tirsdag 13. november 2012

Om høge dørstokkar...

Bildet er frimodig lånt av Ikea og har overhodet ingenting med teksten å gjera, det er berre fint...


Heime hjå oss har me høge dørstokkar.
Særs høge dørstokkar...
Så når Frøken Fryd er komt heim, då er Frøken Fryd komt heim.
Det er heilt pøkk umulig å gå igjen.
Og det går i alle fall IKKJE an å gå på trening!

Eller for å seia det slik, det er mykje som vert viktigare enn å gå på trening.

Slik går det altså til at Frøken Fryd begynner å trena igjen, og igjen, og igjen, og igjen...
Og då kjem Frøken Fryd liksom aldri heilt i gong, og aldri heilt i form.
Det mest effektive er å gå rett frå jobb.
No føler Frøken Fryd at ho er i gong. Igjen.
Frøken Fryd har funne nokre knakande kjekke spinning timar.
Og dei knakande kjekke spinning timane har ein knakande kjekk instruktør, Tine!
Tine spelar knakande kjekk musikk.
Det rykker i "rockefoten" til Frøken Fryd.
Det blir kjekt å trena.
Treninga vert prioritert.
YES!

No er målet å gå på to små spinning timar i veka.
Alt ekstra vert bonus.
Dette for at Frøken Fryd kan lura Frøken Fryd.
Slik har ikkje Frøken Fryd tapt før ho har begynt.
Sånn reint erfaringsmessig har ikkje Frøken Fryd vilje nok til å trena tre gongar i veka.
Med eit mål om tre treningar i veka tapar Frøken Fryd kvar einaste veke.
Trening vert negativt.
Har Frøken Fryd utgangspunkt i to treningar i veka, så er det gjennomførbart.
Trening vert positivt når Frøken Fryd føler mestring.
Men... og her kjem det geniale {kremt}... om Frøken Fryd klarar tre treningar på ei veke, ja då er det bonus på gang.
Frøken Fryd føler seg som ein vinnar.
Og med utgangspunkt i to treningar i veka så vinn Frøken Fryd kvar einaste veka.

Det stoppar ikkje her.
Frøken Fryd er ei kompleks dama, tydeligvis.
For det må vera kjekke treningar altså.
Frøken Fryd har overhodet ikkje vilje til å motivera seg til å gå på kjedelig trening.
Som kettlebells for eksempel.
Totalt ugjennomførbart. Totalt!
Berre sjekk dette innlegget...

Zumba har blitt prøvd, og det var i grunn ganske kjekt.
Men nei, det er og blir spinning ser det ut for.
Så får det vera bra nok da.

Likar du å trena?
Har du høge dørstokkar?
Kva gjer du for å holda deg i form?









15 kommentarer:

  1. hahaha gode Eli :)
    trening er kjekt det, av og til. Det blir berre så himla vansklig med mann i reisejobb. Men har funne ut at å vera aktiv i lag med ungane på deira trening er ein veldig god erstattar. Åsso har me den faste husmortrimmen kver mandag då, kanon kjekt og konkurranse instinktet står høgt :)

    Lykke til med treningo Eli :) kjør på så lenge det er kjekt!

    klem frå vikjo :)

    SvarSlett
  2. Her går dørstokkane frå golv til tak no om dagen..heilt pumpa etter ein dag med to små snupper som kan vere ganske krevende for mammaen sin...mens dørstokken inn i godteskapet er ikkjeeksisterande..desverre..ein dårlig kombo, men det skal bli ein endring..sånn i måro kanskje ; )og spinning er den beste treningsformen som fins..sakner tida med fire pulsspinn i veka..men d var før ungane kom d.

    finfin tirsdagskveld videre!

    SvarSlett
  3. Hei på deg.
    ..må innrømme at dørstokkene av og til er veldig høye her i huset også ;) Det er dessverre lite organisert trening på meg, men er veldig flink til å gå tur (om jeg så må si det selv...) Ikke alltid like lett å komme seg ut å gå, men når man er to så hjelper det veldig på motivasjonen, og dørstokken føles mye lavere!
    Ønsker deg en riktig fin kveld, og masse lykke til med treningen!
    Smil og klem fra Monica

    SvarSlett
  4. Så flink du er!!
    Her er dørstokken så høy at jeg ikke helt kommer over... enda...:)
    Men jeg SKAL snart altså, til helga kanskje:)

    Spinning er ikke noe for meg, jeg hater alt som har med sykling og gjøre!
    Men Zumba kan nok kanskje være litt meg, jeg liker og danse altså, hehe:))

    Ha en fin kvled med goood samvittighet, det må være deilig.
    Jeg sitter med godisskålen gjemt langt ned i stolen her, så ingen skal se:)

    SvarSlett
  5. Hi, hi... Jeg er heeeelt ute av treningsmodus! Finnes ikke motivert :(
    Men du er flink da!

    Klem

    SvarSlett
  6. Eg elskar zumba! :D men reiv ein muskel i skuldra og då vart det so vanskeleg med koordinasjonen. Nett som om du riv ei venge av ei fluge... :D
    So no er da stilt i treningsleiren... :D

    Kos deg på spinning...har gjort da ein gong og berre sank av sykkelen i ein våt haug på golvet då eg var ferdig..så alle æra til deg :D

    SvarSlett
  7. hadde bare bekken, rygg og ankel vore bra!! Men jeg nærmer meg målet! :-)
    Ha en finfin kveld!

    SvarSlett
  8. hihi! herlig innlegg:);) Jeg har store bjelker jeg!!! haraldrtrentimittliv!!! må begynne 1,5 år står jeg der m slør i håret haha:)

    Fin onsdag;)

    Klemmer

    SvarSlett
  9. Tror du har funnet en lur formel.
    For noen år siden passa det best for meg å trene før jobb om morran. Da tok jeg liksom bare tida fra natta og søvnen, ikke de to viktige timene mellom barnehage og leggetid for Trollet.

    Jeg hørte nylig at eneste måten å sikre seg at man starta dagen med trening, var å sove i treningstøyet, ha ha. Har ikke testa det ut ennå. Trenger stort sett på kveldstid, etter middag. Men enig i at å dra rett fra jobb er lurt.

    SvarSlett
  10. Eg har ikkje kome over at den kjekke instruktøren heitte Tine og ikkje Tinus... Såg for meg DEN fyren eg veit du... Men Tine er sikkert grei ho altså. Her er dørstokkane normale, mannen min sring annankvar dag(for å sleppe meg reknar eg med?) Eg har trena fast siste fem åra, gåing ute fungerar for min del. Men siste året har eg jo ikkje klart å gå, litt sjølvsagt, men ikkje fleire mil i veka som åra før. Eg har ikkje kome meg opp på fjellet(som eg ser på som katastrofalt) og skulle SÅ gjerne ha gått i alle fall nokre hundre meter utan å ha vondt! Så viss nokon les denne kommentaren; lovpris kroppen din dersom den fungerer, og beveg på deg så ofte du kan! For eg sitt her og er misunneleg! Men ikkje syns synd i meg, det er ikkje difor eg skriv dette. Eg skal nok kome meg på føtene igjen i 2013! (viss då ikkje visse dommedagsteoriar slår til)

    Stå på Frøken Fryd! Eg trur superforma di er innan rekkevidde! :)

    Og forresten; skulle ynskje du også skulle på bloggtreff!

    God klem,
    e ;)

    SvarSlett
  11. Har i perioder høye dørstokker her også...
    Men har (desverre) en "diagnose" les:prolapser i nakke\rygg som gjør at jeg MÅ trene regelmessig for å holde meg i knakande god form...
    Då blir det løping på tredemølle og slyngetrening...i perioder drit kjedelig men får nye øvelser innimellom så då går det egentlig greit!!
    Lykke til med spinning-treningen din og husk at litt er bedre enn ingenting!! :-)
    Fiiiin dag til deg,klm ingrid l

    SvarSlett
  12. Dørstokken her er høy også! Er støttemedlem på treningsenter - har gått to ganger på ett år..så slik er det her i gården ;-) Peace bilde du lurte på inne hos meg har jeg laget selv ja - av sølv paljetter ;-)

    Klem Elisabeth

    SvarSlett
  13. Hei du ♥ spinning er også mi greie. Ingen annan trening får meg til å ta meg slik ut og å bli så svett!!! Sidan i sommar har eg også trent med slynge kombinert med spinning- flott kombinasjon! For meg er ikkje dørstokkmila så lang, eg elskar å trena og kunne gjort det mykje meir enn eg får tid til. Har også som mål å få til to gonger i veka, alt anna vert bonus. Men nokre veker blir det kanskje bare ein eller ingen. Denne veka er slik, fult program og litt småsjuk er ikkje ein god kombinasjon...;)

    Men du er jo kjempeflink som står på!!
    Og det bildet fra Ikea er ein favoritt hos meg også, sååå stemningsfult og fint ☺

    Ønsker deg ein flott onsdag Eli - og tuuusen takk for alle kommentarane gi legg igjen! Det er ein å stor motivasjon for meg ♥

    Klem Kjersti

    SvarSlett
  14. Du skriv HEILT FANTASTISK! Eg smiler kvar gang eg kikkar Mitt beste stalltips er å ta deg jobb som instruktør!:) Eg tilbringer mine spinningtimar "motsatt veg" på sykkelen (legg godviljen til, innom deg:) Så ærleg og uhøgtidleg! Herleg:)

    Denne berømte dørstokkmila er forøvrig kjent.så skjønner du kva eg meiner...). Då MÅ ein liksom komme seg utav sofaen og på trening. Og så får ein betalt for det! Tenk det er jo heilt genialt!
    For spesielt interesserte/engasjerte: bli fysioterapeut og legg opp til ein aktiv arbeidsdag, også heilt genialt igrunn!:)
    Når alt det er sagt, så høyres eg meir fornuftig ut enn eg er. Bolledeigen var komme på heving 7.45 i dag. Så mitt mål er igrunn berre å gå sånn nokolunde i null på inntak og forbruk;)
    Ha ein fin dag, og lykke til med treninga! Betre å byrja igjen og igjen, enn ikkje å byrje i det heile:)

    SvarSlett
  15. Du er så god til å skrive!
    jeg må bare smiiiile :)
    Flink du er som trener!!
    Burde vært litt flinkere der jah..;)
    Ha en herlig kveld! klem :)

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!