tirsdag 19. juli 2011

Set fire to the rain





I dag regnar det på naustet... Men det gjer vel ingenting, då kunne Frøken Fryd ta med seg veska si og gå på litt shopping, og sjå dei skjønnhetane eg kom over... *dobbelsukk*

Eg elsker desse blå i frå Green Gate!








Så no skal Frøken Fryd sin mamma få fine ting i bursdagsgåve :) På veg heim høyrde eg ein nydelig song av Adele som heiter "Set fire to the rain", og no når eg er ferdig med shopping så kunne jo det vore eit alternativ, for no vil eg sol, nemlig! Og ganske så passande så kom Frank Ocean med "Swim Good" rett etterpå på radioen - kom sol kom sol så Frøken Fryd kan bada...








No har Frøken Fryd bolledeig til heving, eg HAR huska å ta gjær i og mormor og moffen er øyeblikk på veg til naustet. Gleder meg til mamma skal åpna pakken :) Gleder meg også til deilig, nyrørt jordbærsyltetøy på nybaka boller vaflene som onkel H skal steika. Ok, ein regnværsdag kan vera koselig lell ;)

Men i morgon; I'll set fire to the rain!

Klem Eli

1 kommentar:

  1. :) Eg vart i godt humør av innlegget ditt! Thank U! Her regnar også. Høyrde på den sangen på radioen når vi var i Tr.H. Der regna det også... Isj! No er det jammen meg nok! Lekre koppar frå GG. Har faktisk ikkje lagt merke til den serien? Eg som har tråla interiørbutikkar siste vekene ;)Håper bollane heva seg, og at mammaen din vart glad!

    Tusen takk for alle underbara ord du strør inne i draumeverda mi!

    God klem,
    Elin :)

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!