tirsdag 16. august 2011

Bloggekroken





Jepp her, i stolen til høgre på bildet, er det Frøken Fryd sit og bloggar, for anledningen er laptop fjerna ;) Herr Fryd og eg har kvar vår stol, der me sit med beina høgt og surfar på den store verdsveven, smug ser på kva som skjer i TV kroken eller nyter utsikta frå stove vindauga. Her har me full oversikt over heile stova, og det må innrømmast at ein del timar vert tilbrakt her altså...







Som nemnt i eit tidligare innlegg så vurderer me sterkt å gå laus på dei mørke tremøblane våre med ein del kvitmaling, men før det eventuelt skjer så må andre prosjekt, som gongen, ferdigstillast. Me prøver å ikkje ha for mange ting på gang samtidig :) Eg er ein utålmodig sjel, men også ein ganske makelig sjel - uheldig kombinasjon! MEN eg liker å få ting ferdig, så den gongen - den skal fullførast i løpet av kort tid - dermed basta!










Er det nokon av dåke som har høyrt om Anu Allikas? Ho er ein fabelaktig kreativ og flink skulptør i frå Estland som no bur på Randaberg og har verkstaden sin der. Eg kan sjå bort dit frå bloggestolen min ;) Og skulpturane på veggen bak bloggestolen er laga av skjønne Anu. Dåke kan sjå fleire bilete av skulpturar ho har laga i bloggen til fotograf Kristin Klungtveit her. Om dåke ønsker å sjå nærare på skulpturane til Anu så stiller Neo Galleri i Stavanger ut arbeidet hennar, eller dåke kan ta direkte kontakt med Anu sjølv, det har eg gjort :) Og etter besøk i verkstaden hennar så vart Erlend lillebror kjempe inspirert og utalte ganske bastant at han skal bli kunstner når han vert stor.

Kva skal du blir når du blir stor? Eller har du alt drømmejobben, kanskje?


Klem Eli

4 kommentarer:

  1. Eg starta min draumejobb i går, no jobbar eg som adjunkt på ein liten nynorsk skule, og eg gler meg til elevane kjem inn døra på torsdag! Håper du får ein fin kveld.

    SvarSlett
  2. Artig å se din bloggeplass :) Min er ved spisebordet. Der har jeg full oversikt ut på terrassen, inn i kjøkkenkroken pluss over resten av stuen :) Min bedre halvdel har godstolen sin der han sitter med Ipad samtidig som han ofte ser på TV :) Så sånn går nå kveldene ja! Tenkte meg ellers at de damene som driver Hos Tora er koselige! De var som sagt sååå imøtekommende med å sende servise til meg selv om de ikke har nettbutikk. Men så kjøpte jeg ganske mye også da ;) Takk for tipset om Facebook-siden, der har jeg fulgt med på bildene som Hos Tora legger ut :) Ha en fortsatt super tirsdagskveld! Klemmer

    SvarSlett
  3. Her var det koselig! Så det er herfra du sender så mange hyggelige meldinger! Jeg sitter nok både litt på kjøkkenet og i stua - kommer an på der jeg får være litt i fred.
    Heidi :-)

    SvarSlett
  4. koselig!
    flotte bilder fra Hagedorn ++
    skulpturene var også skjønne
    ligner på noen jeg har, av ei fra Ålesund - Ingunn Dahlin.

    beste hilsener fra Åpent hus

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!