tirsdag 17. september 2013

God energi





Har du lagt merke til at nokre rom har ekstra god energi?

Som nevnt i forrige innlegg var me i Rihndalen med jobben min forrige helg.
Og me budde i eit slott. Schönburg.
Rommet som eg og Johnny budde på var i eit tårn, her kan du sjå det.
Enromt stilig! Rommet var rundt inni, og eit lite kakestykke av rommet var badet.
Og på badet var det ekstra god energi...!
Eg kjente det kvar gong eg kom inn på badet, at der var det ekstra godt å være.
Sola skinte inn blyglasvindauget, tjukke gode morgonkåper, fluffy, kvite handkle.
Det var flotte fliser, og så reint og fint og ordentlig! Til og med bidét var det der...
Såpe og shampo var oppi karaflar.
Og så har me utsikta... Jada, det var til og med utsikt i frå badet...!
Rett ut av vindauga såg me ned på det kulaste taket - og som du ser så hadde dei ein veldig spesiell måte å legga taksteinane på, såg litt ut som slangeskjell. Om me lente oss bittelitt ut vindauga såg me på muren rundt slottet og markane ovanfor - herlig! Ikkje værst å ha gode øyeblikk på eit bad. Det var ein fest å gå på do!

Eit skikkelig smilerom!




3 kommentarer:

  1. Så utrulig spennande å være ein slik plass:))sånn utenom det vanlige og det er stiligt!
    Nyt kvelden Eli!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  2. Du er jammen god til å sjå det positive i ting;) ikkje verst å få så mange godord ut av eit bad! Det ser ut til å vera ein flott plass! (både badet og omgivelsane!)
    Me skal til København med jobben til mannen neste helg! Eg gler meg:)
    ynskjer deg ein fin onsdag:)
    klem nina

    SvarSlett
  3. Åh eg bare elsker det første bilde! Utsikten bare trollbind meg.. Det taket!! De har jo verkelig budd som kongelige på den turen ;)

    Ha ei flott veke i det nyelige veret vi har!!

    Klem

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!