mandag 8. august 2011

Snasne sneller!





Desse tre snasne snellene blei med meg heim frå Bohemia på torsdag, eg skulle egentlig berre ha nokre serviettar, men som vanlig når ein skal berre... Var og snuste på dei i vår også, stod og klappa fint på dei, men lommeboka mi sa med streng stemme at eg måtte sjå til å skjerpa meg. Vel, lydig som eg er så vart dei satt tilbake i hylla. Men på torsdag gitt, då var dei satt ned til neste halve prisen - så då fekk dei og vera med serviettane heim.







Eg synst dei er ur-kule, og elsker fargen på dei, den er så rein og varm. I kjellaren hadde me ei Ikea ramme som hadde gjort ska' på seg og knust glaset, så no bur det tre sneller frå Day Home der i staden for :)







Ikkje longt frå dei Snertne Snellene heng der to Kule Karar som eg kjøpte på ein interiørbutikk i Lyngdal i fjor sommar, eg har ei heil-skjønn venninne som har hytte der - om eg er skikkelig heldig så får eg ta litt bileter av den lekre hytta og visa dåke ein gong... Der er det stemning, eg lovar!






Jah... ikkje meir som skal til for å løfta ein heilt vanlig dag, sånn egentlig...


Klem Eli

3 kommentarer:

  1. Tusen takk for herlig hilsen hos meg!! Det varmer! Håper du koomer tilbake :)
    Nå skal jeg ta meg en titt her hos deg!
    Ha en fin kveld!
    Klem!

    SvarSlett
  2. Så fine sneller og fugler. :)
    Ønsker deg en fin kveld videre. :)

    SvarSlett
  3. Ja det var snellene sine det :) Passet godt inn i den rammen! Kjenner meg igjen i det med "skal bare" ja... En liten butikkrunde i kveld førte til at kredittkortet ble brukt, litt lite igjen på lønnskontoen nemlig, upps ;) Jaja, gjort er gjort og kjøpt er kjøpt. Ha en super tirsdag :) Klemmer

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!