mandag 17. desember 2012

Om å bli litt sliten




Ja, så var det ei lita veke att...
Om ei lita veke så opplever kanskje dei fleste eit bittelite antiklimaks.
"Daskepott" og dei tre nøttene er ferdig.
Julefrukosten er oppspist, det samme er pinnakjøtet og riskremen.
Nåken fekk mandelen, muligens var det ikkje deg...
Gåvene er åpna, forhåpentligvis fekk du litt av det som stod på lista.

Jepp, det er jul!

Frøken Fryd er litt sliten.
Rett og slett litt sliten av seg sjølv.
Egentlig heilt utan grunn.
For Frøken Fryd har god kontroll når ho tel på fingrane.
Så no krøllar munnvikane rett veg altså.
98 % av gåvene er kjøpt inn og levert til dei som skal ha.
Julekort er levert ut.
Pinnakjøt har Herr Fryd handla inn.
Fenalår også...
Huset er nyvaska, det har ikkje Frøken Fryd gjort sjølv.
Det er til og med pynta til jul, sånn nett nok i alle fall.
På onsdag skal treet på plass.
Fredag er siste arbeidsdag i år (elsker å seia det, høyrest så dramatisk lenge ut med ferie då).
Og så, så er det berre kosing med dei aller næraste.




I år er det Frøken Fryd sin mamma, pappa og brødre som kjem på besøk.
I romjula skal Familien Fryd rett og slett ingenting utanom å lade batteria og berre vera i lag.
Til nyttår, då kjem den fine svigerfamilien på besøk.
Kjenner at tærne krøllar seg over så mykje sosial velvære som står foran oss.

Og så, så kjenner eg på det at det er ikkje alle som synest at denne adventstida, og juletida, er spesielt stilig. Les innlegget til varme, hjertegode Spirea her. Og stopp for all del ikkje der, Spirea har ein fantastisk penn!

Eg er så innmari takknemmelig for at eg har mine nære og kjære rundt meg.
For at eg har ein familie som ikkje kunne vore betre om eg hadde handplukka den.
For at me er friske.
For at eg har gode venner som eg kan stola på, som gleder seg over mine gleder og støtter meg i mine sorger.
For at eg faktisk har alt eg treng og meir til...





Bileta i dagens innlegg er frå bloggtreffet i Egersund hos fine Annfrid.
Dei to øverste er frå ein veldig koselig og fin butikk som heiter Tingbø, skikkelig snopebutikk.
Det nederste er ei supergod ostekake som Annfrid hadde baka til oss.

No skal eg berre surfa inn resten av denne veka.
På fredag avslutter me med julelunsj på jobben, og så er det jul, jul, juuuul!

Eg ønsker deg og dine ei rolig og fredlig jul med mykje kjærleik og varme.



mandag 10. desember 2012

Light my fire!




Det har vore helg.
Det har vore bloggtreff i julebyen Egersund hos Annfrid.
Det har vore julebord med Herr Fryd sin jobb.
Det har vore dagen-etter-julebord med det som følger med.
Det har vore mandag.

No er eg klar til å fortsetta.
Ja, det er eg!


fredag 7. desember 2012

Om å kosa seg!




Yadda, det blei nokre pepperkaker til overs etter etergildet til Frøken Fryd...
Egentlig, så berre tulla eg. Eg spiste ikkje opp ALT sjølv altså :)
Faktisk så gjekk omtrent halvparten av pepperkakene i bosset grunna for lite steiketid.

Note to self; Ikea deigen kan godt steika i 10 minutt i vår ovn.

Men altså, i går hadde me ein liten pyntedugnad i heimen, igjen type kalenderaktivitet.
Storebror Fryd var på juleball, noko som var kjekkare enn han hadde forventa!
Veldig kjekt å få han heim, dei holdt nemelig på til kl. 23:30 (!!) og så skulle han ta følge med kompisgjengen heim frå skulen. Frøken Fryd var ikkje stor fan av det... Hønemor? Hæh?
Trur dåke forresten at han bruke dressbuksa som Herr Fryd kjøpte til han? Og at me fekk ha noko som helst me skulle ha sagt angåande antrekk på juleballet? Frøken Fryd hadde til og med ringt litt rundt og sjekka status med dei andre mødrene, og slo det stolt i bordet når antrekket skulle fastsettast. Tenkte i grunnen at det blei punktum for DEN saken. Men neida... Storebror Fryd hadde gjort leksa si han også, og hadde sjekka med sine kompisar. Og ingen av dei andre skulle ha dress, berre så me var fullt klar over det... Så det blei kompromiss da, og å møtes på midten. Og fin blei han vettu, Storebror Fryd :-)

I dag reiser eg til Julebyen Egersund i lag med fin-fine damer og så skal me besøka Annfrid.
Gleder meg veldig!

God fredag til deg!



 

onsdag 5. desember 2012

Den vesle raude høna...





Det var ein gong ei lita raud høne, som budde i ei lita raud stove, i eit lite skogbryn.
Det var ikkje raudt. Skogbrynet altså...

Frøken Fryd kom på eventyret om den vesle høna, som budde i eit koselig lite hus i lag med ein gris, ei and og ein katt, og måtte gjera alt arbeidet sjølv. Grunnen til at dette eventyret kom inn i hovudet til Frøken Fryd i dag er at ho følte seg som den vesle høna. I kalenderen i dag var det baking av pepperkaker som var aktivitet. Og engasjementet blandt resten av familien var enormt!
Not...

Så akkurat som med julamennene (kvite kakemenn) vart Frøken Fryd ståande med kjevlet sjølv.

Om nokon lurer på kvifor magen til Frøken Fryd er så stor, og rompedasken likeså, så er det fordi Frøken Fryd rett og slett måtte spisa opp alle julamennene og pepperkakene sjølv.

Så sånn gjekk det...

Får du hjelp av dine familiemedlemmer til julebaksten?




 

søndag 2. desember 2012

SNØ!

Foto: Øystein Nernes



Ei fantastisk herlig adventshelg er snart over.
Me har kosa oss frå ende til annan!
Heile svigerfamilie-gjengen har vore samla hos svigers til litt førjulskos.
Og jammen kom det ikkje snø også, berre for å toppa stemningen :-)
Me har hatt sesongens første pinnekjøtt middag, og deilig karamellpudding til dessert.
Lover at det var stinne magar etterpå.
Hjelpe og trøste meg så godt det er med godt pinnakjøtt!

Svoger Øystein har knipsa ein bråte med flotte bilete, og eg er så heldig at eg får visa nokre på bloggen.
Er det ikkje tøft dette saue bildet, kanskje?
Litt sånn "By Nord" stemning på det, spør du meg...

To luker av adventskalenderen er åpna.
Eit lys er tent, og jammen er ikkje julestemninga både åpna og tent også.
Det var veldig kjekt å få komma heim og finna fram adventstjerne og adventstake.
Har hatt eit bilde i hovudet av korleis adventstaken skulle bli, og det blei enno betre.
Eg er SÅ fornøyd. Tjohooo!
No er ein del av julegåvene alt kjøpt inn og delt ut.
Nokre av julekorta er også levert ut, så eg må sei at eg føler me ligg godt an altså.

Korleis ligg du an?
Har du kontroll?
Eller er jula berre stress?



Foto: Øystein Nernes