mandag 12. november 2012

Juleflyet

Deilige julekuler og hus av kaneltre, shoppa hos Keiserens Nye 


Har du høyrt om juleflyet?
Eg hadde ikkje høyrt om det før Herr Fryd nevnte det for meg i fjor.
Ein tidligare kollega av han er med på dette flyet før jul kvart år.
Dei siste ni åra har flyet landa i Tallinn, så også i år.
Aksjonen har svært lave kostandar; drivstoff vert sponsa av oljeselskap, flyplassavgifter fell vekk og handling på flyplassane vert gjort utan kostnadar. I tillegg stiller alt mannskap opp ubetalt på si frtitid. Dette omfattar crew, teknisk personell og stuere.

Kva er flyet lasta med?
Det er lasta med matvarer, hygieniske artiklar, leiker, skulemateriale, klede, sko og diverse andre nødvendige artiklar som til dømes stearinlys.

Du kan også støtta økonomisk. Om du sender ein mail til sas@juleflyet.com eller tek kontakt på mobil 900 45 039 får du anledning til å selgja kort til 200,- pr stk. Inntekta går uavkorta til familiepakkar, ein pakke per solgte kort. Heile 250 familiar skal motta slike pakkar som vert delt ut på ein juletilstelning for fattige familiar, der får dei ei oppleving for livet med underhaldning av lokale artistar og kanskje norske også.

Kven mottar artiklane som vert samla inn og sendt med juleflyet?
Det er ein barneheim i Tallinn som heiter Bethels Centre of Pastoral Care.
Barneheimen er heilt utan statlig og offentlig støtte og difor totalt avhengig av støtte og hjelp frå private.
Mati Sinissar driv barneheimen, han er eit av desse heilt unike menneska som fortjener respekt,  respekt og respekt! Mati var ein suksessfull foretningsmann som stoppa opp i livet, og funderte over om han egentlig gjorde noko nyttig for andre menneske. No har han ei ny karriere, nemlig å hjelpe dei svake i samfunnet. Barneheimen er for gateborn, og foreldrelause born. Det bur opp til 30 stykker her, men daglig er det åpnent for alle born slik at dei kan komme inn og få vaska seg, få ein matbit, og gjerne nokre klesplagg.

Eg vert så ekstremt audmjuk når eg les om slike menneske. Dei som brukar livet sitt til å hjelpa andre. Og så har me dei som er minst like viktige, nemlig dei som legg til rette og koordinerer det slik at det vert lett for oss "vanlige" å hjelpa til også. Då tenker eg ikkje berre på juleflyet, men på Plan, Unicef, SOS Barnebyer, Frelsesarmèen og mange mange fleire. Slike kvardagsenglar er det så godt å sjå, å veta at dei fins blant oss. Bidraga frå oss "vanlige" er viktige! Ikkje alle har det i seg å gjera som Mati Sinissar, men me kan alle dela av vår overflod. Det kostar oss lite - men betyr veldig mykje.

Oppfordringa mi er vel rimelig lett å fatta.
Rekk ut ei hand, det gjer godt for andre og også for deg sjølv.
Vær ein kvardagsengel!







9 kommentarer:

  1. Hadde ikke hørt om juleflyet. Hurra for vakre mennesker som står på for at andre skal få det bedre.

    SvarSlett
  2. Nytt for meg også Eli, men så flott at du deler dette med oss. Me har jo nok av ALT, faktisk alt for mykje av alt!!! Får det over meg inni mellom at ein brukar alt for mykje på unødvendige ting... Men,men, ein prøver så godt ein kan å dela litt av det ein har i nokre retningar ☺ takk for koselig kommentar på innlegget mitt! Det toppar seg litt innimellom kan du sei! Det er full rulle vekedagar og helg! Almanakken min og god planlegging/ samarbeid hadde me aldri klart oss utan!!! Er ganske spent på korleis det skal gå til våren når 3 gutar skal pela fotball hos oss...treningar og kampar i alle himmelretningar!!
    Men livet har lært meg å aldri ta sorger og bekymringar på forskot! Ta det som det kjæm... ☺ klemz Kjersti

    SvarSlett
  3. Har aldri hørt om det før nå....
    Men det er fint at det finnes, og at folk kan være med å bidra til at andre får det bedre :-)
    Leste nett kommentaren fra deg :)
    Eg e ikkje aleina om manko på energien nei...... Tragisk!
    Me får håpa det komme seg snart. Har prøvd sukker i alle varianter (sjokolade, kake, is boller, kakao....) ,
    men det virka ikkje heller.
    Hihi... jaja, snart jul!!
    Ha ein flotte kveld :-)
    KLEM

    SvarSlett
  4. Dette var nytt for meg, men hjelpes kor flott.

    Klem!

    SvarSlett
  5. Så utrolig flott!
    Takk for veldig, veldig fin hilsen inne hos meg:) klem

    SvarSlett
  6. Hadde heller ikke hørt om dette. I begynnelsen av innlegget trodde jeg det var snakk om juleshopping. Men dette er jo helt fantastisk! Så bra du skriver om et så godt initiativ!

    SvarSlett
  7. Hei Eli!! Nå er jeg vel litt innhabil, siden jeg har jobbet nesten 20 år i flybransjen,:) men dette er et fantastisk tiltak som har vært i mange år og jeg håper det fortsetter i mange år til:)) Ønsker deg en fiiiin uke !
    Mange førjulsklemmer fra Tone:)

    SvarSlett
  8. Så kjekt at du promoterer vår aksjon på en så fin måte :) Turen til Tallinn var svært vellykket og jeg vil rette en stor takk til alle dem som har vært med å bidra ved kjøp av matpakkekort eller på annen måte! Mvh Lisa Midtun, SAS Julefly

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!