mandag 22. april 2013

Another one bites the dust!





I helga har Familien Fryd vore på naustet, og heile storfamilien var der!
Fantastisk herlig!
Når storfamilien er samla er stemninga på topp, kreativitet og humor er i høgste grad til stades og rundt spisebordet vart det avgjort at det skulle tevlast om kven som var raskast på 60 meteren...

Vel, it goes without saying at Frøken Fryd overhodet ikkje hadde planar om å delta på denne tevlinga.
Sjølv om det kan vera vanskelig å få auge på så har faktisk Frøken Fryd konkurranseinstinkt.
Faktisk i såpass stor grad at om der ikkje er den minste sjanse til å vinna så stiller ikkje Frøken Fryd til start. Så enkelt er det...

Det vart avgjort at dei tevlande var Storebror Fryd og onkel Henrik.
Tevlinga skulle finna stad påfølgjande dag kl. 16.
The game was on... og så starta utpsykinga...
Frøken Fryd er veldig stolt over Storebror Fryd sin evne til å stå i mot psykisk press ;-)
At han ikkje lot seg vippa av pinnen, hverken av "stikka" frå onkel eller den begeistra "oppbygginga" frå Herr Fryd og Frøken Fryd. Han fekk til og med nye joggesko (ok... han trengte faktisk det da...).

Når det nærma seg start spela Herr Fryd dei fagrasta tonar utanfor soverommet til onkel, der han låg og hadde seg ein liten "styrke søvn";






Yes, for å bygga opp stemninga så slo Herr Fryd til med "Eye of the tiger" som oppvarmings song, og Frøken Fryd lo frydefullt og syntes det stod til. Det var like før ho fann fram hoppetauet og sprang litt opp og ned trappene i rein forventning...

Men så med eitt kom det fagre tonar inne frå rommet til onkel også, som tilsvar... Og når tonane til "Another one bites the dust" med Queen vart identifisert som neste oppvarmningssong frå motstandaren så lo Frøken Fryd så hardt at det muligens kom tre tårer i trusa. Det er faktisk heilt sant...





Vel, med denne oppvarminga måtte det jo berre verta bra! Storebror Fryd og onkel vart fulgt opp til den oppmålte banen akkompagnert av denne songen:







Ja, me kan trygt seia at stemninga stod i taket. Som to sanne fotballentusiastar fekk dei gåsehud begge to  av denne songen, kampånda vart om mogleg enno meir skjerpa... Frøken Fryd fniste fortsatt begeistra og så stilte publikum seg strategisk til langs banen og var klare for dagens tevling. Duellantane hadde seg nokre oppvarmingsrunder, naboane vart totalt satt ut av Storebror Fryd sin forvandling frå rundkinna smågutt til tenåring som no ragar ca. 1.80 over bakken (og viser ingen tegn til å bremsa sånn med det heilt første) og så var det klart...

Moffen var starter, onkel Ole tok tida og klar... ferdig... GÅ!
Avgårde-kåre langa dei ut begge to, som to rasehestar ut i frå startblokka... øh...
(dette er mi næraste og kjæraste slekt, det kan altså ikkje forventas at eg er objektiv)
... og så fekk Storebror Fryd strekk i hekken...

A n t i k l i m a k s ! ! !

For alle andre enn onkel Henrik da...
Han var så fokusert at han merka ikkje at motstandarden ikkje lengre var til stades.
Med armane i været og eit "Yaaaaahh!" kom han først over målstreken og kunne fortsatt klappa seg på brystkassen i visshet om at han er lynrask.

Men, det vert omløp! Storebror Fryd var raskt ute, i den grad den haltande kroppen med hekkestrekk kunne vera rask, og krevde omløp når strekken var over. Så i sommar, ja då lev onkel Henrik sin tittel farlig.

Ein har det ikkje kjekkare enn ein lagar sjølv :-)

Kva hadde du på 60 meteren?? Og har DU konkurranseinstinkt?



 


10 kommentarer:

  1. Himmel og hav, så GØY! FOR nåken familesamlingar dåken har då! 60 meteren er (nesten) den einaste konkurransen som har fått fram vinnarinstinktet mitt, eit instinkt som stort sett ellers er ganske fråverande. Men det var jo i hine hårde dager...! Litt meir sirumpa nå ja ☺

    SvarSlett
  2. Så moro :-) hørtes it som en fantastisk helg med familien :-)

    SvarSlett
  3. Hørtes ut som en fin helg, skjønne.
    Takk for koselig kommentar hos meg. Må snart ordne til et treff her i området også så vi får treffe deg igjen;)
    Ønsker deg en fin dag
    klem Tonje

    SvarSlett
  4. Haha, nå måtte jeg le. Hørtes ut som en festlig runde! :) Du er så god på å fortelle!
    Jeg har nok ikke særlig konkurranseinstinkt når det gjelder 60-metere, men jeg er ikke skvetten for å være med på en utfordring. ;)

    Ønsker deg en strålende helg, Eli!
    Klem,
    Anette Willemine

    SvarSlett
  5. Innom Eli for og ønske deg en fin helg;) takk for alltid at du husker på meg i ulike sammenhenger;) Kram på deg.

    SvarSlett
  6. Fantastisk Eli! Synes den familien din høres bare herlig ut! Jeg liker så godt når voksne folk fremdeles har barnet i seg, og er med på moroa. (Jeg er litt slik selv, jeg og samboen - men vi er de eneste i vår gjeng...litt sånn sukk)

    60 meteren ja! Husker ikke tid, men! Det var 3 ting jeg var god på i gymmen, klatre i tau, hoppe over bukk..og 60 meteren:) Ikke god i gym sånn ellers, så litt stas. Liten flis, eller fis - som jeg var.

    Har nok konkurranseinnstinkt ja, men er en god taper. Fin helg fineste Eli, klem!

    SvarSlett
  7. Hei kjære Eli , jeg har mottatt betaling til sommerkos på haugalandet og du er hjertelig velkommen. Mvh Karianne Vikse

    SvarSlett
  8. Hihi, maken til festlig familie, sier jeg bare!! Ha en super søndag :) Klem

    SvarSlett
  9. Dæver!
    Jeg og mannen må alltid på samme lag, for konkurranseinstinktet er altfor stort hos begge.

    Må bare takke deg for fine spor, som du har lagt igjen hos meg. Jeg har dessverre ikke hatt tid til å besøke deg, den tida vet du - strekker ikke til.

    Alltid kos å komme innom deg og lese om dine sprell.

    Happy søndag!
    -Maiaklem

    SvarSlett
  10. så utrulig kjekt :) ser dei for meg.
    60 mtr. får fram vinnerinstinktet hos dei fleste, ein øvelse det Alltid er kjekt å vinna. Eg og Joakim har tidligare dreve med friidrett, og tida mi på 60 mtr då var 8.0 ...stor førnøyd då, men spørs om ein hadde klart denne tida i dag :)

    Koslig å kikka innom bloggen din Eli, du skrive godt :)
    Ha ein fortsatt fin dag.

    klem fra henriette

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!