onsdag 29. februar 2012

Juhuuu, Juju!





I Juju frå Kelly Moore hos fotobag.no

Ønsker meg denne til bursdagen, kjæraste Herr Fryd.
Berre sånn at du veit det, liksom...
(så kan eg bera kameraet også)




tirsdag 28. februar 2012

Om å spisa ut rynker...





Når me var på Gran Canaria no i vinterferien så oppdaga plutselig Frøken Fryd at ho snart er 38 år, og ikkje nok med det... det VISER! Frøken Fryd har fått rynker... heilt sant! På bildet over her jobber Frøken Fryd intenst med å spisa ut alle rynkene, og som dåke ser på det ville blikket, og dei gode hakene, så er ho godt i gong.









Ein av dei stadane der Frøken Fryd la inn ein steikande god innsats for å kvitta seg med rynkene var på Guantanamo. Tru det eller ei! Tidligare har me flira rått og spøkt om at ikkje skal no vel me ha på oss oransje kjeledress og svart sekk over hovudet når me går på restaurant. Men no viser det seg altså at me har jo tatt heilt feil. Det er på Guantanamo avdeling Cuba at dei gjer det. På Gran Canaria så er altså Guantanamo absolutt ein stad å anbefala. Ser litt småsjuskete ut på utsida, og er vel gjerne ikkje ein interiørbloggars våte drøm på innsida heller. Men fy søren som dei kan laga mat!




Flambering av jordbær.





Og servicen var kjempe god! Frøken Fryd bestilte i god tid bord til 13 personer på sin kjære pappa sin bursdag, og når alle gjestene hadde ankomt vart belysninga dempa og servitørane kom gåande med tente stjerneskudd og song "happy birthday" til 65 åringen. Det lille ekstra. Kjempe koselig! Maten fekk me kjapt og den smakte utsøkt, vinen også. Og desserten.... mmmmm....









Heile turen til Gran Canaria vart eit etergilde utan sidestykke. Og Frøken Fryd har ikkje ei einaste rynke att. Det er nummeret før ho ikkje har delt bak, faktisk. Godt er det at me budde eit stykke oppi ei fjellside såpass me fekk gått av oss litt til og frå hotellet.




Til White Bite frå Frøken Fryd




Her sit Herr Fryd og tenker på den rynkefrie, runde og deilige kona si. Dåke ser det på det lett sløra blikket. Er han vel ikkje fin?




Frøken Fryd er ikkje berre storspisar, men også lettare drikkfeldig...
Han med 1000 meters blikket er Frøken Fryd sin kjære lillebror.




Ein annan stad me la att ein del rynker var på Los Geranios på Amadores stranda. Her vart det både lunsj og middag dei fleste dagane... og dessert... og iskald San Miguel...






Frøken Fryd har rett og slett litt abstinens om dagen utan ein iskald San Miguel i kvar hand... og utan banansplit til dessert... må handla sjølv... må laga maten sjølv... til og med vaska opp sjølv sidan oppvaskmaskinen er i streik. Life is hard!









Nei, la oss snakka om kjekkare ting! Kva gjer du for å kvitta deg med rynkene dine?
Eller liker du egentlig best at det viser at du har levd og ikkje er av plastikk?





mandag 27. februar 2012

Tenåringsrommet tar form

Bilde kjøpt her




Jepp, det er ferdig malt, teppe, seng og stol er på plass, og no har mammo begynt på anna stæsjing....
Har som tidligare nemnt rimelig frie tøyler også - I like it!
Men det er klart, alt må godkjennast av Storebror Fryd først.




Bilde kjøpt her





Me er blitt enige om at plakatar eller prints skal rammast inn og opp på bildelist.
Og foreløpig er det to kongar som skal på plass. Begge klikka heim frå Etsy.com
Eric Cantona har royal status i Fryd Heimen, me har til og med hatt ein katt med navnet Eric.





Lysslynge fra Clas Ohlson




I dag har Frøken Fryd fått testa ut sine handy egenskaper også.
Opp i høyden og bevepna med hammer og spiker kom lysslynga i frå Clas Ohlson opp på tenåringsrommet. Det er til og med dokumentert av Herr Fryd sidan denne frøkna har nemt i bloggen at ho ikkje er handy. Eg har likt så godt slynga i frå Granit, men sidan dei ikkje gidd ha butikk i Stavanger så tager man hva man haver... Og han Clas, han leverer! Det var dust og fint lys i slynga, og slyngelen er fornøyd og slettes ingen dust! (med slike "ordspel" bør eg ligga godt an til jobb i VG...)




Rörberg stol i frå Ikea, du finn den her





Stolen vart montert av Herr Fryd i dag, men me har fått utdelt litt av ein Rörberg stol MED armlener og litt av ein Rörberg stol UTAN, så me lyt nok ta turen igjen. Planen var at den skulle sjå ut som på bildet over.

Uansett, no er rommet i ferd med å ta form. Kjekt mann!




søndag 26. februar 2012

You NEVER get your money back at Gran Canaria!!!





Solbrente leggar og ny drakt.
Storebror Fryd har møtt Dr Jekyll og Mr Hyde...
Ei erfaring rikare.



Dr Jekyll & Mr Hyde, evnt. kaktusar og Bougainvillea i skjønn forening...





Skal me kjøpa knockoff produkter på ferie?
Nei!
Gjer me det likevel?
Ja...

Storebror Fryd hadde ein svett bursdagspeng i neven.
Han skulle kjøpa seg Real Madrid drakt.
Den rette drakten vart funnen.
Alt var fryd og gammen.
Smil og lutter glede...

Så oppdaga Frøken Fryd at den splitter nye drakten var skitten og hadde hol.




Tur sti mellom Puerto Rico og Playa de Amadores





Det vart snudd på hælen, og retur til turist-sjappa "Stavanger" i Puerto Rico.
Den 1 minutt gamle drakten vart vist fram til selgaren.
Ny drakt vart funne fram; feil drakt.
Selgaren prøver på nytt; feil igjen!
Smilet til selgaren falmer.

Me er ikkje lengre "kompis".
"Special price for you my friend" er long gone!
Hektisk aktivitet.
Irritasjonen stiger hos kjøper.
Irritasjonen stig hos selgar.
Ei Stavanger jenta har i mellomtida vore innom for å klaga på ei Louis Vuitton veske der glidlåsen var øydelagd før ho kom ut av butikken. Ho var svært frustrert, rasande rett og slett...
Spenninga stig!




Playa de Amadores - vår favoritt strand som me alltid vender tilbake til.





Naive nordmenn som me er forventar å få pengane tilbake.
Ikkje tale om...

Herr Fryd hever stemma, og gjentar at me vil ha pengane tilbake.
(Herr Fryd hever så å seia aldri stemma.)
"You NEVER get your money back at Gran Canaria!!!" er svaret me får glefst tilbake.
Herr Fryd seier svært bestemt at no er han meget sint!
Selgaren er hektisk og stressa.
Storfamilien Fryd er ein stor gjeng, alle er i butikken, og utanfor får folk med seg at ting er på gang.
Stemninga er svært trykka, Herr Fryd og Frøken Fryd tenker på at dei har born med seg.
Ny ladning med drakter vert trylla fram av selger.
Drakt etter drakt vert lagt fram og forkasta av Storebror Fryd.
Han veit kva han vil ha - han veit kva han i utgangspunktet kjøpte.
Han vil IKKJE ha drakt frå fjorårets sesong.
Det SKAL stå Ronaldo på ryggen.
Den SKAL ha krage på.
Me er enige med Storebror Fryd.
"This is not good advertisment for your business!" påpeiker Frøken Fryd.
På dette tidspunktet er pulsen ganske høg.
Me gjentar at me vil ha pengane tilbake.
Men tenk det, at denne spesielle butikken, "Stavanger" i Puerto Rico (sky den som pesten!!!), dei har spesiell hotline rett til banken dei... Sekundet etter at pengane er lagt i kassen så "woooosh" så er dei i banken. The Big Boss har bestemt at sånn skal det vera... Mhm... Woooosh - rett i banken altså.

Til slutt kjem den rette drakten fram.
Den er heil.
Den er ikkje skitten.
Den er frå rett sesong.
Den har krage.
Det står Ronaldo på ryggen.
Gleden derimot er totalt fråverande.

Men selgaren er Mr Hyde igjen.
Smiler med dei råtne tenna sine.
"Now everybody is happy!"
"NO!" - seier Frøken Fryd.
"We are NOT happy! I am your customer, and you are yelling at me! This is NOT good advertisment for your business!!"

Og gjett kva han trekk fram då.
Joda, det er såklart historia om dei fire - nei vent - seks, ungane han har heime som treng mat.
Og ikkje nok med det, eg var der jo på ferie, han må bu der.





Kjekk liten rekkehus landsby oppi fjellsida mellom Amadores og Puerto Rico





Jada, eg veit at dette er bagatellar for oss i frå velstands Norge.
Men for Storebror Fryd var dette svært ubehagelig.
Det var ei brutal oppleving.
Og det var hard lærdom.
Betutta og sure gjekk me i frå Puerto Rico.
Sukka letta over å vera "heime" på Amadores att.
Ei erfaring rikare.
Og tross alt, fortsatt på ferie.
Sol, sommar, San Miguel...

Livet er godt når slikt berre kan børstast vekk i frå skuldrene.
Me er heldige!
Har ikkje mykje å beykmra oss over.






lørdag 25. februar 2012

Brrrr...!

Frå dei nydelige gatene i Puerto de Mogan




Ja, då var det gjort... me har vore på Gran Canaria.
Jammen går tida fort i godt lag!
Vips så var veka over.




Jada, frå Puerto de Mogan dette også...




I går kveld landa me på Flesland,
og vart brutalt ønska velkommen av norsk vestlandsvær.
På veg til longtidsparkeringa med koffertane våre
blåste og regna det midtskill på oss.
Bleurgh!




Erlend og moffen i Puerto de Mogan

Kunne vore Kardemomme By - men er Puerto de Mogan





Jepp, no trengde eg berre nokre bileter å varma meg på.
Me har tatt ca. 400 bileter, så fleire kjem.
Og WhiteBite, det er klart at det kjem bileter av Herr Fryd.

No skal eg ha meg ein herlig bloggerunde og sjå kva dåke har
funne på i den ca. 1,5 veka eg har vore off line.
Kjekt å sjå at mine forhåndsplanlagte innlegg la seg inn som eg hadde tenkt.

Frossen klem frå Eli

torsdag 23. februar 2012

Frøken Fryd's Bursdagsønsker

"Hei, hei!"





Denne usedvanlig koselige puta står her og vinkar varmt velkommen til sine nye venner.
Desse vennene har ikkje komt i hus enno.
Dei er faktisk ikkje kjøpt enno.
Men Frøken Fryd ønsker seg dei.
Så følg med no, dåke som lurer på kva Frøken Fryd ønsker seg til bursdagen sin.





Frå nettbutikken til ZanZ *drømme-drømme*




Denne skjønnheten (øverst) frå Day kan du klikka heim frå Frøken Fryd sin drømme butikk, ZanZ.
Treng ikkje løfta på rompa ein gong for å handla til meg ser du. Netthandel er ein fin ting!
Passar veldig godt inn i sofaen i Fryd Heimen denne!



Frå nettbutikken til Bolina - ganske digg den også...




Ja, så er det jo kulasen over her da, han har hatt nokre magre månader, men eg trur han er mjukare enn han ser ut til. Om det er nokon som ikkje har fått med seg at Frøken Fryd har ein svakhet for hodeskallar så er det anten nye følgjerar eller så har du ikkje følgt med altså *kremt*. Denne kan du med letthet klikka heim i frå Bolina sin nettbutikk.




Frå ZanZ sin nettbutikk.





Desse nydelige Wave lyslyktene frå Tine K står også på Frøken Fryd si ønskeliste, og dei kan du finna hos ZanZ samtidig som du leitar etter putene over, og når me er inne på puter, igjen, så ønsker eg meg også den som du kan skimta på bildet over her.




Frå ZanZ sin nettbutikk.




La det bli lys - meir lys - lys-lys-lyyyys! Lyslykter går det ikkje an å få nok av.
I frå ZanZ såklart...





Frå nettbutikken til Cornelias Hus





Fine serviettar er det jo alltid kjekt å ha på lager! Desse er frå Tine K og kan netthandlast frå Cornelias Hus som har mykje anna snadder som ein kvar kan ønska seg.




Frå nettbutikken til Cornelias Hus





Eg elskar å laga fine pakkar, og då høyrer det jo til fine bånd. Hadde vore kjekt å få ja :-) Også desse i frå Cornelias Hus.

Ja, kjære familie :-) Då skulle dåke ha litt av kvart å velga i, kan godt vera at det kjem fleire hint framover.






onsdag 22. februar 2012

Nytt kamera!

Ugle frå By Nord med verdas søtaste tær...





Frøken Fryd har fått nytt kamera,
det vil sei... Frøken Fryd har ikkje FÅTT,
Frøken Fryd har brukt sine surt opptjente
kroner til å KJØPA seg nytt kamera.









Oj oj for ein forskjell.
NO er det kjekt å ta bilder no.
Antageligvis så kjem Frøken Fryd til
å sjå ut som om ho driv og dyrkar fram eit
Canon EOS 500D på nasen frå no av.
Og så er det myyyykje å setta
seg inn i og mykje å
læra :-)









Tok eit bilde av Herr Fryd i stad, 
og det blei kjempe fint. Det i seg sjølv er jo ikkje
så rart egentlig, for Herr Fryd er jo ein meget pen mann.
Har egentlig lyst å legga det ut, men sidan han 
hadde nett spist ei kokosbolle, og det viste
ganske godt, så skal eg la det være.









Kva synest dåke om den nye lampen, forresten?
No er den komt på plass :-)





tirsdag 21. februar 2012

I varmare strøk





Om du lurer på kvifor Frøken Fryd er så kjip på å kommentera tilbake om dagane så har det si forklaring... Eg er i syden, moahahahahahahaaaaa! Var eg stygg no? Beklager det altså. Litt, i alle fall...

Tenkte berre å dela nokre bileter med dåke som eg har hatt i inspirasjonsmappa mi, som er kjekke å bla fram og tilbake i når det er mørkt, kaldt, grått og vått ute.









No er det ikkje her eg bur da, men det kunne ha vore... ;-)









Hadde du funne roen her, eller?









Eg hadde nok slappa rimelig godt av her ja.








Men sånn uansett da, så tusler eg i dette øyeblikk rundt i sol og varme, er brun og lekker, sikkert tynn og glamorøs nett som dama på dette bildet. Veit ikkje om dette er Marilyn Katsaris herself som er avbilda, men ho er i alle fall interiørarkitekten bak denne herligheten som ligg på Tinos i Hellas.




Alle bileter er tatt av Yiorgos Kordakis




Ja, så har dåke litt solstråler og varme tankar i frå Frøken Fryd i sydens land.

Varm klem!



mandag 20. februar 2012

Lysfat






Benyttar godt lys til å knipsa litt.
Samt å bruke litt triks som me lærte på
fotokurs når det er mykje motlys. Eg holdt opp
aluminiumsfolie mot sola, slik at lyset kom i 
frå begge sider, då vart ikkje det så mørkt
på skyggesida :-)

Likar slike gratis tips eg!


lørdag 18. februar 2012

Ny lampe!






Skjønnhet frå Indiska!
Eg falt totalt for ein liknande
inne hos Hviit men den
er doble prisen.
No gleder eg meg til Herr Fryd skal henga den opp,
eg er nemelig ikkje slik som mange av dei andre
damene i bloggeland, handy og tøffe og 
fulle av Do-It-Yourself!

Fin?




onsdag 15. februar 2012

Pimp my Ikea!






Dette er ikkje eit jækelskap,
det er eit pimpa Ikea skap...









Frøken Fryd har til og med pimpa det sjølv.
Mhm! All by myself! Einaste Herr Fryd trengte
gjera var å skifta ut knotten. (På skapet ja, PÅ SKAPET!)
Så no er det slik som me vil ha det.









Eit par strøk med magnetmaling,
eit par-tre strøk med svart tavlemaling,
herlig sjarmerande og ikkje perfekt ;-)
og vips så har du eit heilt nytt skap.
Kan nok vera nok med eit eller
to strøk med tavlemaling.
Magneten blei litt svak.
Tavlemaling
er tjukk!









Er det ko-ko å kjøpa eit nytt skap,
for så å endra på det umiddelbart?

Har du noko som er Ikea Pimpa?