lørdag 28. januar 2012

Muscari






Dei fine fine løkblomane mine er ute og kikkar på verda.
Og heldigvis er dei ikkje skremt av det dei ser.
Så koselige blomar. Dei er så koselige at i dag måtte Frøken Fryd
kjøpa fleire. Har ein blom på kjøkkenet som har takka for seg
og midlertidig erstattar blir einno ein Muscari, men blå denne gong.









Ellers så har Rooney (the cat) vore ute med halen sin
og knust lysestakar igjen. Heldigvis så har han sett seg
ut berre Ikea lysestakar, så det har ikkje hatt dei store økonomiske
konsekvensane. Det som er kjekt faktisk, er at Frøken Fryd har vore i
kjellaren og henta fram nokre midlertidig vekkplasserte lysestakar som
no er tatt inn i varmen att. Så faktisk vart det forandring utan at det
kosta noko, og det kan me jo like veldig godt!

No sit Herr Fryd og eg og mannar og kvinnar oss
opp til å handla inn mat for helga, det er utan tvil noko av
det mest gørrkjedelige eg gjer. Å handla mat, altså.
Bleurgh! Men, det kan jo vera at eg treff fine
folk på Rema, eller hur White Bite?

God helg, godt folk

fredag 27. januar 2012

Å tenke på kjærlighet...





Som småbarnsmor, og guttemamma, 
får ein av og til kommentarar som gjer at augebryna fyk 
ganske høgt opp mot panneluggen. Ein typisk slik kommentar kom frå 
Lille Fryden ein kveld i sofakroken når Frøken Fryd, Lille Fryd og Store Fryd 
sat prydelig og fredelig og såg på Star Wars film;








Plutselig seier Lille Fryden at det kitla i hans edlare deler.
"Eh, ok...?!?!" seier mamma og blir litt satt ut, nett det pleier me ikkje ha status oppdatering på.
Heldigvis hadde Store Fryden ei forklaring på det: 
"Det er fordi du tenker på kjærlighet det!"
Såklart...












Dåke lurer kanskje på om det var scena med "Princess Leiah in the gold bikini"
(som er ein ganske kjent scene for dei fleste gutar/unge menn/middelaldrande menn/gamle menn
men det var det ikkje, det var ein eller annan stjernekrig. Og Lille Fryden var
vel ca.6 år på dette tidspunktet så det hadde nok uansett
ikkje gjort særlig inntrykk på han vil eg tru...
Men at storebror kjem med uttalelsen
at det fordi broren tenkte på
kjærlighet... Ja det
var berre til
å dåna
av!









Holdt heldigvis maska!







torsdag 26. januar 2012

Skull ha!

Bilde lånt hos Frk Wickstrøm, følg link under.




OMG!
Vil ha!!
Skull ha!!!
Kva synest dåke?
Tøff?
Harry?
Skummel?

Har sett denne inne hos Frk. Wickstrøm og eg treng ei svart veske.
Sidan eg er ein lesehest så vil eg ha ei stor veske, som har plass til dill dall
i tillegg til boka mi og interiørblada mine, parfyme, tyggis, lipgloss, mobiltelefon,
håndkrem, läkerol med salt lakrissmak, ei flaske med vatn
(yeah right... Pepsi Max sjølvsagt)
refleks, hansker...

Kva er det me IKKJE har med i håndveska liksom?
Jammen godt at eg snart har bursdag
(ja, Herr Fryd og mine andre kjære - dette er eit direkte hint, Frk. Wickstrøm er nettbutikk).

Beacause I'm worth it

tirsdag 24. januar 2012

FULLT på Fabelaktig bloggtreff hos Dagdrømmeren






OPPDATERING:
Det er no 30 påmeldte, resten som vil være med må sette seg på 
venteliste. Guri så kjekt at så mange
vil være med! Fabelaktig!!


Det blir bloggtreff i Rogaland!
Eit fabelaktig bloggtreff!!
Anledninga er at fabelaktige Maia 
kjem på besøk til Stavanger.

Nydelig Tonje med bloggen Dagdrømmeren 
åpner heimen sin og inviterer oss til Sandnes,
torsdag 15. mars kl. 18 i Blåklokkeveien 2. 









Me har fått sponsa gåver også...
Eva Solo har sponsa goodies og premie!
Vakkert vil sponsa ein premie!
Hos Tora vil også sponsa ein premie!

Er me vel ikkje heldige?!?

Me må dessverre setta tak på 25 stykker,
så vil du melda deg på så er det bindande :)
Menyen er tapas, og alle tar med seg eit bidrag.
Skriv i kommentaren kva du tar med deg, sjå forslag
med linker under her. 




Foto: jomfrureiser.no


Forslag til tapas retter:
Salat
Oliven

Matkunstneren Hildemor vil ta med seg dessert, 
og den gleder eg meg til! 
Men kanskje ein person til kan ordna med dessert
så får ho litt avlastning, fine dama?

Då er eg spent på responsen, kjære bloggevenner!
Ein del har meldt seg på via facebook, men sidan ikkje
alle har facebook så blir den bindande påmeldinga her.

mandag 23. januar 2012

Blom i bur






Eg har satt ein blom i bur. Ikkje har den gjort meg noko, den er heller ikkje til fare for andre blomar eller buskvekster. Frøken Fryd syntes rett og slett berre at det såg fint ut. So there! Blom i bur, altså.









Ildtopp er kanskje ikkje ein bloggeblom på linje med Corokia, men den har eg altså rett og slett ikkje fått i hus enno. Det skal innrømmast at eg har prøvd. Men då var den utsolgt. Og så viste det seg at Frøken Fryd ikkje hadde så ekstremt-innmari-veldig lyst på denne bloggeblomen at det vart gjort fleire anstrengelsar.









Men når det er sagt, så kjenner eg at eg no skriv på meg eit direkte og litt meir enn lunka ønske om å få ein Corokia i hus. Så me får sjå, plutselig så har eg ein. Då skal dåke få vera dei første til å sjå bilder av den. For det er jo ein über cool blom, Corokia'en.

Har du Corokia?
Er den lett å halda?

søndag 22. januar 2012

Vinter og vår





No har eg latt meg inspirera i mange veker av dei flinke bloggerane som har tatt inn våren i huset alt. Eg elsker løkplanter, egentlig synest eg at dei er finast før dei blømer. Og eg elsker når den tida kjem at dei er i blomsterbutikkane.










Men, eg må altså ha litt vinter enno. Eg er veldig glad i lerkekvistar, eg hadde faktisk ein heil "bukett" med lerkekvistar i ein vase heilt til no over jul, altså heilt i frå forrige jul. Dei er så dekorative, og får du tak i nokre med litt mose på så er det jo berre e.l.s.k.!!!









Eg har vore på fotokurs, eg og det bitte lille Fuji lommekameraet som Familien Fryd har i saman. Eg var den einaste som ikkje hadde speilrefleks kamera. Når eg kom heim til Herr Fryd så hadde eg lyst å seia at: "ALLE dei andre hadde sånne fancy kamera!!!" med sure fjes og sutrestemma , men så kom eg på at eg snart er 38 år, så eg lot det være. Heldigvis.

Men på fotokurset så var det ikkje berre prat om dei ymse innstillingane på kameraet, eller alle dei kule knappane og kva dei kan. Det var helst mange gode tips som er heilt gratis, eller som ikkje kostar meir enn ein rull med aluminumspapir eller matpapir for eksempel. Og så var det litt om å sjå motivet, luft, positive linjer og negative linjer. Og så fekk me leksa...










Så no har eg knipsa og knipsa og knipsa, og så får me sjå kva som får vera med. Me kunne velga mellom tre oppgåver. Uansett så er eg blitt inspirert og utfordra til å finna litt meir utav kva det bittelille Fuji lommekameraet vårt faktisk kan gjera heller enn å ha tapt på forhånd på grunn av eventuelle begrensningar.

ein ha super dupert kamera for å ta fine bilder?




lørdag 21. januar 2012

Wood You?





Frøken Fryd er oppvokst i eit hus med panel i tak og på vegger, 
og jammen meg er det ikkje panel under teppene i stova også, dette har
likevel ikkje hindra meg i å verta veldig glad i treverk i interiøret. Og helst
ser eg at treverket er litt gammalt og slitt. Har levd livet liksom, vore ute ei vinternatt...
Utan samanlikning forøvrig, til Frøken Fryd liksom, *kremt*!
Men det må ikkje verta for mykje altså, berre litt...












Ein kvist her og ein kvist der, og eit smykkestativ av tre også, 
det jo ikkje vera Lisbeth Dahl design stativ liksom...

Har du tre i interiøret ditt? 
Mrs Hardy har ei lita utfordring inne hos NIB på månedens dille,
du kan gå inn her og sjå fleire bidrag. 
Og gjerne lagar du eit sjølv også som du linker inn?

I wood !

Ny favoritt!





Frøken Fryd har endelig oppdaga Marian Keyes...
Det var jammen på tide - og det var ikkje av meg sjølv, måtte få hjelp faktisk.
For nokon er det sikkert heilt utrulig at ein lesehest som meg ikkje har åpna ei av desse fantastiske bøkene hennas før, det verste er faktisk at eg har hatt fleire av bøkene hennas på nattbordet i årevis utan å åpna dei. Eg begynte riktignok på ei av dei, den var på engelsk, og eg kom berre ikkje i gong.

Men...
Så fekk eg ei til jul av Cile.
Og no når eg åpna den så var eg solgt gitt.
No er eg i full gong med bok nummer to, og eg veit at
eg skal tigga og be mi kjære Cile om å få låne fleire av ho for eg veit at ho har.
Snakk om feelgood skrivestil, eg flirer og ler, koser meg, må lesa berre litt til.
Eg som alltid har vore krim dronning. Gi meg spenning, drap, intriger,
drap, blod og gørr - det har liksom alltid vore page turner
for meg. Men no, no er det Marian Keyes for alle penga. 
Eg er blitt tipsa om fleire gode bøker frå denne dama:
"Vannmelonen"
"Rachels Ferie"
Og no har eg starta på "For god til å være sann".






Så no berre lener eg meg tilbake og leser og koser meg.
Merker at blogginga går litt trått om dagen, 
ikkje får eg tatt bilder i vinter mørket
og ikkje har eg så mykje anna
 å komma med.

Men no har eg i alle fall komt 
med gode bok tips!

Liker du å lesa blad eller bøker?
Leser du helst krim, humor, kjærlighet og drama eller kanskje helst faglitteratur?
Favoritt forfatter?
Lydbøker?
Bok eller nettbrett?
Og har DU lest Marian Keyes?
Kan du tipsa meg om fleire god bitar frå ho?
Eller har du andre feelgood favorittbiter å dela?

Eg er åpen for innspel.
Bring it on, please!




torsdag 19. januar 2012

Ein - to - te....!

Google.com




Er du ein te drikkar?
Eg vil, men får det ikkje til...
Ser så koselig ut når andre krøllar seg opp i god stolen med ein kopp te.
Men eg synest at te er kjedelig...
Er det godt med varmt vatn liksom?
Har eg berre smakt feil te?

Kva gjer du for at teen din skal bli ekstra god?
Har du honning i?
Har du sukker i?
Sukketter?
Brunt sukker?
Kva te bruker du?

Ja takk, Frøken Fryd treng hjelp til å bli ein te elskar

tirsdag 17. januar 2012

9






Minste Fryd'en erklæres herved som 9 åring. 
Ni år. 
Ni. År. 
What!?!?!?!
Korleis går det an?
Korleis kan Lille Fryd'en ha blitt heile 9 år,
og Frøken Fryd har ikkje eldast i det heile?
Freak of Nature?!? Me?!?

Uansett så har me no forberedt oss i nokre dagar.
Det er blitt baka kaker.
Det er blitt baka muffins.
Herr Fryd har ordna zebra gele.
Piano har ordna vaniljesaus og sjokoladepudding.
Bord er blitt pynta.
Stolar er blitt lånt.
Mat og snop og brus handla inn.
Gåver handla inn...

På sjølvaste dagen (altså i dag) så vart bursdagsguten vekt på tradisjonelt vis,
kake med lys, bursdagssong og bursdagsgåve.
Forvirra og trøtt som han var, 
og ikkje minst veloppdratt (!!)
så gratulerte han også oss med dagen.
Han ville helst gå på skulen med kvit skjorte og sløyfe.
Han dirra av spenning.
Han bygde ivrig med lego'en han fekk av oss.
Kom på at det var jo greit å ta i mot gjestene også,
så han klarte til slutt å riva seg laus.
Det blei utdeling av gåver via flasketuten peiker på.
Gjestene vart vist til bords.
Gjestene ordna sjølv pynting av muffins .
(Det er i grunn ganske koselig og kreativ aktivitet for dei)
Og så tok det av...

Ni års dag...
12 elleville gutar høge på sukker!
Det gjekk mange "liv" tapt i dag.
Dei har hatt skyteleken, og samtlige var tungt bevepna.
Sikkert politisk ukorrekt av meg å skriva dette på bloggen, eller
kanskje i det heile tatt å innrømma at her var det ikkje:
bro-bro-brille
stolleken
disco
ballongdans
kims lek
gøymespel
smake leken

Neida,
her var det rett i våpensamlingen.
Ladegrep,
inndeling av lag,
utnevning av kapteinar,
generalar,
sjefar,
oberstar,
krigerar
you name it - they fought here...
ALLE ville vera sjef

Og det gjekk kjempe greit.
Ingen var utenfor.
Alle hadde sin rolle og var fornøyd med den.
Det var forhandlingar.
Det var ubegrensa med liv.
Det var samhold.
Det var spenning.
Det var lureri.
Kosing med pusar.
Fliring av pusar som spiste popcorn i frå golvet.
Skryt til bursdagsbarnet for "schempe schekke borsdag"!
Skryt til bursdagsmor og bursdagsfar for "schempe goe mad"!

Det var skattejakt etter godis posane.
Jada, meir sukker...

Og plutselig så var det tid for å gå heim.
HERLIG! Tenkte bursdagsmor og bursdagsfar.
For det er veldig kjekt når gjestene kjem,
men jammen er det kjekt når dei går også...

No gjenstår berre ryddinga :)


lørdag 14. januar 2012

Koffert

blocket.se




Frøken Fryd har eit problem,
ho har så lett for å tenka koffert...
Skikkelig koffert humor!

Frøken Fryd jobbar i ein bransje der språket
lett kan koblast til koffert humor.
Ikkje alltid det passar seg det altså,
heldigvis har det gått godt så langt.

Men når du les "stud with one nut",
kva tenker du då, egentlig?
Frøken Fryd ler rått og ser for seg dette:








Altså ein flott fyr (??), men med berre ein balle då...

Det som det egentlig dreier seg om er noko så spenstig som dette:







I eit møte på jobb holdt Frøken Fryd på å gjera det heilt store
då ein av dei andre møtedeltakerane ikkje heilt fant dei orda han leita etter på skrue og mutter, 
han prøvde å komma på det og sa:
"ja, du vett...ein sånn ein dupeditt... så ska' inn i ei duppeditta..." (!!!)
Inni hovudet til Frøken Fryd så eksploderte det jo, moahahahahahahaa!









Og faktisk så kom det ut rå latter på utsida også.
Frøken Fryd kasta hovudet bakover og lo høgt!
Ikkje alltid at filteret funker altså...
Heldigvis så gjekk det greit,
Frøken Fryd var ikkje aleine om å sjå humoren i det. 
(Puh!)

Korleis er ditt filter?
Tar det vekk kofferthumoren når det skal, eller??

Hohoho!
Eli ;)


torsdag 12. januar 2012

Tøffe torsdag





Hei, hurra hurra hurraaaa! 
I dag er det torsdag, tøffe torsdag, dagen før fredag, 
fredagen der Frøken Fryd skal på årsfest med ingenting på seg.
Eller var det ingenting å ha på seg det var, kanskje!?!









Frøken Fryd skal nok komma i havn denne gongen også.
Frøken Fryd kjem til å stilla i samme kjolen som:
i fjor
året før
året før der 
året før der igjen
...








Frøken Fryd tenker at med dei nye skoa ho handla før jul,
eit stort smil,
og litt acessories 
så går nok denne årsfesten rett så bra!
(sjølv om kjolen er gammal)
Tusen takk for gode tips mine skjønne, skjønne bloggevenner!








Dette her vert ei kjekk helg for mange i Familien Fryd.
Frøken Fryd skal som sagt på årsfest med jobben.
Herr Fryd skal også på årsfest med jobben (sin jobb).
Svigerinne Fryd fyller år.
Svigerinne og Svoger Fryd skal flytta inn i nye huset.
Lille Fryden skal på hyttetur med ein kompis
(sidan mamma og pappa skal drikka champis).
Og på søndag skal då altså Familien Fryd til Svigerinne Fryd og få bursdagskake!
Good times!

Har du planar som du ser fram til i helga?
For som dei seier i reklamen, 
"helgen er ikke bare burde-burde"
....



Alle bilder frå danske Bo Bedre, tatt av fotograf Steen Evald.

tirsdag 10. januar 2012

Se min kjole...

...den er altfor liten, alt hva jeg eier, det er smått som den.
Det er fordi jeg elsker sjokolade,
OG fordi Cheeze Doodles er min venn!



Vår alles kjære Bridget, Google.com




Frøken Fryd skal på årsfest på fredag.
Frøken Fryd har "ingenting" å ha på seg.
Frøken Fryd veit at å komma på årsfest med "ingenting" på seg kan bli direkte ufint.
Frøken Fryd har eit problem.




Google.com




Frøken Fryd har kjoler i skapet sitt.
Frøken Fryd har brukt dei kjolane før.
Frøken Fryd trur at alle husker kva kjole ho hadde sist.
Frøken Fryd er nok litt innbilsk.



Google.com




Frøken Fryd ender nok opp med den vanlige.
Frøken Fryd har også "den lille sorte".
Frøken Fryd sin lille sorte er kanskje ikkje så "lille" men den er no svart...
Frøken Fryd får prøva å accezorize it.

*Sukk*

Nokon som kjenner seg att?



"Frustrated", flickr.com

mandag 9. januar 2012

Inspirasjon på ein mandag





Hei på dåke! Ny mandag, ny veke, nye muligheter! Woop wooop! Eg ser til mi store glede at det drypp inn litt nye følgerar her hos Frøken Fryd. Velkommen så mykje skal dåke vera! Eg blir så glad :) I dag vil eg visa dåke nokre bilder som berre får det til å kitla i magen og røsker i inspirasjonsgenet mitt. Eg har lagra dei i mappa mi som HeyHome.dk via Pernille Kaalund og eg synest berre dei er så enormt lekre.











Eg elsker dei kvit svarte kontrastane og kombinasjonen av naturelement og dei støvete pudder fargane som er forsiktig blanda inn. Heilt herlig altså!

Veit dåke kva eg skal i dag? Eg skal på fotokurs som Hildemor arrangerar. Det er Ingeborg Skrudland som skal lære ein fin gjeng Rogalandsbloggerar litt tips og triks når det gjeld fotografering. Eg gleder meg slik til å treffa denne fine gjengen att. Med meg i bilen så skal eg ha med meg Martha, Torbjørg og Lisette (klikk på namna så kjem du rett inn på dei fine bloggane til desse kjekke jentene). Så får me sjå om me finn fram.

Har du noko kjekt du skal finna på denne veka?

Klem Eli

søndag 8. januar 2012

Stjerner og slikt... + oppdatering





Andre nyttårsdag så røyk julepynten rett ut av Fryd Heimen, eller, ikkje heilt ut da, men oppi eskene sine for den. MEN noko vart altså hengande att, og det er fordi den er så fin at den rett og slett berre måtte få bli!









Desse små sølvstjernene og fimoleire hjertene og snøfnugga dei får bli, muligens til påske... Me får sjå. Eg velger å kalla det vinterpynt i grunn. Ellers er det befriande reint for julepynt i Fryd Heimen no, og det var akkurat som om det vart lettare å pusta, og det blei så reint og fint. Frøken Fryd fekk måkt vekk litt anna graps også, satt i saman ting på ein ny måte - og vips så var det ny stova, aldeles gratis, brukte berre nokre kaloriar (og der har eg litt å gå på kan ein sei...).








Eg må også innrømma at eg hang litt rundt på Cathrines Hjerterom for å få litt inspirasjon. Er det ein heim eg kunne ha flytta rett inn i så er det hennas. Oh My God! Ho er så flink, elsker stilen. Ei skikkelig interiør stjerne i mine auger i alle fall.








No må eg innrømma at eg var på salg hos Kull på fredag, og der hadde dei By Nord sin julepynt til 30% så det blei med noko heim ja. Og sidan dette innlegget vart laga på onsdag så må eg oppdatera her på slutten at det spørs om ikkje stjernene stille og forsiktig vert rydda vekk når det vårast litt meir. Fekk med meg nokre elgar, ugler og andre fugler frå Kull. Det var ikkje særlige julete, heller litt vårlig pynt synest eg, så om nokre veker så skal den få komma fram.

Søndagsklem Eli


OPPDATERING:

Kull har nettbutikk via bloggen sin som du finn her, du kan også følga dei på facebook og sjå når dei har fine tilbud, fått nye varer osv. her.

lørdag 7. januar 2012

Some DAY





Inspirasjonsrunde inne hos Blackballoon, snubla over vår og sommar kolleksjonen til Day Home Lifestyle for 2012. Kjenner at eg gleder meg meir og meir til våren eg gitt... Og blir ikkje feil med ein aldri så liten tur for Familien Fryd til Gran Canaria i midten av februar heller. Snakk om å ha noko å sjå fram til!









Herlig samansetning av støvete fargar og ulike stoff.











Ja, takk til alt egentlig. Blir litt sånn ekstrem Ole Brumm variant det. Jammen godt at det er nokon som har bursdag om ikkje så lenge! Mine nære og kjære, frykt ikkje, eg skal vera heilt ekstremt klar på kva eg ønsker meg i år, og ikkje minst kvar dåke kan finna det ;) Be prepared!

Ha ein framifrå laurdag, godt folk!