fredag 2. mars 2012

Detaljar frå badet





Badet i Fryd Heimen er aldri blitt blogga før.
Det er ein grunn for det.
Ein GOD grunn.
Det har ikkje vore bloggbart...






No er badet blitt mala kvitt.
OMG for ein forskjell!
No blir eg nesten litt glad av å komma inn her.
Lyst og lett.
Men ikkje bloggbart nok til oversiktsbilder...






Golvet er fortsatt i mørkeblå fliser da, antageligvis den minst praktiske fargen ever...
Då me flytta inn var panelet mørkeblått også, og det er sjølvsagt brystningspanel. Over har me vanlig tapet, og heilt øverst på tapetet har det vore mørkblå sjablongar av fuglar. Ikkje heilt vår stil. Det tok oss berre tre og eit halvt år å mala alt kvitt.  No er badet litt roligare i alle fall, dei stripete handklea frå Åhlens bitt fargane saman, kvitt, mørk blått, jordfargar og så har me inne litt naturelement i form av korg.






Og slik ser det ut når små gutar har vore på fotballtrening og vore i dusjen.
Då er golvet pynta med ymse fargar, leggskinn, nickers, fotballstrømper, brukte boksershorts, drakt, fleece genser, stilongs og treningsjakke og hundre-tusen-millionar-milliardar små grønne gummikuler frå den helsikens kunstgrasbanen... Utover det så har gutane ein tendens til å finna seg nytt handkle kvar einaste gong dei dusjar. Med tre treningar per veke kvar så vert det ein del handkle. Synest å erindra at mamma hadde sterke meiningar om dette når eg var liten også ;-)






Vel, det ser fortsatt slik ut etter at me har spist middag,
etter han har gjort lekser,
etter han har øvd på gangetabellen på pc'en,
og etter han har fått beskjed om å rydda etter seg tre gongar, minst.
Var det nokon som sa gnagsår? Er det med i stillingsbeskrivelsen som forelder det, å vera gnagsår? Mas-mas-mas-masmasmasmasmas...




Selektiv hørsel...
Høyres det kjent ut?



4 kommentarer:

  1. Hei, hei!
    he, he... veldig kjent fenomen, det der....
    Grattis med endeleg ferdigmala bad!!
    Av og til så tar prosjekt litt lenger tid enn det i utganspunktet skulle/burde tatt... ;o)
    OGSÅ eit veldig kjent fenomen... hi, hi
    Ynskjer deg ein super fredag og ei god helg!!

    SvarSlett
  2. Lekkert!! Ihvertfall de øverste bildene, hihi... Men bra du viser litt "realitetsblogging" også :) Høres veldig kjent ut det der med masing ja. Mine små har ikke begynt med idrett ennå, men gjett om de kommer skitne hjem etter barnehagen. Hvordan er det f.eks mulig å få sand i bleien, selv når det ikke er full sommer!? Ønsker deg en herlig helg! Jeg skal samle ny energi etter første jobbeuken i år. Klemmer

    SvarSlett
  3. Herlig fint med det blå til jordfargene!!
    Fotballutstyr på badet er MEGET velkjent...ikke mindre enn 4 fotball-spillere her i huset = frustrasjon for mor!! :-)
    Good fredag til deg!!
    klm ingrid l

    SvarSlett
  4. Selektiv hørsel er bare herlig! hihi! jeg bor sammen med herr selektiv..

    Jeg gleder meg så til å hilse på deg, du herlige!

    Ønsker deg en finfin fredagskveld, her er cavaen poppet og jeg har inntatt hjørnet i sofaen med Nala og mannen.
    Klem og smil

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!