fredag 12. august 2011

For ein herlig dag!





I dag har det vore ein sånn h e r l i g dag! Ein sånn dag der du kjenner at du er glad, heilt i frå ytterste tåspiss og longt ut i hårrøttene, smilet er bredt og det kitlar i smilerynkene :)





Sol frå skyfri himmel, varmt og godt. Sneken av haust blåste vekk... Slutta tidlig på jobb og plukka markblomar på veg heim, har pynta ute og inne med koselige bukettar.  Har lagt og slya meg på eit vatteppe i hagen, eg har snorka og sove, sleva på puta, vifta med tærne, kosa med Fiona-Ferie-Pus, lest Vakre Hjem og Interør, berre sett på sola og blomane og det grøne graset. Høyrt på vinden som rasla i blada, svalene og måkane. Me har spidda pølser over bålpanna og grilla marshmellows til dessert...*velvære sukk* for ein fabelaktig dag... og så er det f r e d a g!





I morgon får me besøk av tre vennepar som skal bli til søndag, ungane er "lånt" vekk til venner og me skal berre vera Eli og Johnny - oh joy så godt det skal bli :)

Eg håper at du har hatt ein magisk dag, og ønsker deg ei nydelig helg!

Klem Eli

5 kommentarer:

  1. Heisan!! For noen flotte sommerbilder!! Ja, her sitter vi i sofaen vet du!! Har kost meg si jeg kom hjem fra jobb og går nok ikke inn før mørket faller på! Det er godt med voksentid og bare være sammen med gode venner :-) Kos dere masse !!
    Klem Heidi

    SvarSlett
  2. Tusen takk for tavletips!!! Veldig nyttig:)

    SvarSlett
  3. Høres ut som en helt fantastisk dag. Håper vi får en sånn en i dag. :)
    God helg!

    SvarSlett
  4. Hei:-) God lørdag til dåke. I dag har eg slukt HEILE Saras nøkkel på stranda. Klarte ikkje legga den fra meg. Veldig bra... og trist.. Ha ein fin kveld i godt lag, å gje Fionapus ein god klem frå meg. Helsa gutane dine:-)

    SvarSlett
  5. Oj... heile Sara på ein dag - tenker du fekk nokre D-vitaminer på kjøpet då ja :) Det er ei sterk bok, det er heilt sant, den driv deg vidare - MÅ berre veta korleis det går...

    Fiona får så masse kos atte :)

    Klem Eli

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!