fredag 5. august 2011

Om å vera omgitt av testosteron...





Eg er omgitt av testosteron, både på jobb og i heimen... Ein stk. Herr Fryd, ein stk. Mini Fryd og ein stk. Store Fryd, ja, til og med kattane er av hankjønn her i heimen vår. Då er det jo ikkje rart at ein lyt utligna litt... Eller, må jo være lov det vel?

No har eg utligna med litt "nips og naps"... Fekk ein forsiktig kommentar i frå Herr Fryd i dag; "No begynner det å bli litt mykje nips her... Just saying..." Ok, men det er greit det, for eg er ferdig å nipsa og napsa eg... I alle fall i denne omgong ;) Så då tok eg heller og baka ei sjokoladekake med tutti frutti og lyse nonstop på :) Eg har faktisk kvite og rosa hjerter som eg kunne pynta med også, shit, det kom eg ikkje på... Men kaka er jentete nok den - og mektig så det held med deilig-deilig melkesjokoladefyll. *Mums* som dei seier dei svenske interiør bloggerane.







No har Mini Fryd'en fått to kompisar på besøk, så no får kaka bein å gå på, det var mykje "mmm'ing" rundt spisebordet, så då sit Frøken Fryd med eit fornøyd smil - kven liker vel ikkje å få skryt?

I dag er det heilt perfekt "male-ferdig-gangen-og-bake-sjokoladekake-vær", og det er det som skal skje i dag :) One down, one to go... Eg er så kjempe fornøyd med at eg i dag dumpa innom den nydelige bloggen Sukkertøy for Øyet, me fann overhodet ingen skohyller me likte, og der fekk eg sjå at Ida har brukt Lack hyller frå Ikea, genialt - vips så var det problemet løyst. I like!

Men då var det ned og pussa sparkel og mala siste veggane i gangen :)

Ha ein framifrå fredagskveld godt folk! BESTE kvelden i veka det.


Klem Eli

3 kommentarer:

  1. Heisan frk.Fryd!
    Takk for koselig kommentar på bloggen min! Jeg er en svært fersk blogger og setter stor pris på tilbakemeldinger! Du har også en flott blogg, ser at vi begge liker TineK f.eks. :-)
    Jeg vil gjerne følge deg og legger deg til på blogglista mi jeg! God helg!
    Heidi :-)

    SvarSlett
  2. Kjenner til det med berre å ha gutta rundt seg, så her vert det også litt nips og naps for å få det litt feminint.
    Ha ein herleg fredagskveld :)

    SvarSlett
  3. Hihi det var da godt du fikk deg ei
    litt feminin kake :-)

    Så må jeg si at Ikeaskapet ditt ble kjempe stilig!! Gøy å gjøre møblene litt mer personlig.

    Riktig god helg til deg!
    Klem fra Hilde

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!