tirsdag 2. august 2011

Just Do It....





Jepp, no har det skjedd... Frøken Fryd er blitt sponsa av Nike! Eg har jo sjølvsagt venta på dette ei stund, så sprek som eg er - eit eksempel for alle!


http://www.dealmakersblog.com/dealmakers-quote-week/


*Moahahahahahahaaaaaaaa!!* 

(Dette var skjølvsagt ein spøk...)

Nei, det eg tenkte å skriva om i dag er rett og slett litt sånn "ordning och reda". Og i den forbindelse så lurer eg på, er det berre meg som bruker mykje energi på å IKKJE gjera ting? Eg har nemelig planlagt dette innlegget ei stund, men så var det smuler i skuffene, boset var fullt og kjøleskapet var heller ikkje sånn heilt tipp topp. Latskapen lenge leva. Så satt eg her i stolen min da, og tenkte "Just Do It"... og det gjorde eg... Vaska kjøleskapet - svisj svosj - tok ikkje long tid ein gong. I dag tok eg bestikkskuffa - svisj svosj - tok kanskje fem minutt, wow... ikkje mykje å grua for sånn egentlig. Jogga ut med bosset - svisj svosj - det også, og så var det klart for å laga ordning och reda innlegg frå kjøkkenet :)

Here we go!

Når me pussa opp kjøkkenet for to år sidan så vart det Ikea kjøkken på oss, og breie skuffer - elsker det! Ein av dei tinga eg liker ekstra godt er bestikk skuffa, oversiktelig og fin og med mykje plass. Og som eg no oppdaga så var det rimelig kjapt og enkelt å gjera reint også, løfter berre ut trekassa og støvsuger og vasker litt og så er den good to go!









Ei anna favoritt skuffe (om ein kan kalla boss skuffa si for det) er den som er under vasken. I Stavanger har me kildesortering (heldigvis) og denne skuffa er stor og god og heilt perfekt til dette formålet. Her har me plass til stor bosskasse til restavfall og to litt mindre til bioavfall og til glass og hermetikk. (Plast og papir har me i eit anna skap). Ikea bosskassane passer sjølvsagt perfekt til Ikea skuffa (skulle berre mangla egentlig), men så har me litt plass til overs til diverse husholdningsprodukter og ein behaldar til å legga tomme plastposer i osv. Nettopp det at me har dette i ei djup skuffe gjer tilgjengeligheten lett, vil tru det er ergonomisk heldig også å sleppa å bøya seg ned og så inn i eit skap for å nå bakerst.

No kjenner eg at eg er rimelig imponert over meg sjølv som kan skriva så mykje om boss...

Vel, over til neste post på ordning och reda innlegg frå kjøkkenet - nemelig ein boks til å samla pålegget i.







Fekk dette tipset frå ei god venninne, og har ikkje angra. Før hadde me pålegget spredt over heile kjøleskapet, der som det til ei kvar tid var plass og dermed var oversikten borte-borte-borte... Me visste ikkje kvar me hadde ditt og kvar me hadde datt - ting gjekk ut på dato - me kjøpte dobbelt - ungane fant ikkje favoritt pålegget osv osv. No har me alt i ein boks, det sparer mykje plass i kjøleskapet sidan me kan stabla i boksen, gjer pålegget lett tilgjengelig og som sagt, samla på ein stad, og me bruker berre ei hylle i kjøleskapet til pålegg. Ja, me sparer jo tid også, når me skal rydda på og av frukostbordet for eksempel, då ber me berre kassen bort til spisebordet, lesser av og motsatt når det skal på plass att - sparer moooonge turar fram og tilbake til kjøleskapet då gitt ;) The gift of time...








Jepp, det var det. No tenker eg dåke sit og klappar begeistra i nevane ;) Høhøhø!


Klem Eli

2 kommentarer:

  1. Haha, lo litt for meg selv når jeg leste innlegget :) Kjenner meg igjen i det med å tenke mye på hva jeg skulle gjort ja! Det sluker energi å ha det hengende over seg. Har tenkt på en hel haug med ordning & reda prosjekter hos oss, klesskap, smykkeoppbevaring, bedre system på badet, vaskerommet - you name it! Bodene i kjelleren "får" vi nå anledning til å rydde opp i pga oversvømmelsen der, så når tingene kommer tilbake fra lager om en måneds tid skal det kastes ting med hard hånd... Bra tips om system i kjøleskapet! Ha en glitrende dag, nå kan du være godt fornøyd med innsatsen ;) Klemmer

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!