torsdag 1. desember 2011

Adventskalenderen





Årets adventskalender er "spretta", den første lomma er tømt, og vekkinga i dag gjekk som ein lek!







Førtiåtte lommer er fylt med små, kvite papirposar frå Panduro Hobby, bretta fint i toppen, laga hol med holemasking og knytta ei raud sløyfe gjennom for å forsegla adventspakkane frå nyskjerrige barnefingrar.







I år er årets adventskalender berre "ein liten oppmerksomhet". Me har tidligare kjøpt inn små dingsebumser som passar i lommene, og me har gjerne helst vore ute i siste liten med shoppinga slik at grensa for kva me kjøper, sånn reint prismessig, blir meir og meir utviska - det blir dyrt det. Så i år har dei fått fox, dumle, smørbukk, mambo etc i papirposane sine, og så litt meir i helgene då. Mammo har difor stempla på dei posane som høyrer helga til slik at det ikkje skulle frista å bytta ut desse når ein er litt meir kvessen.

Det var som sagt lett å vekka dei i dag. Erlend fekk ikkje lov å plukka ned gåva si før han var komt i kleda. Han kledde seg raskt som ein vind og hoppa og sprang opp trappa til stova for å setta seg og åpna opp. Sløyfa for av i ein fart, han rista open posen såg oppi... og så fekk mamma ein klem og medan han klemte meg hardt så kviskra han: "neste år vil eg ha lego kalender, mamma"...

Hihihi, han har forstått det! Sei det med ein klem slik at mammo ikkje får sure lippe ;) Men så var det visst litt kjekt med godis også da. Og innimellom så køyrer me "tampen brenner" - det er ein del av aktivitetskalenderen. Då gøymer me små lappar med aktivitetar som skal foregå den dagen - eit lite tillegg.

Men no har eg noko å visa dåke... Jepp, jepp... eg oppdaga nemelig at fristen for "unblogged hos Manuela" er i dag, så då skal dåke få sjå korleis det ser ut rundt kalenderen til størsteguten, den som faktisk ikkje er hengt opp enno, men ligg på det nye spisebordet som no står midt på golvet i stova...







Åhåy... messy stuff... for ikkje å snakka om tilstanden i "cyberspace" rett bak bordet... Der interør blad og invitasjonar i frå skulen, og halvferdige lysfat sleng rundt. Vesker og pappkasser og aviser og stempel og anna fjas oppå bordet... Fysjom.







Ja, då har eg vist at hos oss kan det jammen vera rotete, og det veit alle som kjenner oss ;)

I dag er det juleavslutning for 3. klasse, så me er invitert til forestilling med salg av kaffi og kaker etterpå. Det blir koselig. Så får me håpa at Erlend ikkje er like nervøs som han var for to veker sidan, då skulle dei ha morgonsamlinga for heile skulen med samme forestilling som dei skal ha i dag. Og Erlend skulle åpna showet som Claude Monet. Han var heilt satt ut stakkar gut, han var kvalm og svimmel. Eg trudde guten var sjuk, og det var like før eg holdt han heime, heilt til eg kobla at han er jo berre drit nervøs - skikkelig premiere nerver! Då er det godt med fleksi tid, slik at mamma kunne vera med på skulen og halda i handa og klemma og oppmuntra og sitta og smila og vinka og nikka og vera trygg. Og det gjekk jo så bra! Gleder meg til i kveld!

Klem Eli

10 kommentarer:

  1. En herlig tid...
    Kjekt å se deg i går..og tuuusen takk for armbånd...og så buddha da..som jeg liker,så kult!!
    Nå skal jeg snart på julekonsert i Grødem kirke..men en haug med venninner...det er kos!!
    Goe klem:)

    SvarSlett
  2. Du skriver så vakkert og herlig! Jeg elsker å komme inn her :)

    De barna dine er så heldige som har deg! Herlige kalendere!

    Jeg håper framføringen går bra i kveld :)

    En fortryllende 1. desember til deg og dine.
    Maiaklem

    SvarSlett
  3. Herleg med realitetsblogging ;) godt å sjå at ein ikkje er einsam med rotet sitt...! :)

    takk for fine ord, skjønne Eli! ♥

    nyr resten av denne stormfulle torsdagen - eg må snart ut og sjekka om katten har føke te værs som ei flygemaskin! wææ.

    SvarSlett
  4. Lett å få opp de søte små nå om morgenen ja!!!
    Kjekt å se alle de forskjellige kalenderutgavene som fins!! Min er rimelig enkel - men effektiv!!
    En fin ublogged feeling hos deg - like it!!!
    Klem Heidi :)

    SvarSlett
  5. en kalender som høres veldig kjekk ut!
    og det er lurt det der trikset med påkledning før kalender om morningen, det skal jeg også bruke! (for her går det treiiiigt om morran)

    Flott bord! (for det er det nye??)
    Og veska! loove:)

    SvarSlett
  6. Hei og hopp og takk for i går. Det var jammen kjekt å være på blofftreff med dere :) Flotte jenter alle sammen!
    Ha en finfin kveld :)

    Klem fra Linnea

    SvarSlett
  7. Så flotte kalendere!
    Godt å se at det ikke bare er hos oss rotet hoper seg opp:)

    Ha en fin kveld!
    - AC

    SvarSlett
  8. Så kjekt å treffe deg i går, og så kjekt å høre stemmen bak tekstene dine. Ja, for jeg hører dialekten din nå når jeg leser det du skriver. Flott dialekt og aldeles herlige tekster!

    Gleder meg til å følge deg videre, og når jeg er ferdig med å lete meg fram til de andre fra treffet i går, skal jeg ta meg en skikkelig rundtur her inne hos deg :-)
    Ha en fin helg!

    SvarSlett
  9. For en nydelig kalender! Nå er julen begynt for meg, og jeg gleder meg som en liten unge! :)

    SvarSlett
  10. så fin adventskalender!

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!