile den remsa der. Eg vil leva i eit samfunn der raushet er ein selvfølge, der det føles heilt naturlig å applaudere eit fint bilete på Instagram, eit godt blogginnlegg, den nye buksa til naboen, sveisen til sjefen, innsatsen til ein kollega... Ser me nokon som gir det lille ekstra, som klarte det dei ikkje trudde, som kanskje berre trengte ein klapp på skuldra. DO IT! Gi dei den kred'en for søren. Det koster oss bittelitt tankevirksomhet å formulera dei søte orda, muligens må me spandera litt pust på å få dei ut i lufta og kosta på oss blikkontakt med mottakeren, med mindre du i rasande fart på tastaturet eller på smartdingsen din sender det elektronisk. Samme det. Berre få ut meldinga. Koster så lite, betyr så mykje.

Eg slutter meg til "heia, heia, heia!" og andre liknande innlegg som har fått meg ut av bloggedvalen denne kvelden. Samtidig vil eg få takka på det varmaste og mest hjertelige for dei fine orda som eg fekk av Kjersti i innlegget under her, for ikkje å snakka om dei gode kommentarane eg har fått i frå dei kjekke Kull-damene. Heldigvis rødmer eg ikkje så lett. De skal veta at eg set veldig stor pris på slike fine tilbakemeldingar. Eg blir glad og lett i hjertet, eg får lyst til å dansa litt og får eit slikt teit kleshengersmil. Orda gøymer eg i hjartet og henter dei fram frå feelgoodkontoen når det trengs.

Heia! til heierane!!! Keep up the good work <3