søndag 13. oktober 2013

Kva gjer deg glad?





Ja, kva gjer deg glad?
Veit du kva som gjer meg glad? Det er ganske mykje faktisk...
Eg blir glad av å sjå denne gule puta i sofaen, ekte materiell lukke! Den er så fin og gul, som ei lita solstråle i stova. Og å parkera kinnet på den når eg skal snorka meg gjennom middagsluren er himmelsk. Den er så mjuk. Litt økonomisk glede skader heller ikkje, den kosta meg under 80,- kroner.

Utover puteglede så vert eg glad for sol utanfor også, ikkje berre sofasol. I går var det ein fantastisk dag for ein bytur, med unntak av parkeringsmulighetane da - dei var tragiske. Eli, som sjeldan er ute i god tid, kom skikkelig for seint til avtalen. Når eg køyrde ut mot byen så kom eg på at ein kollega nevnte at det var haustmarknad i byen, i tillegg til at det var laurdag og me skulle møtas klokka 13. Til og med eg la saman i hovudet at; wooopsie - kanskje det vert litt vanskelig å parkera i dag? Kanskje du skulle vore ute i bittelitt betre tid? Vel, det vart ein superduper bytur med ei god venninne - ein me hadde avtalt for lenge sidan - og været kunne ikkje ha vore betre. Me hadde god tid, det var mange folk å sjå på, me åt deilig lunsj og fekk til og med shoppa litt. Ja, shopping gjer meg glad!







Ein ting eg ikkje er spesielt glad i er å laga mat. Så på biletet over her er eg på vei til å henta litt deilig indisk take away - fy søren så herlig. Å komma heim, dekka bordet, og spisa ein herlig middag så eg ikkje har laga sjølv. Nam! Det gjer meg glad.

Til helga skal eg ein tur til Bergen, vissheten om dette gjer meg glad, og har gjort meg glad i fleire månader. Reknar med å treffa ein del av dykk også der! Eg skal bu på hotell - det gjer meg glad, eg skal bli inspireret - det gjer meg glad, eg skal treffa folk for første gong - det gjer meg glad, og eg skal treffa folk igjen - det gjer meg glad. I tilleg skal eg drikka øl - det elsker eg! Og så blir eg enno gladare når eg drikk øl, yadda!! Ikkje minst vert eg fantastisk morsom, og finare, ølbriller er eit faktum! Og sist, men aldeles ikkje minst, skal eg treffa broren min - det gjer meg veldig glad!

Ja, så då lurer eg på, kva gjer deg glad??



onsdag 9. oktober 2013

Om å gi

Via

























Det er ein underlig ting dette omkring følelsen ved å gi...
For av og til er det å få lov til å gi noko til andre ei gåve ein gir til seg sjølv.

Litt vanskelig å setta ord på det i grunn. Meinte du kva eg forstod?

Dei siste dagane har vore intense. Eg har fått lov å bidra i noko som er umåtelig stort og heilt enormt viktig. Ikkje berre for ein person - men for ein heile haug med folk. Eg har fått lov til å bruka tid og energi på noko som har gitt meg umåtelig mykje tilbake. Og eg veit at det er mange med meg som sit att med samme følelsen. Eg snakkar om kampen til Renate, og bloggen  Størst av alt er kjærligheten (som har ei facebook side med samme navn) som er oppretta for å finansiera livsforlengande behandling for Renate. Ein aldeles utrulig gjeng som går saman og kjemper ein kamp mot tida for sin gode venn, Renate. Eg vert rørt av omsorgen dei viser, gleden dei viser av å ha anledning til å gjera noko for sin kjære venn. Eg vert også rørt og gnistrande engasjert og glad av å sjå kor mange som hiver seg med. Som deler og tipser og held liv i Størst av alt er kjærligheten med framsnakking og oppmerksomhet - og som med varme bryr seg, og viser det! Keep it up!

Av og til så er det så stort å få lov å gi - at faktisk - ved å ta i mot så gir du ei vel så viktig gåve tilbake.

Den største gleda du kan ha er å gjera andre glad - det er altså ingen klisjé...!






søndag 6. oktober 2013

Størst av alt er kjærligheten!

Foto:Guro Hansen




Renate er 34 år. Mor til Marcus. Kjæresten og kona til Kenneth.
Renate er søster, tante, datter, svigerdatter, svigerinne og venninne.
Renate er matmor til Tinka, Tess og Simba.

Renate har uhelbredelig eggstokkreft med spredning, og er gitt opp av norsk helsevesen.


Brutalt.

Det finnes håp om livsforlengende behandling.
Ingen kur, men livsforlengende behandling og håp om høyere livskvalitet og mindre smerter.
Håpet heter CyberKnife og er en type konsentrert strålebehandling, uten smerter og bivirkninger for pasienten.

Men håpet har en pris.
Denne maskinen finnes ikke i Skandinavia.
Via Helseservice finnes tilbudet om CyberKnife i England, Tyskland og Tyrkia.

For å kjøpe håp og tid har Renate's nærmeste gått sammen for å starte en kronerulling.  Det vil bli arrangert aktivitetsdag, auksjoner, loddsalg... Som et ledd er bloggen "Størst av alt er kjærligheten" etablert. Her kan du lese mer om Renate, om sykdommen, behandlingen og livet som uhelbredelig kreftsyk.


Foto: Guro Hansen



Renate er tvunget til å gi slipp på fremtiden sin, hun har mistet kontrollen over eget liv. Kontrasten er stor mellom nedturer og oppturer. Det å klare å gå på butikken for å handle, lufte hundene sine eller rett og slett å ta oppvasken er aktiviteter Renate setter stor pris på å klare. Hverdagsting som vi alle tar for gitt.

Sykdommen suger energien ut av kroppen med store smerter og sterk medisinering. Den gjør at Renate mister seg selv, personligheten sin og alt som gjør henne til en kvinne. Renate som er en brennende engasjert dame, som har sterke meninger, som er lidenskapelig, tydelig, sterk og glødende mister seg selv. Det finnes ikke nok energi i kroppen til å mobilisere engasjement. De få gangene hun kjenner at engasjementet tar tak løfter henne opp i lykkerus. Andre dager gjør smertene henne så utmattet at tanken på å ta en dusj er ugjennomførbar.


Foto: Guro Hansen




Kjærligheten er intens på lånt tid. Kenneth er Renates hverdagsengel. At noe skal hende med Kenneth gir Renate sterk angst.  Kenneth handler, lager middag, tar oppvasken, oppmuntrer, elsker, støtter, varmer. Kenneth er der, han er varm, nær, ydmyk og trygg. Det er vondt å være tvunget til et pasient / pleier forhold med sin ektemann. Renate lar ikke de negative følelsene ta overhånd, bitterhet og selvmedlidenhet kunne lett dominert hverdagen, og selv om sommeren 2013 var svært tung med depresjon i tillegg til sykdommen står Renate imponerende sterk, som en bauta. Likevel er man alene om de verste tankene, vissheten om hva som skal komme, seigpiningen, måten å dø på. Det er nettene som er verst.





Via


Det er de nærmeste som holder Renate oppe. Hundene får henne ut av senga hver dag, om hun så må gå krokbøyd som en 90 åring gjennomføres lufteturen. Noen ganger er hun så dårlig at hun må legge seg rett ned på bakken. Sykdommen endrer valgene man har og tar. Det handler om leve, hver dag, være i nuet. For Renate kan ikke lenger planlegge. Hun er åpen og tolerant, luker vekk ubetydeligheter. En naturlig konsekvens av sykdommen er en overveldende oppmerksomhet fra omverden. Mange velmenende råd blir gitt om alt fra kosthold til bøker og medisinering. Og mange ønsker å hjelp til. Det er vanskelig! Vanskelig å ta i mot hjelp med vissheten om at man antageligvis ikke kan hjelpe tilbake.


Eli for Renate

Øyeblikk




Du veit når sola skin, når du har kjøpt jordbær, sit ute og ser "det perfekte bæret" i korga.
Du plukker det opp, andektig.
Held det i stilken, vender det sakte rundt og beundrar det medan smakslaukane dine forbereder seg.
Kanskje snusar du inn den friske dufta.
Så later du att augo, åpnar munnen og tar eit bet...
Tennene lagar perfekte spor, safta breier seg i munnen og ein er nødt for å komma med eit lite {mmmh!}
Neste gong du ser det perfekte jordbær så veit kropp og sansar kva dei har i vente, det kan vera nok berre å tenka på eit jordbær for å få samme lykkefølelsen.

Slik burde me gjera med dei gode øyeblikka våre.
Studera dei.
Memorera dei.
Smaka på dei.
Nyta dei.
Kjenna på dei.
Huska dei.
Ta dei fram att...

Dette har eg blitt ekstra var for denne helga.

Ei glødande sterk, klok og viljesterk dame har imponert meg.
Ho sa: "det handlar om å leva!"
Audmjuk, engasjert og imponert sit eg att med inntrykk, avtrykt i hjertet.
Me har så mykje å læra, sjølv om det heile egentlig er så enkelt.
Det er no! Lev! Elsk! Kjenn! Nyt! Føl!
Øyeblikk... ta det!!


tirsdag 24. september 2013

Mitt sitt...

Bilete tatt heime hjå Mitt Sitt



I juni var eg på bloggtreff i Viksemarka, det var Karianne som åpna heimen sin og som i samarbeid med Maia arrangerte eit heidundrande bloggtreff! Eg tenker stadig tilbake på den dagen, det var heilt topp! Om du lurer på korleis det var så kan du lesa meir her.

Uansett... Karianne sin heim er ein av dei mest smakfulle og gjennomførte heimane eg har vore innom, og den var personlig og koselig i tillegg. Litt av ein bragd synest eg. For om det er for gjennomført kan det fort bli kaldt, det samme om det er for smakfullt, då kan det fort bli for perfekt. Men heime hjå Karianne så har du den perfekte miksen av design, gamle gjenstander, DIY og ein god dose personlighet og sjølvsagt ein ekstrem dose med god smak. Eg gjekk rundt med store auger, faktisk så gjekk eg rundt og rundt, eg fekk liksom ikkje nok. Inspirasjon i bøtter og lass!



Bilete tatt heime hjå Mitt Sitt



Om du ikkje har vore innom bloggen til Karianne så heiter den Mitt Sitt og du finn den her. Det er berre å velta seg i inspirasjon, og dama sjølv er knakande kjekk og vakker som ei hulder.

Kos deg!


(Bileter vises med tillatelse frå Karianne)





torsdag 19. september 2013

Om å toppe Tobias...






Jada, me har toppa Tobias...!
Ok, så hadde Tobias eit mega kult tårn - men han har ikkje nubbesjans mot tårnet vårt.  Nope!

Trur dåke for eksempel at Tobias hadde ei så majestetisk seng?
Hm??
Eller at han hadde Mozart kuler på puta?
I don't think so...







Ser du "kommoden" til venstre for senga?
Nødutgang...
Jepp, seriøst! Nødutgang!
Nøkkelen hang i ein raud boks som me diverre ikkje kunne åpne med mindre det var eit nødsfall.
Og heftig nyskjerrighet er nok ikkje nødsfall stort nok...
Dette tårnet i slottet Schönburg var berre heilt enormt stilig!
Heile slottet var jo det.
Eg gjekk meg vill.
Jada, og ikkje berre ein gong.
Heile tida oppdaga ein nye krinkelkrokar og tøffe detaljer.







Utsikt i frå alle kantar!

Me hadde balkong også.
Det var så høgt at me vart svimle utpå der...
Litt anstrengte smil, men det var litt euforisk å vera utpå der også...!










Kva synest du?
Toppa me Tobias, eller?




tirsdag 17. september 2013

God energi





Har du lagt merke til at nokre rom har ekstra god energi?

Som nevnt i forrige innlegg var me i Rihndalen med jobben min forrige helg.
Og me budde i eit slott. Schönburg.
Rommet som eg og Johnny budde på var i eit tårn, her kan du sjå det.
Enromt stilig! Rommet var rundt inni, og eit lite kakestykke av rommet var badet.
Og på badet var det ekstra god energi...!
Eg kjente det kvar gong eg kom inn på badet, at der var det ekstra godt å være.
Sola skinte inn blyglasvindauget, tjukke gode morgonkåper, fluffy, kvite handkle.
Det var flotte fliser, og så reint og fint og ordentlig! Til og med bidét var det der...
Såpe og shampo var oppi karaflar.
Og så har me utsikta... Jada, det var til og med utsikt i frå badet...!
Rett ut av vindauga såg me ned på det kulaste taket - og som du ser så hadde dei ein veldig spesiell måte å legga taksteinane på, såg litt ut som slangeskjell. Om me lente oss bittelitt ut vindauga såg me på muren rundt slottet og markane ovanfor - herlig! Ikkje værst å ha gode øyeblikk på eit bad. Det var ein fest å gå på do!

Eit skikkelig smilerom!




søndag 15. september 2013

Rikt!





Forrige helg var eg med jobben min på tur til Rhindalen.
Det var ikkje ein jobbetur, berre ein sosial tur - MED følge.
Me er heldige!

Bildet ovanfor her er av eit av dei herlige øyeblikka me hadde på turen.
Midt i ein vinsmakingstur i den mektige naturen.
Og veit du, me budde på eit slott!
Eg skal visa fleire bileter frå fleire øyeblikk, for eg lover, dei var det mange av!

Men tilbake til øyeblikket ovanfor...
Me står midt blandt bratte vinrankar, lufta er mild, gode kollegaer og kjære er rundt oss.
Rhinen renn sakte langt nede i dalen.
Slottet me skal bu på ligg rolig og ventar på oss, mektig, spennande og fantastisk.
Glas med musserande rødvin står på bordet og ventar på oss.
Heile helga ligg foran oss.
Kjenner det i magen, at livet er godt, og munnvikane krøller seg oppover og får augo til å glitra.
Å glede!
For ein rikdom...



 

lørdag 14. september 2013

Carrie!





Eg har stor lommebok...! Altså, i fysisk størrelse, det er ikkje nødvendigvis så store seddelbunkar i den.
Eg er absolutt klar over at størrelsen ikkje har noko å seia, men ei stor lommebok, ja den tar stor plass.

I sommar kjøpte eg meg ny veske, ei Marc Jacobs veske, type liten. Type "så liten at den store lommeboka tok all plassen i veska"  liten! Ikkje bra... Difor slo eg hardt og brutalt til når eg fekk anledning til å testa ut dette mobil-coveret med plass til kredittkort og sertifikat på CarrieAlong.no. Perfekt til den nye veska! Ikkje minst passar det meg perfekt å handla på nettet, ingen kø, ingen som sniker eller står i veien for det som eg vil sjå på. Og så kjem varene på magisk vis i ein postkasse nær deg. Dei har ikkje berre mobil-cover på CarrieAlong altså, dei har vekser, ryggsekker, lommebøker, kofferter, pc vesker... Og ikkje minst har dei mange kjekke merker, Tiger, Fjällräven og Samsonite for å nevna nokon.







Namnet Carriealong minner meg om Carrie frå Sex & the City... Ho hadde nok valgt seg ut eit mobil-cover med mykje høgare bling faktor, men ho om det... Eg likar godt dette i skinn, som berre vert finare og finare til meir det vert brukt. Ikkje heng strømpebukse og sjal seg fast i det heller, slik som det gjer med bling-ting... Er du Sex & the City fan? Anar ikkje kor mange gongar eg har sett denne serien, men det er så deilig å berre lena seg tilbake og sveva inn i ei verd av Manolo Blahnics, bling og jentehumor... Og så når eg slår av, og er tilbake i sofaen med ulltrøye og joggebukse og ein mage som buler av altfor mykje sjokoladeis, så kan eg berre ta ein episode til. Herlig! Litt virklighetsflukt kan me alle trenga ein gong i blandt.




Via





Herlighet som eg har humra, flira og gapskratta av desse fire, flotte damene... Samantha med kofferthumoren. Kjenner meg godt igjen i den. Charlotte som er litt for snerpete og naiv av og til. Lynskarpe Miranda med den kvasse tunga og sjarmerande og klumsete Carrie som alltid har eit fint skråblikk på livet. Eg som deler postkasse med ein mann, to gutar og to hannkattar treng litt slik input av og til.

Favorittøyeblikket mitt i frå serien, i alle fall eit av dei, er når Samantha har brukt falske brystvorter for å få oppmerksomhet. Og så berre grafser ho dei ut av kjolen og sleng dei på benken, eg lo så eg fekk tårer i trusa!! Kva er ditt favorittøyeblikk i frå serien, eller filmane??








søndag 1. september 2013

Hardet på badet!





Me er veldig glade i huset vårt, men badet er ei utfordring. Det er så innmari lite... Det er heller ikkje mulig å slå ned vegger for å laga badet større - med mindre me då kombinerer inngang/bad, eller eventuelt berre slår ut heile ytterveggen og har åpen bad løysing med dusj og do ute i det fri.








Uansett så har me gjort det beste ut av det me har. Badet er kvitmalt, dusjen er ny, sprengstoff kassane er gamle (kjøpt hos Cathrine) og fungerer som oppbevaring av do-ruller og handkle. Og badet fungerer det, men best om me er ein og ein... Me har pynta med ein blom frå hagen, levande lys, steinar i frå Danmark og litt dufteolje som eg kjøpte på Kull. Den kan komma godt med - i vår familie skit me ikkje blomster i alle fall... men det hadde vore stilig da. Tenk å ha eit så fantastisk tarmsystem at du ikkje berre produserte gjødsel men at det kom Ranuklar, Tulipanar eller Hortensia ut bak...? Hmmm, den duftolja vår dufter av roser da, eg trur kanskje eg hadde valgt vekk akkurat å produsera roser - dei stilkane der hadde nok vore ei utfordring!






På badet har me også to GodMorgon veggskap i frå Ikea. Mann og guttaboys deler eitt, og mor har eitt heilt aldeles for seg sjølv...









Jada, slik er det når ein er einaste dame i husstanden. Forresten så har me lagt inn ei ordning med at gutane har kvar sin dag der dei må vaska toalettet. For det er ikkje berre fordeler å dela bad med slike som står og tisser. (For ordens skuld så presiserer eg at eg IKKJE er ein av dei. Eg treff der eg skal. Kvar gong. Sittande. Alltid.)

Korleis har du det på badet? Har du stort bad? Lite bad? Badekar? Nyoppussa bad? Har du ikkje bad? Har du grisefint bad? Har du passe fint bad? Står du og tisser? Får du hjelp til å vaska badet?
Fortell, fortell :-)




lørdag 31. august 2013

Gnistrande grønt!




På kjøkkenet vårt har me ei gardin av gnistrande grønne planter, eg elsker den gardina!
Ja, der står visst nokre kokebøker også. Dei vert ikkje brukt så ofte, eg likar ikkje å laga mat.
Hadde helst sett at den vart levert på døra, eller som på Galtvort at den berre kom på bordet på magisk vis når me har satt oss ved spisebordet. For å spisa mat, DET liker eg...




Likar du å laga mat?

Har du tips til ein blogg med lette oppskrifter som ikkje krever at ein må springa rundt for å finna mystiske ingredienser? Eller har du sjølv tips til gode oppskrifter som ikkje krever den store kokkekunskapen, og som aller helst ikkje tar så lang tid? Det er middagstips eg søker. Lim gjerne inn lenke til egen blogg dersom du har innlegg med kjekke middagstips :-)

Pretty please, with sugar on top!



torsdag 29. august 2013

Eli vil ha New Dehli




Eg sat lykkelig og uvitande og surfa litt på den store verdsveven, eller internettet om du vil.
Og plutselig, plutselig så ville Eli ha New Dehli!
Det er sjølvsagt slikt som kan skje når ein utset auge-epla for herligheter.
Eli hadde snubla over Kremmerhuset bloggen, og der stod den... New Dehli benken...!






Enkel og fin, rein og rolig, fristande fristande fristande...!
Perfekt med nokre spreke puter til.
 
Og eg som nettopp har kjøpt benk til gangen.
Har ingen stad å plassera Eli sin New Dehli.
Så mest sannsynlig vert det ingen øyeblikk på New Dehli for Eli.

Dersom du likar den, så kan du springa i rasande fart til næraste Kremmerhuset butikk, eventuelt så kan du faktisk bestilla den på Kremmerhuset sin nettbutikk... Tenk det...! Klikk, klikk så er den din ;-)

(dette er IKKJE eit sponsa innlegg, berre eit inspirert eit...)


tirsdag 27. august 2013

VM i idiotkøyring!




Eg undrast over kvifor ein har valgt å arrangera VM i idiotkøyring på motorvegen her i Stavanger.
I tillegg så undrast eg over kvifor ein har dette arrangementet kvar dag...
For det første så er det jo ein særs ueigna stad å putla på med slik galskap.
For det andre så vert det særs upraktisk for oss andre sjåførar å forholda oss til.

I dag for eksempel, når eg køyrde heim frå jobb, så var det to av deltakerane i VM i idiotkøyring som tok sats i fartsaukefeltet og kappast om å vera førstemann forbi høgrefeltet og over i fartsfeltet. Begge to kom seg til fartsfeltet da, men berre den eine kom først. Ein annan deltakar, som låg i høgre feltet, trudde at eg var ekstremt intuitiv. Han hadde tenkt seg over i fartsfeltet, der eg låg,  og rekna med at eg visste dette. Difor var det heilt unødvendig av han å signalisera med blinklys, sjekka at eg hadde oppfatta situasjonen, eller om det var praktisk mulig for han å svinga veldig kjapt til venstre og legga seg foran meg. Heldigvis så har eg instinkt, eg har ein hjerne som sendte eit signal via ymse nervebaner og ned i min venstre fot slik at eg kunne bremsa farten og hindra at bilane våre vart klistra i saman. Det er så upraktisk i slik høg fart, i tillegg så vert det veldig dyrt og ikkje minst lang kø for dei andre bilistane som vil heim til middag når me sprer bilane utover i begge felta på motorvegen.

Ein annan interessant ting på motorvegen er eigerskapen sjåførane har til feltet dei ligg i. Eg har alltid trudd at dette skiltet betyr fletting:







Men no tok jo eg sertifikatet på Stord, og det har antageligvis ei anna betydning her i Stavanger. Eg trur kanskje at her i Stavanger så betyr det skiltet at du må komma deg inn på motorvegen så fort som f*en, ikkje bruk fartsaukefeltet, køyrer du til enden av fartsaukefeltet så er du fu*ked, då får du ikkje komma innpå motorvegen og rykker tilbake til start utan å få utbetalt 1 million...

Avstand til bilen foran er også noko som gjer køyringa ekstra spennande, av og til så tenker eg at kanskje bilen bak ikkje har egen GPS og treng å bruka min og at det er difor dei kjem så nær. Eller også er det det at dei likar meg ekstra ekstra godt og berre vil vera så nær meg som overhodet mulig - det er nok den mest sannsynlige forklaringa sidan vår GPS er relativt liten og plassert nede i venstre hjørne av frontruta. Ja, forutan at eg er usedvanlig likandes då, såklart...

Medan eg er inne på dette med køyring i Stavanger så kan eg jo bevega meg ut av motorveien og inn i ei rundkøyring. I Stavanger er det om å gjera å ha høg fart inn i rundkøyringa slik at du vert førstemann, då har dei andre sjåførane vikeplikt for deg. Alle blinkar seg inn i rundkøyringa, og så fortset dei å signalisera at dei skal til venstre-venstre-venstre-veeenstreeee medan dei køyrer ut av rundkøyringa til høgre. Dette forstår eg berre ikkje, og har egentlig ikkje noko anna forklaring enn at dei er nokre herlige tøysekoppar som likar å finta ut sine medtraffikantar med å signalisera som om dei skal køyra rundt og rundt og rundt og rundt inn i evigheten for så plutselig å skyta ut av rundkøyringa medan du står der som ein idiot.

Som eit forebyggande tiltak har eg begynt å ha yoga musikk i bilen no, slik at eg skal halda pulsen på eit normalt nivå, eg er så lite sjarmerande når langfingrane skiller lag med resten av fingrane, og r'ane mine rullar rundt i ord som i Donald vert oversatt til støvskyer, lyn og hodeskallar. Nei, det er ikkje berre blåbær å køyra rundt her i oljebyen... (difor biletet av blåbær ja...).

For døme på yogamusikk, trykk her og ja, du må høyra heilt songen. Kos deg!






søndag 25. august 2013

Oh shit!



Sidan eg er så heldig at eg vart invitert på forening/klubb til ein bukett usedvanlig flotte damer på sommarøya Stord fredagkveld, spant eg avgårde rett etter jobb. Mamma og pappa var på naustet, og sidan eg sov i huset deira så ordna mamma det slik at eg var invitert til frukost hjå min kjære bror og svigerinne laurdag morgon. Ho kunne jo ikkje risikere at eg falt omkull foran brødboksen i Åsringen, Gud forby, eg er jo berre 39 år, det kunne gått aldeles gale...! (Ja, eg har verdas skjønnaste mamma, utan tvil, garantert, bombesikkert, for sure, absolutt & di). 

Hjå min kjære bror og svigerinne bur også mi vesle niese, Vilde. Ho er snart tre månader og søt som sukker, så dåke veit, eg gleda meg veldig til dette.

Det var veldig kjekt i forening, og det vart seint. Når eg kom heim så måtte eg ta ein bloggrunde, det vart enno seinare, men til slutt fekk eg slept meg i seng. Eg vakna halv åtte. Normalt våkner min ekstremt rutineprega kropp kl. 05:30 for litt morgensildring. Meget fornøyd med at eg hadde hoppa over morgonsildringa, på det vanlige og ekstremt irriterande tidspunktet, la eg meg til å sova att, sånn ca. ein time til vart eg og kroppen min enige om. 

Yeah right. 

Eg vakna igjen. Strekte meg fornøyd. Såg at sola skinte. Trykte på mobilen for å sjekka klokka. 
10:37...!
WTF?????
10:37????
Jepp, 10:37...
Og min kjære bror hadde sendt melding kl. 9.
Eg var hjertelig velkommen til frukost kl. 09:30.
Kl. 09:40 hadde han ringt.
Kl. 10:05 sendte han bilde av ferdig dekka frukostbord (med skrikande tarmar kan eg tenka meg, for det var lekkert!!!).
Og når var det gjesten vakna?
Kl. 10:37.
Skam!
Skam! Skam! Skam!
Det var med veldig flaue fingrar eg trykte på knappen for ubesvarte anrop.
Det var med skamfull røyst at eg beklaga min uhøflighet.
Det var med lynets hastighet at eg jamrande hoppa utav senga og inn i dusjen.
Det var med skrikande dekk at eg køyrde til frukost... nei... lunsj...!
Det var med skamroser i kinna at eg ringte på døra.

Ikkje mitt stoltaste øyeblikk...
Skam!

#denfølelsen





lørdag 24. august 2013

Ro

Ja, så sit eg her da. På naustet. På brygga. I sola... Det er varmt, godt, fredelig og deilig. Vatnet klukkar under brygga, båtane tøffer forbi. Pappa les avisa. Eg og mamma småpratar. 

Heilt greit. Eg har det heilt greit! 



fredag 23. august 2013

Egentid

Fredag. 
Ferdig på jobb.
Sol (!)
I bilen.
Aleine. Altså har eg på MIN musikk, så høgt som EG vil. Har tatt favorittsangen på repeat på spelelista (4 ggr på rad med "kagjørdunodåeh" med Fjorden) berre fordi eg kan...
Skal på venninnekveld i kveld. To timers biltur inkludert ferjetur. Så her sit eg då, med iskald brus, Ineriørmagasinet på fanget, tortillachips og Walters mandler i setet vedsidan av. Konge!

#denfølelsen




torsdag 22. august 2013

Venn


I går var eg på ONS Norway med jobben min. Mykje folk. Ingen umiddelbart kjente utanom dei eg kom med. Mange inntrykk, om å gjera å vera "på", føler meg litt fortapt. Då såg eg ho... Tutto! Barndomsvenninna! Som ein oase, blond og fager, mild og fin, trygg og kjent, stod ho der midt i blant alle desse andre. Og eg måtte berre stå og sjå litt før eg brøyta meg vei. Ho lyser opp og åpnar armane i ein god klem. Og dei finaste ord kjem ut og når øyrene mine, sprer seg i kroppen, får munnen til å smila før dei krøller seg saman rundt hjerterota. Tutto. Ho skulle jo ikkje vera her. Ho bur ikkje i Stavanger. Det var berre så rett at ho var akkurat der, akkurat då. Venn!



Foto © Eli Nernes

onsdag 21. august 2013

Blanke ark og første øyeblikk




Første blogginnlegg på ei stund, og det vert med blanke ark...

Nytt namn.

Ny header.

Nytt fokus.

Fortsatt Eli.

Frøken Fryd har skifta namn til Øyeblikk, og det er fordi eg, Eli, ønsker å legga fokus på dei rike stundene i kvardagen. Det er så mange av dei, men det er ikkje alltid eg ser dei - og det er søren meg alt for gale!

Eg kjem nok til å fortsetta i "Frøken Fryd stil", men hovedfokus er på øyeblikk i kvardagen. Om du har øyeblikk som du vil dela med meg og dei som er innom kommentarfeltet her på Øyeblikk, ja då vert eg oppriktig glad! Eg trur at du fortsatt skal kunne finna meg om du har lagt meg inn i bloggrollen din - om du vil bytta namnet frå Frøken Fryd til Øyeblikk er det topp - om du fortsatt vil følgja meg vert eg lukkeleg!

Og her kjem første øyeblikk;

1. Naustet
Eg har fått to bonusferiedagar av sjefen og er på naustet hjå foreldra mine. Mamma og pappa har laga frukost til meg. Det er mektig vær ute!  På radioen høyrer me "Svante's lykkelige dag" (om litt er kaffen klar) og eg får klump i halsen for den songen er berre heilt spesiell altså... Eg veit ikkje kvifor, den berre er det! Me har god tid og looong frukost. Eg spis "dessert-skjeva" med nydelig Brie og plommesyltetøy på, kun fordi eg har lyst. Eg kjenner lykke og ro bre seg frå isse til fotsåle. Balsam! Balsam for sjelen.


lørdag 13. juli 2013

Kvilepils

Mhm... Dersom du trur at dette er ein tyrkleif så er det ikkje det altså :-)

No sit Herr Fryd og eg og nyt ein kvilepils på vår favorittresteurant her på Amadores. Her lever me det gode liv! Og ja, Lillebror og Storebror Fryd er med. Dei tåler å sjå at mamma og pappa tar ein kvilepils til lunsj eller middag. 

I dag har me vore i Puerto de Mogan for å melda vår misnøye med Herr Fryd sine nye Oakley solbriller. Det vart ein irriterande opplevelse, ekstremt irriterande opplevelse! Frøken Fryd har handla både solbriller og vanlige briller her, og alltid fått god service. Det er ein optikerbutikk for all del, ikkje ei jallashappe... Men behandlinga me fekk i dag, som seriøse kundar, det var ikkje bra. Så skuffande. Me vart rett og slett ledd av, og indirekte kalt løgnerar. Var rett og slett ingen kvilepuls i sikte då nei! Me var så indignerte og irriterte og skuffa. Argh! No har vår lokale venn lova å ta tak i saken, så ja, her sit me då, atter ein gong med kvilepils. Nyt sol, varme, god stemning, turkis hav, kvarandre, livet... Og ja... By the way lizzom ;-) Frøken Fryd har investert litt av bonusen sin i ei ny veske. Ei veske som ho har kasta lange blikk etter lenge. Berre sjå på bildet. 

Sånn går no dagane her, me har vore ved sjøen, ved bassenget, på terrassen, i dyrepark, på shopping, i morgon vert det minigolf og Lillebror Fryd jakter tittelen som minigolfmester i Nernesklanen etter å ha grusa oss i både "idiot" og "risk". Herr Fryd er herved advart ;-)



søndag 7. juli 2013

Dag 4




Eg er nett ferdig å lesa Dona Maria av Cecilia Samartin.
Eg er sjokkert! Sjokkert over min uvitenhet og naivitet...

I går låg det ein norsk familie vedsidan av oss på stranda, mor i familien las også denne boka, Dottera lurte på kva boka handler om, og mor forklarte at Dona Maria handler om Maria som veks opp i ein velståande familie i eit fritt Cuba. Men når me vert kjent med Maria er ho ei gammal og ensom dame, Cuba er øydelagd av revolusjonen og ho lever for sin nevø Ernesto og dotter hans Sophie. Gjennom minnene til Maria får me oppleva eit godt liv på Cuba, og parallelt lærer me at Ernesto er politisk fange, med ein dom på 26 år. Maria trur at nevøen er i Venezuela gjennom sitt arbeid som nevrolog. Me lærer om forholda dei politiske fangene sonar under på Cuba, og dei fattigslige forholda menneska generelt lev under. 

Når er handlinga fra, undrer dottera i nabofamilien, og eg spisser øyrene spent. Eg tenkte med meg sjølv at handlinga må jo vera ei stund tilbake i tid. Mora er usikker, eg ser på coveret av boka og tenker 70 tallet, seinast... 

Vel, no har eg lese ut boka. Handlinga utspeler seg hovedsakelig for rundt 10 år sidan! I mars 2003 arresterte det cubanske statspolitiet syttifem cubanske forfatterar, journalister, menneskerettighetsforkjemperar, kunstnarar og bibliotekarar. Dei vart anklaga for å konspirera for å øydeleggja Cuba. Sanninga er at dei var engasjerte i fredelige kampanjer for å fremma menneskerettigheter for det cubanske folket ved å arbeide for politiske, sosiale og sosioøkonomiske reformer. Likevel vart alle syttifem dømt til frå mellom seks til tjueåtte års fengsel...! 

Eg er sjokkert over at dette hender i "vår tid". Korleis har det seg at eg ikke har fått dette med dette i den trygge bobla mi...? Les boka, alle som liker Cecilia Samartin liker denne boka. Me har dessutan alle godt av å bli minna om kor godt me har det...! Kor trygge og beskytta og frie me er. 

Vel, dette er blogga frå ei solseng på Gran Canaria. Der me lev det gode liv, spis middag ute kvar dag, bader og soler oss og nyter livet og friheten vår, og ikkje minst at familien vår er samla, har det godt og er lykkelige. Det kan ikkje gjentas for ofte, me er heldige! 



torsdag 4. juli 2013

Dag 1





Familien Fryd nyter første feriedag i sitt paradis... 
Amadores på Gran Canaria ❤
At me er her for femte gang seier vel sitt, kanskje?
Me har heile roen, fjorten heile dagar med sol og sommar og deilig familietid.
For første gong er me her mutters aleine, og jammen går der veldig veldig bra.
Dagen i dag starta med long og deilig frukost på vår gigant terrasse. Så gjekk turen til Puerto de Mogan der både mammo og pappsen fekk fornya solbrilleparken. Lillebror Fryd fekk nye fotballsko og storebror Fryd fant rett og slett ingenting han hadde lyst på. 
Me har vore ved bassenget, Frøken Fryd har lese interiørblad på solsenga med nye solbriller og ny stråhatt. 
No er me på favorittplassen og venter på middag, her er me dus med Giovanni, får gratis wifi og nyter livet big time! 


mandag 17. juni 2013

Oppvask...




Fins det noko som er kjedligare enn å vaska opp?
Jada, i bøtter og lass...
Men seriøst, det å vaska opp er faktisk noko av det kjedligaste eg kan gjera innan kategorien "monkey work".
Når Herr Fryd og Frøken Fryd var unge yngre så hadde dei ikkje oppvaskmaskin.
Tradisjonen tro så voks haugen på oppvaskbenken jamnt og trutt, og begge to var like lite proaktive når det gjaldt denne utfordringa... Ei løysing på å bestemma kven som skulle ta oppvasken var å spela om det. Og spelet, ja det var tetris. Kven trur dåke vant? Igjen og igjen?







Joda, det var sjølvsagt Herr Fryd. Kvar einaste gong...! Og kven beit på, igjen og igjen? 
Joda, det var sjølvsagt Frøken Fryd. Kvar einaste gong...! Ho prøvde til og med å redda seg inn att med "best av tre..." osv. Tja - det hadde jo null og niks å seia for utfallet. Og Herr Fryd sitt egle-glis gjekk mest rundt, men han måtte passa seg vel for å visa det til Frøken Fryd. Sjå for deg scenen der Herr Fryd har ein strak arm med handa plassert i panna på Frøken Fryd. Frøken Fryd freser og er olmande sint, og prøver med akkurat litt for korte armar å få tak i Herr Fryd. Eg trur kanskje det var der uttrykket "på ein armlengdes avstand" vart ein klisjè...







Vel, no har Herr Fryd og Frøken Fryd heldigvis oppvaskmaskin. Så kampen om oppvasken - eller spelet om oppvasken - er ikkje så hissig lengre...

For ytterligare å gjera det lettare så har Frøken Fryd vore så heldig å motta denne lekre oppvaskkosten i frå Ib Laursen. Fin vaskefille og kjøkkenhandkle fekk me også. Dette var ein del av goodiebagen me fekk på Haugakos bloggtreffet arrangert av Fabelaktige Maia og MittSitt Karianne. Eg har mykje att å visa dåke, men tar det litt etter litt. Så får me spredd desse goodiebag innlegga ;-) Det vert jo fort mykje det samme som går att etter eit slikt treff.

Men no veit dåke bittelitt meir om korleis me løyser oppvaskproblematikken her heime hjå oss ;-)
Og når det skal seiast, eg likar mykje betre å ha denne oppvaskkosten framme enn den vanlige "plastic fantastic" kosten som me har hatt før. Og den vaskar MINST like bra. Tommel opp!!

For dei som lurer, JEPP, dette er eit sponsa innlegg!







mandag 10. juni 2013

Om å fjerne ting & tang...

Som dei fleste andre kriminelle beheld Frøken Fryd minner om sine ugjerningar,
desse nydelige syrinene har Frøken Fryd stjåle heilt sjølv.
Heng dei utanfor gjerdet er det lov. Ja?



Frøken Fryd har ikkje fjerna ting... ho har fjerna hår...
(blei berre litt voldsomt å ha det i overskrifta)
Jepp! Sånn der uønska hårvekst, du veit.
Det var tilbud på å fjerne hår frå armhuler og bikinilinje med laser.
Alle veit at tilbud betyr å spare pengar. Og sparer du pengar så tener du pengar. Alltid. Så då MÅ ein jo berre bestilla time. Alltid.
(Ikkje noko å seia på logikken her ...)

Som sagt så gjort. Frøken Fryd fekk time.
Ho søkte forsiktig informasjon av venner og kjente i forkant.
Fjerning av hår med laser... Gjer det vondt liksom?
Kor vondt KAN det gjera da?
Frøken Fryd har tross alt født barn. Heile to stykker.
Frøken Fryd har fjerna hår med voks. Fleire gonger.
Frøken Fryd har til og med tatovert seg. Fleire gonger.
(Me snakkar ikkje flammer på halsen eller sleeves her altså...)
Kor vondt kan det vera å fjerna nokre usle hårtuster med laser då?

Frøken Fryd stilte med åpent sinn og nyvaska kropp.
(Ny skrubba. Skrubba! Skrubba! Skrubba! Underlivsundersøkelse skrubba...)
Skreiv inn personalia og blei tatt i mot med åpne armar og fine smil.
Så langt, alt vel!
Dama som skulle avhåre Frøken Fryd var mild og snill og hadde kjent dialekt.
Praten gjekk uanstrengt og fint om ufarlige ting, eventuelt tang.
Frøken Fryd la seg på benken, løfta armen og behandlinga starta.

Åfyyyfaenihelvete!!! Det var faktisk ganske vondt...
Og for å seia det mildt - det vart ikkje betre når me kom dit sola aldri skin.
(Og me snakkar kun bikinilinje her altså, men Frøken Fryd har så store lår at sola skin aldri på den heller)
Til mine litt sartare lesarar så siterer eg ein av Storebror Fryd sine høflige kamerater;
"Eg beklager språkbruken min!"
(Han såg ikkje at Frøken Fryd stod bak ei bokhylle og sneik... Frøken Fryd lærte ikkje nett nye gloser så det var helst finslig banning ja...)

Men, kven hadde trudd at Frøken Fryd var ei sånn ei store pysa?
Ikkje Frøken Fryd sjølv i alle fall...
Singleten var heilt fuktig på ryggen etterpå, og den benken kjem aldri til å bli heilt seg sjølv igjen.
Den har nok eit permanent Frøken Fryd avtrykk i skumgummien etter at Frøken Fryd prøvde på ein inn-i-seg-sjølv-opplevelse medan hårfjerninga pågjekk på dei mest sarte punktene. Samtidig så prøvde Frøken Fryd å halda samtalen i gong, muligens ein smule hektisk ja...
Det å pusta er ein fin ting, og ein heller nødvendig ting sånn reint generelt sett, men også jysla praktisk når ein prøver å føra ein uanstrengt samtale. Ein forutsetning vil eg rett og slett påstå.

Sånn alt-i-alt så er Frøken Fryd fornøyd altså!
Me tåler ein liten trøkk, eller nokre svidde hårsekker.
Alt for å sleppa å bruka høvelen.
Permanent hårfjerning står fortsatt på lista for "ja takk" hjå Frøken Fryd.
Så det blir ny time i august, då litt meir forberedt med pusteteknikk & di...

Har du fjerna noko med laser?
Ein arm, eller ein fot? Eller kanskje litt hår?

Frøken Fryd tok forresten å fjerna nokre syrinblomar som hang over eit gjerde.
(Ikkje med laser riktignok. Men det hadde jo vore skikkelig stilig da, litt sånn Star Wars. Og med den bikinilinja så stiller Frøken Fryd med letthet opp i Prinsesse Leia sin gullbikini...)
Vel, eigerane er nok skikkelig takknemmelige for at Frøken Fryd ordner opp når dei sjølv er så dødslate at dei lar syrinene henga over gjerdet.






tirsdag 4. juni 2013

Når hjarte renn over

Teppet er laga av Mella og Malla



Men ein ting veit eg klart og greit,
at du e' den finaste eg veit.
(Hellbillies)



Teppet er laga av Mella og Malla




Javel... då har vetet tatt kvelden!
Det er komt eit bittelite, nydelig, perfekt og yndig lite menneske til verda.
Frøken Fryd har den store æra å vera tante til denne vesle alven.
Frøken Fryd sitt hjarte renn over.
Hjarte er så mjukt så mjukt.
Tåre perse...
Fjolle smil...
Vetet har tatt kvelden...

Omverda vert bombadert av bilete og filmsnuttar av vidunderet.
Frøken Fryd lurer på om tanter også får to veker med permisjon?
Er ikkje det heilt naturlig? Nei?
Har tanter eigerskap til små nurk? Nei?
Kan tanter ta med seg små nurk heim? Nei?
Det er kanskje det som er så perfekt med å vera tante...
At ein kan komma og snusa og vera totalt fjollete og kosa med slikehår, og så når det kjem slike høge skrik så kan ein levera frå seg snuskelusken til foreldra? 

Dei er så fasinerande å sjå på, desse perfekte miniatyr menneska.
Dei bergtar ein totalt.
Så reine. Så nye.
Ligg og blinker med nye auger.
Utan egentlig å sjå.
Åpner og lukker bittesmå nevar, med bittesmå fingrar som har bittebittesmå miniatyr negler.
Dei dufter aldeles fantastisk.
Dei har silkehår.
Dei har hud som er så mjuk at det går mest ikkje an...
Dei lagar lydar som får hjarte ditt til å bevra bitte litt.

Når dei krøller seg saman som ei lita cashewnøtt på bringa di.
Når dei søv så tungt så tungt med dei korte armane rett opp, og likevel når ikkje nevane lengre enn til øyro.
Når dei bittesmå lippene trur at dei får mat og snurper seg i saman.
Når dei får varme på kinnet og trur det er tid for middag.
 
Det er eit mirakel.
Det er ein rikdom.
Det er totalt fantastisk.
Ubetinga kjærleik!





Teppet er laga av Mella og Malla