søndag 7. juli 2013

Dag 4




Eg er nett ferdig å lesa Dona Maria av Cecilia Samartin.
Eg er sjokkert! Sjokkert over min uvitenhet og naivitet...

I går låg det ein norsk familie vedsidan av oss på stranda, mor i familien las også denne boka, Dottera lurte på kva boka handler om, og mor forklarte at Dona Maria handler om Maria som veks opp i ein velståande familie i eit fritt Cuba. Men når me vert kjent med Maria er ho ei gammal og ensom dame, Cuba er øydelagd av revolusjonen og ho lever for sin nevø Ernesto og dotter hans Sophie. Gjennom minnene til Maria får me oppleva eit godt liv på Cuba, og parallelt lærer me at Ernesto er politisk fange, med ein dom på 26 år. Maria trur at nevøen er i Venezuela gjennom sitt arbeid som nevrolog. Me lærer om forholda dei politiske fangene sonar under på Cuba, og dei fattigslige forholda menneska generelt lev under. 

Når er handlinga fra, undrer dottera i nabofamilien, og eg spisser øyrene spent. Eg tenkte med meg sjølv at handlinga må jo vera ei stund tilbake i tid. Mora er usikker, eg ser på coveret av boka og tenker 70 tallet, seinast... 

Vel, no har eg lese ut boka. Handlinga utspeler seg hovedsakelig for rundt 10 år sidan! I mars 2003 arresterte det cubanske statspolitiet syttifem cubanske forfatterar, journalister, menneskerettighetsforkjemperar, kunstnarar og bibliotekarar. Dei vart anklaga for å konspirera for å øydeleggja Cuba. Sanninga er at dei var engasjerte i fredelige kampanjer for å fremma menneskerettigheter for det cubanske folket ved å arbeide for politiske, sosiale og sosioøkonomiske reformer. Likevel vart alle syttifem dømt til frå mellom seks til tjueåtte års fengsel...! 

Eg er sjokkert over at dette hender i "vår tid". Korleis har det seg at eg ikke har fått dette med dette i den trygge bobla mi...? Les boka, alle som liker Cecilia Samartin liker denne boka. Me har dessutan alle godt av å bli minna om kor godt me har det...! Kor trygge og beskytta og frie me er. 

Vel, dette er blogga frå ei solseng på Gran Canaria. Der me lev det gode liv, spis middag ute kvar dag, bader og soler oss og nyter livet og friheten vår, og ikkje minst at familien vår er samla, har det godt og er lykkelige. Det kan ikkje gjentas for ofte, me er heldige! 



5 kommentarer:

  1. har kost meg med å lesa meg opp (eller ned?) på innlegga dine. har vore borte ei stund frå vill surfing på bloggar og i dag har hatt meg ein runde. og takk og takk for herleg historiar og kloke refleksjonar!!

    Klem og kos deg vidare i ditt paradis!

    SvarSlett
  2. (ned i meininga nedover på bloggen...herlegheit..såg da kunne misforstås :D) Og det vil me jo ikkje!

    SvarSlett
  3. Nyt livet Eli❤det Høyres så herlig ut!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  4. Hear hear! Så einig!
    Det er viktig med slike vekkere som rister litt i bobla vår.
    Tenk at vi er så heldige at vi er fødd i dette landet, og i tillegg er friske og fine? Det med fridom er nok noko vi ofte tar for gitt, og ikkje minst ytringsfrihet og kvinna sin rolle i samfunnet.

    Fin tekst:)

    NYT sommardagane på sommarøyene! Her heima er det særdeles vekslande.
    :)

    SvarSlett
  5. Det er ganske så kontrastfylt når man leser slikt på solsengen ja, får en til og tenke litt ekstra på hvor heldige VI er:))
    Takk for boktips, tror jeg må skaffe meg denne.

    Fortsett og nyt sommerdagene ♥

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!