onsdag 31. august 2011

Venninnebesøk!!




Heisann godt folk!
No skal eg snart avgårde-kåre til flyplassen og henta ei venninne som kjem på besøk :)
Ho er den venninna eg har kjent aller aller lengst!
Det er ho som kjenner til alle mine skumle hemmeligheter,
mine ikkje alltid like fine sider,
den eg kan fortella alt til,
ho som likevel aldri fordømmer meg,
ho som alltid er der,
ho som alltid veit råd,
ho som aldri blir skuffa over meg.


Heldige meg!!







No ventar tre dagar med venninnekos!
Plutselig tilbake her inne :)
Er ikkje venninner berre det beste som fins?



Kleeeeeeeeem Eli

tirsdag 30. august 2011

Om klemming





Eg elsker å få klem! Ein god klem gjer så godt, og hjelper mot så mykje.  Eg er ein klemmar, eg kjem frå ein klemme familie og eg treng klemmar. Eg har brødre som berre gir dei beste klemmane, dei er så inderlige! Det som er så genialt med ein klem er at når du gir ein klem så får du alltid ein tilbake :)







Ein klem kan tina ein frossen sjel, varme armar og eit godt kinn gir omsorg. Det kostar så lite og gir så mykje.







Ein klem er god å gi vekk når du ikkje har ord. Når nokon sørger sårt, når ingen ord dekker det du vil seia - då kan ein varm og inderlig klem seia meir enn tusen ord. Då klemmer du medfølelse, trøst, gode tanker, gode energier...






Det fins mange slags klemmar. Raske ha-det klemmar, longe-gode-elske-klemmar, kose klemmar, baby klemmar, lengte klemmar, trøste klemmar, sørge klemmar, seiers klemmar, kompis klemmar. Det finst også avvisande klemmar, har du fått det? Dei er like gufne som slappe håndtrykk - sånne klemmar der "mot-klemmaren" står med stjerten ut og heile kropsspråket er stivt og kantete og avvisande. Du får ikkje varme armar og gode kinn, du får harde skuldre, albogar og håndflater som taler eit tydelig språk mot deg. Det er ein sårande klem. Dei treng eg ikkje, då tar eg heller eit slapt håndtrykk, eller eit nikk kanskje...







No er ikkje eg slik som spring rundt og strør roseblad og klemmer alle eg ser altså. Men det er lite som slår ein god klem. Eg slår eit slag for varme klemmar!

Er du ein klemmar?



Klem Eli ;)

Damenes Aften anyone?

Foto: Bohus.no




Etter tips frå den fine bloggen Myke Minutter har eg no meldt meg på Damenes Aften hos Bohus :) Då åpnar Bohus dørene etter stengetid og gir oss eksklusive tilbud, foredrag og noko godt i glaset! Halvor Bakke, Finn Schjøll og Lisbeth Larsen vil gi oss tips om korleis me kan gå ein trendy og stilsikker haust i møte. Sidan eg bur i Stavanger så har eg meldt meg på den 19. oktober på Forus - og det store spørsmålet er... Er det andre Stavanger bloggerar som har meldt seg på, eller har tenkt å melda seg på? Hadde jo vore gysla kjekt å sjå dåke "live" ;) Uansett så gleder eg meg veldig til denne kvelden!

I kveld har eg hatt heilt herlig besøk av ei veldig god venninne! Og ho hadde med seg DEN rosebuketten til meg... *sukk*. Eg skal ta bilete av den i morgon og dela med dåke! Gode venner er gull verdt altså :) Me har kosa oss med levande lys, sjokoladekake og anna godis (og så på ein mandag... for ei skam...) og pepsi max ja - og masse jenteprat. Ute bles og regnar det heilt dyrisk - og det gjer det berre enno kosligare å sitta inne! Muligens ikkje like koselig å gå til jobb i morgon, men den tid den sorg ;)

Klem Eli

søndag 28. august 2011

Inspirert





Åh - eg er så supert inspirert til å innrede med desse Hurricane stormlyktene... Kom over sida til Halvor Bakke og datt med eit plask! Berre sjå her da - no kan jo  hausten berre komma...?!?! Tenk dåke ein mørk og stormfull aften, regnet trommer på vindauga, det sprakar i peisen (som me ikkje har...), du har fyrt i dei lekre Hurricane stormlyktene og lyset lagar fine skyggar og mønster på veggen. Ganske digg det? Må jo berre bli lekkert. Nokon som veit kven som fører desse produkta??



















Om nåken som leser denne bloggen er av dei som kjøper julegåver til meg; vil ha - vil ha - vil ha... Notert??

Klem Eli ;)

Søndagskos



Jah... har hatt verre dagar :)

*nyte - nyte - nyte*



















Håper din dag er like nydelig :)

Klem Eli



lørdag 27. august 2011

Skap Det Sjølv - smykke stativ





Tidligare laga eg nokre skull armbånd, og når eg skulle ta bilete av dei så tredde eg dei på ei grein av drivved. Eg likte veldig godt resultatet og dei små grå begynte å røra litt på seg. Eg visste at eg hadde nokre slike små greiner, men korleis skulle eg laga fot til dei?







Vel, det løyste seg. Eg såg plutselig på hylla over TV'en der eg har ei "maske" som står på eit stativ og kom på at eg hadde eit slikt stativ som eg ikkje bruker. Og vips, fram med drillen og laga eit hol midt i greina ca, litt trelim og så var smykke stativet klart på 1-2-3! Synst det blei tøft eg :)
















Eg sel nokre smykker ute hos "Happy Hands & Feet" på Forus, så ein del av skull armbanda havnar nok der ute. Men eg likte egentlig så godt dette smykke stativet at det spørs om ikkje badet vert pryda med det i staden for det eg har, sjølv om eg har gjort det klart som "salgs stativ" ;)







No skal eg putla litt i heimen og gjera det ryddig og fint. Og så får eg ei kjempe skjønn venninna på besøk til litt kaffi drøs, muligens vert det ein liten shopping tur også - kven veit? Eg har heile dagen for meg, og eg elsker det! Herlig med helg, dåke :)

Ha ein fin-fin dag, folkens!


Klem Eli :)

fredag 26. august 2011

Ut på tur - aldri sur...





Mykje fint å sjå når ein er ute og går i den flotte naturen vår :) Herlig å være i gong med power walks att... Og herlig å ha verdens beste Veronica som motiver når fredagskomaet senker seg hos Frøken Fryd!






Hausten nærmar seg, eller er den her? Fortsatt litt sommarfargar å sjå ;)



Klem klem :)

Det lille ekstra





Kor viktig er egentlig det lille ekstra? Eg tenker berre, sånn egentlig...? Om ein butikk har noko som du  
v i r k e l i g  vil ha, er det så nøye om den bak kassen står og slafser tyggis og sender sms i staden for å hjelpa deg? At butikken er rotete og servicen dårlig?

Eg tenker - JAAA! Eg vil bli godt ivaretatt, eg vil bli møtt med eit smil og føla meg spesiell fordi eg valgte å gå inn i nett den butikken. Eg vil ha fin pose med sløyfa på, eg vil ha varene pakka inn i silkepapir, sleng gjerne oppi litt velduftande  pot-pourri. Åpne døra for meg, ønsk meg ein fin dag! Takk for handelen! Smiiil :) Eg har lyst å gå i frå ein butikk å føla at eg har gjort eit kupp, at eg gjorde det einaste rette, at eg ikkje kunne levd eit lykkelig liv utan den spesielle vara. At eg er verdas beste kunde. DET vil eg ha :)



Foto: fromgeorgiatogermany.com



Am I picky? Eg synst ikkje det...Eg hater når eg går ut av ein butikk og dør litt inni meg fordi eg faktisk handla der, for at eg var så desperat etter akkurat den "dingsen" at eg kjøpte den tross alt. Då henger den følelsen igjen, ødelegger gleda over vasen, serviettane, koppen, puta...

Det lille ekstra, ja takk :) Eg er ikkje sponsa av Hos Tora altså, men kvar gong eg har vore innom der så har eg fått den gode følelsen, du blir møtt med eit smil, du får service, du føler som om du er vennen deira, at du gjorde dei ein tjeneste berre ved å berika dei med ditt nærvær - and I looooove it :) Og kjem heilt klart igjen, igjen og igjen, så det så!

Klem Eli

torsdag 25. august 2011

Tips, takk :)

Eli freidig plassert i Herr Fryd sin sofa...




Javel, jenter... Dette vert min utgangsposisjon i helga, eg skal nemelig vera gressenke! Sprekingen på bildet under her skal nemelig ut og sykla 185 km frå fredag morgon til søndag ettermiddag - eg er dronning over fjernkontrollen. Weeeeee!










OG eg skal være heilt sprø og ikkje bruke denne sofaen under her - eg skal bruka Herr Fryd sin sofa (iiiik - lever farlig, eg veit...).





Eli sin sofa



Har dåke "faste plasser" i heimen? Har du ein stol eller sofa som er "din"? Me er veldig sånn har eg merka... i den grad faktisk, at ungane vert forvirra om me har besøk og gjestene set seg på deira stol. No har me heldigvis unngått at gjestane vert utsatt for intens stirring, slik som det kan bli i kantina eller på pendler bussen... du veit - når den som "eig" plassen berre stiller seg opp ved sidan av og berre står og ser til den uheldige nykommaren flyttar seg.




Foto: dailyhaha.com



Men altså, tilbake til "tips-takk"... eg treng film tips. Eg er stort sett alt-etande når det gjeld film, men sidan eg er dronning & de så trur eg at eg kjører litt sånn "jente-film-tema-helg", men er ikkje knallhard på dette, om dåke har tips som er litt i ei anna gate så tar eg svært gjerne i mot!

Det går altså mot ei rolig helg, med duftelys og interiørblad og jentefilm og dill og dall og kos. Jada, eg er heldig :)


Klem Eli




onsdag 24. august 2011

Skulestart





Heisann folkens! I dag har eg hatt fri, eg har faktisk fri kvar onsdag - heldige meg :)

Været har ikkje heilt vore på mi side da, har hatt eit skikkelig møkkavær! Såg ut til å bli ein skikkelig innedag, men så fekk eg så koselig invitasjon i frå naboen om å komma på eplekake og is, skikkelig digg! Så då fekk eg herlig formiddagsmat og ein god prat attpå.

Bildet over her er i frå mandag, som dåke ser på det flaue fliret så er det visst ikkje nåke særlig å bli tatt bilde av på trappa første skuledag når ein begynner i 3. klasse, hehe, men eg synst det var så koselig. Og så var det jo så fint vær, i motsetning til i dag... Men, det var visst kjekt å begynna på skulen igjen. Husker den følelsen av forventningar til første skuledag etter ferien, nyspissa blyantar, orden i sekken, nye klede... Og så var det jo meir og meir spennande å sjå sine klassekamerater att etter ferien for kvart år ;)

Når eg spurte eldstemann korleis det var å begynna på skulen att så sa han berre: "crap!"... så så kul er han, hehe. Men sånn skal det gjerne svarast når ein begynner i 7. klasse?

Kva minner har du i frå skulestart?



Klem Eli




Boktips til verdas skjønnaste Anna-Malin, heilt enkelt :)





Gullfine Anna-Malin er blitt sjuk, og treng litt oppmuntring, eg tenkte som så at eit boktips eller to eller tre kunne være på sin plass når ein må halda senga ein periode...



Foto: henta hos krimklubben.no


Første tips ut er "Stormenes Tid" av Ken Follet, den er utgitt i to bind;
  • Katedralen
  • Sverdet og Korset

Dei er kjempe spennande, den typen bøker du (eller i alle fall eg) sluker! Me er i England på 1100-tallet. Landet er splitta av borgarkrig og plaga av svolt og religiøse motsetningar. Men ein praktfull katedral vert likevel bygd i Kingsbridge. Oppføringa av katedralen vert skjebnesvangert knytta til liva til dei som bur i området.



Foto: henta hos bokklubben.no


Når desse to bøkene er slukt så fortsett gjerne med "I all evighet" av samme forfattar.

Historia her finn stad 200 år seinare i året 1327. Me er i den engelske byen Kingsbridge to århundre etter at katedralen blei bygd i Stormenes tid. Det er natta til Allehelgensdag, og åtte år gamle Gwenda får ikkje sova. I morgon skal ho ut og stjela. Hun er dotter av ein mann som har fått ei hand hogd av fordi han vart tatt i å stjela. Han reknast verken som fullverdig mann eller arbeidskar, eig ingenting, og får berre tilfeldig sesongarbeid. Gwenda er eit av hans fem born som svelt. Den eldre bror hennar  har stått for stjelinga i det siste, men han er blitt for stor. Gwenda er liten og uskuldig. No er det hennas tur.



Foto: henta hos bokklubben.no


Og sidan eg er inne på Ken Follett allereie... "Kjempenes Fall"... Me følger fem familiar frå USA, Russland, Tyskland, England og Wales gjennom første verdenskrig og den russiske revolusjon. Første bind i ein trilogi om det 20. århundre, som kombinerar episk historiefortelling og klassisk spenning.

Åh - eg gleeeeeeeeder meg til den neste kjem ut.

Då, kjære Anna-Malin, håper eg at du vert snart frisk, og at du kanskje kan få tida til å gå ved å lesa litt? Og husk, du kan sikkert få din kjære mann til å skaffa lydbøker også :) Om du vert fanga i Ken Folletts univers - husk å sleng ut eit innlegg no og då ;) Me saknar deg, skjønt fine Emma er tidenes gjesteblogger!

God-bedring-klem frå Eli




tirsdag 23. august 2011

Gje blod & Gje bort!





I går var eg i blodbanken og gav blod, det har eg gjort ei stund no. Kroppen min produserer jo nytt :) Gir du blod? Dersom du ikkje er giver enno, men er interessert eller nyskjerrig kan du gå inn her og finna meir informasjon.







Det er stadig behov for fleire blodgiverar, du kan vera med på å redda liv :) Dei som kan ha behov for dråpane du gir vekk er til dømes fødande eller nyfødte, brannskadde og kreftsjuke (sjå meir her kvar blod frå blodbanken vert brukt). Dråpane dine vert ikkje tappa forgjeves. Og som ein liten bonus får du med deg ein liten ting når du går, desse flotte Mummi koppane for eksempel.








Det går omlag tre månader mellom kvar gong du vert kalla inn til "tapping", men aldri mindre enn 12 veker. Ein treng tid til å restituera seg, og lyt vera flink å ta jerntabelettane som vert utdelt for kvar gong.

Så håper eg at nokre av dåke vurderer dette :)

Eg samlar ikkje på desse Mummi koppane, men planlegger ein Gje Bort ved 5000 treff her inne. Ein av gevinstane vert Mummi koppen på biletet, ein annan er eit av desse. Følg med, følg med ;) i følge tempoet på tellaren så vert det snart og sjølvsagt annonserer eg det her på bloggen.


 Klem Eli



mandag 22. august 2011

Skull - skull ikkje...





MÅ ein velga berre ein farge liksom? Fekk ikkje det til eg... Såg den meldinga eg har venta lenge på inne på Facebook i går; "da er varene ankommet..." Weeee - og då begynte dei små grå å spinna, fortare og fortare...







Så no har eg ein skull til ein kvar anledning ;)







I tillegg til eit fin-fint fletta armbånd som eg kjøpte på Indiska for ein billig penge :)







Jada, joda, neida så'eh... no skull eg berre... *hihiih*, sorry - litt påvirka av ordspel i dagspressa ser eg ;)

Får øyeblikk besøk av verdas skjønnaste lille nevø som skal vera hos tante litt i dag, så no må eg rydda vekk perleriet mitt og finna fram bilane, her skal det kosast :) Hei så lenge!

Oppdatering:
Eg har vore her og handla alt eg brukte, skulls, treperler, glassperler og strikk :) Desse er lynraske å lage! Du klipper opp strikk i passelig lengde for ditt handledd, husk  plass til å lage knute, så trer du på dei perlene du vil ha, knyter att og drypper ein dråpe med superlim på knuten. Når den er tørka så klipper du av endane slik at knuten blir så liten som mulig. Kos deg!


Klem Eli :)