lørdag 31. mars 2012

Påskegodt!

attackofthecute.com



Ja, godt folk!
Så var påskegodtet her...
Ekstra long påskeferie, frå og med fredag ettermiddag.
Håhåhåhååå :-) Det er godt det!

Fredag var til og med påskeharen på jobb.
Han hadde med seg mandel egg frå han Anthon Berg.



attackofthecute.com


I dag skal Frøken Fryd og litle Fryd'en klippa seg.
Frøken Fryd skal få lugg, antageligvis...
Litle Fryd'en har ein plan han også.

Og så, SÅ skal der litt påskepynt fram i Fryd heimen.
No reiser jo eg og gutta boys til naustet på Bømlo,
men stakkars Herr Fryd som må vera heime og jobba
må jo ha noko fint å sjå på når den fine kåna ikkje er å sjå.

Blir det fjell påske på deg?
Sjø påske?
Heime påske?
Jobbe påske?

God påske til deg uansett kvar du skal feira den :-)





Må berre dela "White Foxes" med Susanne Sundfør med dåke,
den er aldeles nydelig. Og eg MÅ berre spela den om att og om att.
Nyt den!



torsdag 29. mars 2012

Nytings!




She's back!
Frøken Fryd har hatt nokre aldeles nydelig dagar på sunmøre!
På venninnetur!
Hos bestevenninna!
Altså, BFF, sant...





Frøken Fryd fekk sova frampå.
Frøken Fryd fekk frukost på senga.
Frøken Fryd fekk til og med ein tur på spinning...

Jepp...

Frøken Fryd hadde pakka med spinningutstyr.
Galskap!





Utover det vart longhelga nytt med lunsj hos Tante Brun i Ålesund, shopping, skravling, fliring, skravling, snorking på sofaen, skravling, lesing, skravling, snoping, skravling, møte med gamle venner, skravling, party time, skravling, dagen derpå, skravling...

You get the picture?





Ein kan vel gjerne sei at Frøken Fryd har vore til lading.
Det er så godt å berre få vera seg sjølv!
Berre passa på seg sjølv...
Ha venninnetid...
 
Likevel, nydelig å komma heim til mjuke bornekinn og ein skjeggete Herr Fryd!

mandag 26. mars 2012

Nok...




... bakepapir?

Ja?

Nei?


Her har storebror varma kvelds sjølv, og har til og med "klipt til" bakepapiret.
Trur me må ta oss ein prat...
Eventuelt passa på at me fortset å berre kjøpa pizza- og bakeark i staden for bakepapir på rull - 
det blir visst berre tull...

Denne frøkna har litt bloggtørke no,
og masse kjekke bøker å lesa,
plutselig tilbake :-)


 



lørdag 24. mars 2012

Amerikanske pannekaker




I helgene, når me har fri og god tid, då er det koselig å ha ekstra god frukost / lunsj. Eg skal ikkje prøva å lura dåke til å tru at eg står opp kl. 07:00, plukkar inn ferske egg frå hønene i hagen (me har ikkje høner, eller jo - me har ei men den legg ikkje hønseegg), spring i skogen for å plukka blåbær (har handla dei på Rema 1000 heilt sjølv da...) og plukkar appelsiner frå appelsintreet som eg presser juice av. For slik er det ikkje hos oss. Her søv mor og far til dei vaknar av seg sjølv i helgene, og gutane er stort sett på sjølvstyr til me står opp. Dette høyrest nok uansvarlig ut, men no er dei 13 og 9 år, og dei kan med letthet smøra seg ei skjeva om dei vert svoltne før me står opp.





Men tilbake til den koselige lunsjen ja... Amerikanske pannekaker er ein stor hit her i huset. Og det er veldig koselig å sitta og lunsja i lag i helgene. Stort sett så er gutane travle, dei har things to do and places to go og då er me gamle skrukkisane ikkje heilt rette selskapet. Men bevares, me er jo gode nok til dei er mette må veta. Og då er det jo litt om å gjera at det er litt ekstra kos i helgene da.

Det er fort gjort å røra i saman, og du treng følgande ingrediensar for 6-8 personar:


100 g Tine Ekte Meierismør
5 dl TineMelk Hel
4 egg
6 dl hvetemel
4 ts bakepulver
2 ss sukker
1 ts salt

Pannekakerøre:

Smelt smøret, hell i melk. Visp i egga.
Bland hvetemel, bakepulver, salt og sukker i ein bolle. 
Hell i væska mens du rører. 
Hell ei ause (i standard størrelse) røre i steikepanna pr. pannekake.
Når dei har svellet opp og blitt litt boblete vender du dei. 
Legg de ferdige pannekakene oppå hverandre på et fat eller tallerken. 
Det smakar godt med lønnesirup til eller nyrørt syltetøy. 


Og så er det tid for laurdagskos.
Oppskrifta trur eg at eg fann inne hos Hanne Mette med Huseby Living bloggen.



fredag 23. mars 2012

Om å frekka seg til...




Det bur ei lita tøs i oss alle...

Til og med i Eva!






Vannkaraffel frå Eva Solo, så kanskje gutta boys drikk litt meir vatn?


torsdag 22. mars 2012

Du veit kva du har...




... men ikkje kva du får. 
Ein frase, ein klisje, men å så sant det er!

Så trygt og godt det hadde vore å stå på stedet hvil,
ikkje prøva nye ting, ikkje la seg utfordra, halda seg til det 
ein kan, det ein veit, det som er forutsigbart.

Booooring...





Denne frøkna her skal starta i ny jobb i mai.
Etter sju år på ein kjent og trygg arbeidsplass,
eg kjenner veien 
(eg er litt rar på dette med å finna fram, gjer meg sååå nervøs)
eg kjenner kollegane mine
eg kjenner arbeidsoppgåvene mine
eg kjenner til kva som er forventa av meg

og no

no er det tid for noko nytt!




Spennande prosessar å gå gjennom.
Sånn reint personlig.

For eg veit kva eg har, men ikkje kva eg får.
Likevel, no når valget er tatt, så er eg heilt rolig.
Eg er trygg på at det valget eg har tatt er veloverveid og riktig.
Spent og forventningsfull - ein smule utålmodig...

Men før valget er tatt, ja då er ein eit vaklande og 
usikkert spørsmålsteikn. Litt redd, litt avventande. 

Vaklar frå ja - nei - jo - tørr ikkje - ok då - mja - let's do it...
Veier for og mot, ulike scenario utspeler seg bak pannebarken,
lister vert skrivne - dei berømte for/mot listene ein må ha for å sjå,
ein prøver å finna teikn for at ein skal bli, teikn for at ein skal gå.




Då er det godt å ha ein sparringspartner.
Ein som kjenner deg godt.
Ein som kan gi gode og veloverveide råd.
Ein Herr Fryd.
Ei mamma.
Ein pappa.
Gode venner.
For ting vert lettare å takla når ein kan dela utfordringane.
Problem vert mindre, lettare å sjå, lettare å takla når ein kan
ha ein sparringpartner. Av og til er det nok å seia ting høgt, og så
ser ein sjølv løysinga. Av og til treng ein kasta utfodringa fram og tilbake
for å utfordra den tilbake. Synleggjera den. Løysa den.





Og så tar ein eit valg.
No gjenstår det å sjå om det var det rette.
Eg trur det. Eg er ganske overbevist om det.
Klar for nye utfordringar.
Forventningsfull.
Kom mai du skjønne milde...
Eg er klar!



onsdag 21. mars 2012

Blått er flott!




Frøken Fryd har no fått i hus eit aldeles bedårande nydelig sjal.
Det er blått, farge Blue Sky og det heiter Dragonfly, og det er nydelig.
Kjøpt på Kull
 





Finaste klokka er frå Lisbeth Dahl, fekk den i goodiebagen frå Landstil.
Eg brukar den som smykke.





I dag reiser denne frøkna på husmorferie til sunmøre :-)
Eg skal på besøk til ei barndomsvenninne - og gleder meg ein heile haug!




tirsdag 20. mars 2012

Big NO NO - del II

Foto: hurricanevanessa.com



{... Sukk...}

I dag har Frøken Fryd sykla i motvind.
Eg satt bak reine mitraljøsa av tarmgass!

Og det synest eg var skikkelig dårlig gjort!
Ho var heilt klart i mykje betre form enn meg...
Så kvifor gjera spinning turen til Frøken Fryd hardare,
KVIFOR?? Jeeez!
Redd for konkurranse, frøken gjennomtrent, hmmm??

Ho hadde antageligvis ein fettprosent på ca. 0.
Prompe mitraljøsa altså... Går det an?
Skikkelig gjennomtrent i alle fall.
Og det var treningskleda også...
OG dei hadde vore minst ein dag for lenge i treningsbagen.
Urkh!

Og så pepra ho den pesande Frøken Fryd som satt intetanande
på spinningsykkelen bak med prompar.

WHY??


mandag 19. mars 2012

Nye vennskap




Eg hadde ikkje forventa, når eg starta å blogga, at eg skulle laga meg eit heilt nytt nettverk av venner. Men det har eg altså. Det er slett ikkje alle eg har møtt enno, men eg set like stor pris på dei fordi. På fredag som var så hadde eg besøk av Maia, det var kjempe koselig. Og eg jobba hardt med meg sjølv for å ikkje stressa, for eg kan slita litt med det - at alt må vera perfekt.

Det kan ikkje ligga rot framme, det må vera reint og fint overalt, putene må vera puffa, teppene fint lagt i samen og på plass. Friske blomar må vera flott dandert i ein vase. Maten må vera ein kulinarisk opplevelse og laga frå scratch av kortreiste råvarer, det bør vera forrett - hovedrett - og dessert... Herr Fryd må vera nybarbert og iført sin beste stas, gutane må ha midtskill og nypussa tenner, ikkje ha albogane på bordet og berre bli sett - ikkje høyrt...

Nokon som kjenner seg att?





Men som tidligare nevnt, eg jobber for å drita litt meir i det, ikkje bokstavelig talt sjølvsagt... Når Maia kom var ikkje maten klar, bordet var ikkje dekka, gongen var ikkje ferdig oppussa, det låg skitne handkle på badegolvet. Dei friske fine blomane låg enno på kjøkkenbenken. Ungane kom krypande baklengs på golvet og spionerte inn på kjøkkenet på den nye gjesten, Herr Fryd var ikkje nybarbert - men veldig presentabel for-det-om.

Og det gjekk greit altså. Eg koste meg mykje meir enn eg gjer når eg stressar rundt for å ha det perfekt. No fekk eg god tid til å prata med gjesten min, for det var det eg aller mest hadde lyst til. Så det blei heimelaga pizza og pepsi max. Bordet var ikkje styla, me hadde ikkje forrett og ikkje dessert. Det var ein vanlig, heimekoselig fredagskveld i fryd heimen. Beina i sofaen etterpå, tente lys, smågodt, sjokolade, chips og pepsi max. Det treng ikkje vera perfekt rundt for at opplevinga skal vera perfekt.

Den vesle mugga som dåke ser på bileta øverst er frå Wik &Walsøe, og er ei av dei flotte gåvene me fekk på bloggtreffet.




Skjønne Maia hadde med nydelige ranuklar til meg og gutane fekk snoperi. Og så fekk eg ein vase frå House Doctor som eg såg meg ut hos Den Franske Landstil, men som dei ikkje hadde fleire att av, men Maia fiksa likevel. Eg blei så glad!! 

Maia hadde også med seg ei personlig helsing til meg i frå Karlotte, kule, flinke, artige og skjønne Karlotte med, antageligvis, ein av Noregs vakraste heimar... Slikt set ein pris på veit du. Og Karlotte har eg aldri møtt, men gjett om eg skal, ein vakker dag! Ho er ein kjær bloggevenn, som eg elsker humoren til!




Korleis er du før du får gjester? Er du ein slik som eg beundrar roen til? Som ikkje stressar, som åpnar huset uansett kva tilstand det er i? Eg håper eg klarer det ein vakker dag, for det er så ekte, så koselig, så rolig og avslappande. Og eg elskar å sjå at det ikkje berre er me som har det rotete i kvardagen.

Ha ein fin dag, kjære bloggevenn!

Klem Eli


søndag 18. mars 2012

Fabelaktige damer!

Martha, Silje, May Helen, Cathrine og Annfrid.



Torsdag 15. mars hadde me ein Fabelaktig kveld hos Dagdrømmeren!
For ei samling av FABELAKTIGE damer. Rogabloggerane er berre heilt skjønne.
Mest av alt vil eg takka Tonje som modig åpna heimen sin for at 29 damer skulle
få samlast og tatla og tutla og le og spisa og gleda seg over å vera saman med likesinna.


May Helen og Mari Ann

Siren, Heidi og Hjørdis

Magiske Maia



Me møttes hos Tonje kl. 18, og der hadde dei ommøblert for å få plass til alle dei ekstra borda som måtte på plass. Tonje har stått på altså. Ho har i forkant av treffet mottatt fleire forsendelser til Goodiebags som Fabelaktige Maia har shippa avgårde til treffet. Ho har pakka og klartgjort alt for oss. På kvar stol stod det ein pose klar, fylt av flotte gåver i frå Eva Solo, Carmex, Wik &  Walsøe, Rosendahl, Newby Teas, Kid og mange fleire.

I tillegg så er det mange som har sponsa bloggtreffet med flotte premiar til utlodning. Sjå berre her:





Det vart eit etergilde utan like... Alle hadde med eit bidrag til maten, som var tapas, og det var så mykje godt! Nam, nam, nam :) Sjå lekre bilder av maten hos Maia her. Etterkvart gjorde me oss klare til kundekveld hos Den Franske Landstil. Dei haldt åpent kun for oss, og diska opp med champagne og snacks, mannekeng oppvisning, 30% avslag på alt i butikken, utlodning av ei gedigen gåvekorg og ein goodiebag som eg aldri har sett maken til...For ikkje å snakka om service. Service - service - service! Dei har stått på, beundringsverdig!


Bilde lånt av Prinsesse Elin

Bilde lånt av Prinsesse Elin
Bilde lånt av Prinsesse Elin
Bilde lånt av Den Franske Landstil

Inne på Den Franske Landstil så vart det mingling og peiking og sukking og "oooo"-ing, "aaaah"-ing og nett slik stemning som det lett kan bli når entusiastiske, glade, litt små-høge interiørbloggerar samlast og får sjå fine-fine ting :-) Topp stemning! Heldigvis knipsa Prinsesse Elin bilder, og dei har ho raust lånt ut til oss andre som var for opptatt med å gå rundt og tafsa på alle dei fine tinga me såg med stjerner i augene og kanskje, berre kanskje, ein liten dråpe med sikkel...

Når me skulle gå i frå Den Franske Landstil så var det med armane fulle av shopping posar og goodiebags - og den var blytung! Og no, no var det tid for dessert...





Hildemor stod for pannacotta og sjokolademousse kake, Prinsesse Elin hadde med deilig sjokolade kake, og Hilde og Mette hadde også nydelige kaker med. Jada, det vart meir spising... Og så... SÅ var det tid for utlodning av premiar... Der var premiar til alle - er ikkje det flott? Den som mange sikla over var Puta i frå By Nord som Vakkert sponsa oss med, og det var heldige Liv Astrid som vant den. Sjekk smilet ;-)


Liv Astrid og Torbjørg


Ei heldig-heldig KROnPRINSESSE vant kaffimaskin i frå Nespresso. Ho vart bokstavelig talt hoppande glad! Skulle hatt det på film, du er så skjønn May Helen! Det var i det heile tatt eit treff fylt av glede. Glede over å treffast, glede over å få bekrefta at dette var jo ikkje farlig i det heile tatt, glede over å knytta nye vennskapsband. Tida gjekk berre så alt for alt for fort... Som vanlig når ein er i godt lag. Men til slutt så måtte me jo berre gå heim. Planen var å legga seg når eg kom heim. Men så var det den der goodiebagen i frå Den Franske Landstil da... Den var så fin og rosa, så rund og god, og så full og spennande. Eg falt for fristelsen, og eg er veldig glad for at dette ikkje finst på film. Eg satt på golvet kl. 02:00 natt til fredag, gåvepapiret hagla rundt meg og eg åpna den eine herligheten etter den andre. Bilder kjem seinare, for no er dette innlegget blitt så altfor altfor longt allerede. Men eg kan jo røpa at følgande rause, fine leverandørar har bidratt til goodiebagen:

Chic Antique

Udesen Danmark

Durance

Love is Green

Rosenvinge

Cream

Country Collection

Pukka Te ved M Willumsen

Lisbeth Dahl

2 i spann
Lea 

lørdag 17. mars 2012

Den ONDE kaka!




Hmm... visste du at Oreo kaka er OND!?!
Den er visst det, for desse sitata kjem frå oppskrifta:

"Dette er ei skikkelig ond kake - som er altfor god!"
"Fysj, ein kan ikkje servera folk dette - den må me nok spisa sjølv!"



Vel, du treng følgande ingrediensar og litt tid...
Denne kaka lyt lagast i fleire omgangar.
Men du treng ikkje steika den da ;-)

400 gr Oreo kjeks
100 gr smør
1 pk Philiadelphia Original
2,5 dl melis
3 dl kremfløyte
1 pk sjokolademousse
2 dl melk

Første omgang:
300 gr Oreo kjeks og 100 gr mjukt smør blandast godt i foodprosessor til ein jamn masse.
Bruk dekselet på ei 24 cm rundkakeform og legg den på det kakefatet du vil ha kaka på.
Hell massen i forma og smør utover, og litt oppover sidene.
(Veldig lurt å stramma / lukka til forma, så er det litt lettare å få kaka ut etterpå... Det gløymde eg, men fekk den no ut på eit vis likevel.)
Sett i kjøleskapet i 30 minutt.

Andre omgang:
Rør saman Philiadelphia osten og melisen.
Pisk 3 dl kremfløyte stiv og bland med ostekremen.
Hell 2/3 deler over i forma og smør utover.
Grov hakk ca. 50 gr Oreo kjeks og stikk ned i ostekremen.
Sett i kjøleskapet i 30 minutt.

Tredje omgang:
Rør saman sjokolademoussen som henvist på pakken.
I oppskrifta stod det at ein skulle bruka Toro sin.
Eg brukte Freia sin - og det gjekk veldig bra det ;-)
Hell moussen over i forma og smør utover.
Grov hakk ca. 50 gr Oreo kjeks og stikk ned i moussen.
Sett i kjøleskapet i 30 minutt.

Fjerde omgang:
Fordel resten av ostekremen og smør utover.
Pynt med resten av Oreo kjeksa, grovhakka, eller som du sjølv ønsker det.
Det kan også vera fint å pynta kaka med sjokoladesaus.
Sett i kjøleskapet i 1 time.

Femte omgang:
Klar-ferdig-SPIS! Og husk, om ingen ser deg spisa - så tel ikkje kaloriane! Det er eit gammalt jungelordtak...





Tusen takk for oppskrifta, T :-)
Eg kan lova deg at den gjorde suksess!!

Klem Eli

fredag 16. mars 2012

Blomar, igjen...




Er Frøken Fryd bitte litt opphengt
i blomar no når det er vår?
Jepp!




Det er ingenting som
gir meg følelsen av vår
så sterkt som blomar gjer.
Tulipanane på løk er i full blomst . 
Eg har hatt dei ute om natta slik 
at dei skal vara litt lengre.
 Det har fungert veldig
bra, og no er 
dei heilt
nydelige.




Eg er blitt tipsa om at
dei faktisk kan plantast ut
når dei har blømt frå seg, og det
var jo kjempe lurt! Eg gleder meg sånn 
til me skal setta fram hagemøblane igjen. Ut
og handla inn blomar til krukker og balkong
kassar. Grilla middag på terrassen, sova
middag i solstolen. Slåss med måkane
om middagsrestane. Få flis når
me går barbeint. Visa fram
bleike bilringar til
naboen når me 
kastar 
skjorta. 




Jada, me har mykje å sjå fram til dåke :)







torsdag 15. mars 2012

No igjen, lizzom...?




Herr Fryd: "Øhm, tar du bilde av den no igjen?"
Frøken Fryd: "Øh, ja, doh...?"
Herr Fryd: "Har du ikkje nett tatt bilde av den der da??"
Frøken Fryd: "Jammen, hallo... då var det andre blomar oppi!"
Herr Fryd: "...?..."
Frøken Fryd: "Det var tulipanar oppi då, lizzom..."
(himlar antagelivis med augene)
Herr Fryd: "Jaha... og kva blomar er det som er oppi no då?"
(himlar med stor sannsynlighet med augene han også)
Frøken Fryd: " No er det MUSCARI oppi!"





Ikkje lett det der, å skulle forstå ein interiørbloggar.
Men i dag, IDAG, skal eg vera blandt mange som forstår
kvifor det er tvingande nødvendig å ta bilde av samme
vasen om att - og om att - og om att.
I dag skal eg på bloggtreff.
Elskbart!

Dette er forresten min favoritt nipseting om dagen.
Har fått den av Herr Fryd, elskbar han også!

Med dette innlegget er eg med på Maia si utfordring der ho ber oss visa fram
vårt favoritt nips. Her kan du sjå mange flotte bidrag, nips - perfekt fotografert for
ørtande gong av ein iteriørbloggar. For slik er me berre altså, lizzom...
(og nei, lizzom er ikkje eit ord eg brukar til vanlig - 
berre litt kjekt å skriva det, kor ofte får ein strø om seg med ein masse z'ar lizzom...???)


onsdag 14. mars 2012

Hos Tora




Eg har vore Hos Tora i dag eg :-)
Alltid like koselig å vera der.
Har vore hos Tora før eg... (sjå innlegg her)

I dag hadde dei skjønne damene Hos Tora laga klar to super skjønne premiar
til bloggtreffet som me skal på i morgon, hos Tonje. 






Eg kjenner at blir veldig glad, og veldig audmjuk, over kor imøtekommande 
dei butikkane eg har kontakta vore. For som eg gjerne har nevnt før så er
dette eit stykke utanfor mi komfortsone, å "tigga" premiar til arrangement.






No blei det til at eg måtte ta med meg heim nokre Green Gate koppar også,
for den nydelige skjønne koppen som eg fekk hos Veronica kjem visst ikkje inn att.
Så om du likte den, snør på deg joggeskoa og skunda deg til Hos Tora!

I morgon er det bloggtreff. Wooop woooop!