torsdag 14. juli 2011

Terrasse liv



Fabelaktig sommardag her på Vestlandet :) Smågutane som har ferie hos moffen på naustet har bada, fanga krabbe, fiska, satt teiner og garn. Dei har vore lenge oppe om kvelden og sove frampå om morningen - akkurat sånn som ferie skal vera.


Her heime er eg og Herr Fryd aldeles på sjølvstyr. Ganske rolig og greit å få nokre dagar for seg sjølv også, kun oss voksne. Det medfører ekstra tid til blogging på ettermiddag / kveldstid då, aldri feil det, tar alltid i mot inspirasjon med glede ;) 




Eg følger ein skjønn blogg som heiter Myke Minutter, og her ein dag var det innlegg frå uteplassen deira med ein kjempe flott "stige-hylle" eller kva eg no skal kalle det for. SÅNN ville eg ha! Den er kjøpt hos Mester Grønn, så Frøken Fryd kvessa albogane, fant fram portemonéen og stilte med friskt mot. Men dei var utsolgt gitt, i heile distriktet...

Men skam den som gir seg, så då måtte eg tenka nytt då. Når eg var på Ica i dag så hadde dei nokre rustikke og tøffe blomsterkassar, og ei av dei fekk eg kjøpa, så no fekk eg jo ein liten blomsteroppstillingsplass på terrassen likevel då. Riktignok ikkje sånn som eg hadde tenkt, men dog... Til hausten så tenkte eg at den skulle få komma inn, få hjul på seg og passa på alle interiør blada mine. Fleirbruk, jatakk!



På terrassen har me ein del Lobelia, liker så godt blåfargen på desse skjønne små blomane, i tillegg så har me Pelargonia i verandakassane og Lavendel. Alt blir så myke finare med litt blomar :)




Dette brettet som blomane står på er ein fiske kasse som pappa har laga og brukt til å ha garn i på naustet, når den hadde brukt opp levetida si på naustet fekk eg overta den og eg er kjempe glad for den :) Værbitt og fint, og laga av pappa.





Ja, det var nokre glimt frå terrassen vår. Den er me veldig glade for. Her kan me sitta lunt og godt i frå begynnelsen av april og til longt utover i sesongen, så sant det er godt vær såklart :) Den er rett utanfor kjøkkenet så mange måltid blir inntatt her. Difor er det jo ekstra kjekt å pynta med blomar og laga det koselig sidan me tilbringer så mykje tid som mogleg her ute når sola skin.

Då er det middagstid her, i dag skal me ha skinkebiff, jasminris og grilla grønnsaker, m-m-mmmm!

Ha ein fin-fin kveld!

Klem Eli

3 kommentarer:

  1. Du e så flink, Eli:-) Får skikkelig godfølelse av bildene dine! God klem frå svigerinne E:-)

    SvarSlett
  2. Tusen takk! Det setter eg pris på :) Gleder meg til dåke kjem. Johnny har sendt forespørsel til værguden på fb så rekner med at det blir godt vær ;)

    Klem Eli

    SvarSlett
  3. Du, nå oppdaget jeg at du har skrevet så koselig om bloggen min her :) Tusen takk, det varmer!! :) Synd du ikke fant den stigehyllen, men jeg synes du har gjort det kjempefint ute hos dere uansett :) Jeg synes også det er flott med slike kasser. Spørs om jeg ikke må på jakt etter fiskekasser også når vi endelig kommer oss til Vestlandet. Jeg kommer fra en laaang linje fiskere på morssiden skjønner du, så det ligger sikkert noen slike kasser slengt på familiegården vår, håper jeg :) Ha en fortreffelig ukestart! Her regner det, så om å gjøre å finne på aktiviteter sånn at ikke ungene går på veggene ;) Stor klem

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!