lørdag 13. april 2013

Nytt innskudd

I går hadde Frøken Fryd et nytt, meget stort innskudd på feel good kontoen sin. Då hadde me nytt treff i "Vin Gjer Fin", denne gongen extended version... Du lurer kanskje på kva Vin Gjer Fin er for noko? Det er altså ein herlig bukett skal eg lova! Frøken Fryd har fire, fantastiske søskenbarn i Stavanger og ei fantastisk tante med det nydelige namnet Eli. Me møtes kvar kalender måned, heime hjå kvarandre, og spis deilig middag, drikk deilig vin og nyt kvarandres selskap.

Nokre gonger i året inviterer me også Stord / Bournemouth gjengen til å vera med oss, altså the extended version. I går var ein slik kveld som du berre ikkje vil skal ta slutt, ein slik kveld der du i rein desperasjon tar "sjøstjerna" i utgangsdøra medan vertinna har to stive armar og ein fot i ryggtavla di for å få deg ut sånn utpå quisten... Det var kanskje å ta litt i... Camilla er altfor skjønn til å gjera slikt, men me ville heilt klart ikkje gå, stemningen var i taket frå start til slutt og Frøken Fryd måtte berre lena seg tilbake og kjenna på kor godt det er å vera omslutta av ein slik gjeng med nydelige damer. Og tenk, dette er damer frå frøken Fryd sin næraste familie, og me berre elsker å vera i lag! Det er ein rikdom som overgår veldig mykje, faktisk. Me er som ein gjeng med venninner, eldstedame er 64 og yngstedame er 19, praten går og humøret består og me ler og skravler og skjenker på vin og nyt deilige måltid. What's not to like?

Jepp, så eit godt innskudd er altså satt inn på feel good kontoen frå i går. Og i dag, ja i dag kom det enno eit innskudd... Shopping med mammo, inkludert kafé besøk og så ein liten sjarmør etappe til tante. Aaaaah, life is good!

Fortsatt god helg godt folk :-)





4 kommentarer:

  1. Min feel-good konto fylles opp av å lesa blogggar som din ♥

    SvarSlett
  2. Det er så herlig med sånne sammenkomster, det gir virkelig påfyll i hverdagen :)
    Kjekk lesing, fyller jammen opp kontoen min bare av å høre at du har det kjekt Eli!

    Fin søndag til deg i regnværet :)

    God klem

    SvarSlett
  3. så gøy :)
    Du ser forresten strålandes ut Eli :)
    Feelgood kontoen får litt påfyll av bare å lesa dei gode, varme og humoristiske orda dine Eli.

    Fin ettermiddag til deg
    Klem fra henriette i vinkelen
    ( det bilde rett bak deg.... åååå det er så fint) :)

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!