tirsdag 17. juli 2012

Gnagsår og ein herlig oppdagelse!

Bildet lånt hos KK og kan ikkje samanliknast med gnagsåret i teksten, overhodet...



I går opplevde eg eit gnagsår.
Eit levande gnagsår.
I form av ein person...
Ein person som er mykje viktigare enn alle andre.
Ein person som kan gå forbi køen igjen og igjen.
Ein person som gneg og maler og maser.
Ein heilt ekstremt irriterande person.
Me skulle henta bordet vårt på lageret på Living.
Han stod framme ved skranken når eg stilte meg i kø.
Han venta på ein tilhenger.
Han kunne ikkje forstå at dei i skranken ikkje kunne gi han eit nøyaktig tidspunkt på når tilhengeren kom tilbake.
Trudde han kanskje at dei hadde eit timeglass?
Og når all sanden hadde rent ut så kom tilhengeren magisk tilbake?

Dette var kjerna i problemstillingen hans.
Som var så viktig at han gong på gong på gong måtte gå forbi køen,
stilla seg rett foran den i skranken og komma med eit nytt spørsmål.
Igjen og igjen, faktisk...
Fasinerande!
Og ekstremt irriterande.
Eg hadde overhodet ikkje energi til å ta tak i vedkommande.
Det er like greit.
Når eg blir ekstremt irritert så er eg ikkje alltid like saklig.
Kunne kanskje anklaga han for å ikkje kunne spela volleyball... eller nåke.
Så eg holdt kjeft.
Klokt valg Frøken Fryd.

Glad for det no.

Tilhengeren kom til slutt.
Men kva er det som gjer at slike folk ikkje treng følga dei vanlige kø reglane?
Er det fordi folk flest, som meg, rett og slett ikkje orker å bruke energi på å ta opp diskusjonen?
Argh!
Takk og lov for at ein har ein blogg der ein kan skriva av seg litt frustrasjon i blant.
Så kan ein legga det litt bak seg liksom.

Ein ting til...
Gnagsåret hadde ein son.
Han hadde ei usynlig lenke til faren, sjølv om han var ca. 20 år.
Han var innan ein radius av faren på ca. 1 m2. Konstant!
Med eit lite flir om munnen... Fett, halvlongt hår. Hendene i lommene. Lutrygga.
Men plutselig så kom der litt avstand.
Frøken Fryd begynte å laga små pipelydar for seg sjølv, pip-pip-pip-pip....

Kaboooooom!

Venta berre på at den usynlige hundelenka skulle sprenga.
Men det gjekk bra, heldigvis.



Bildet er googla. Googla rett og slett yippee, for det var det eg tenkte då.
YIPPEE!!




Så over til noko kjempe kjekt!
Noko som eg elsker!
Eg har funne ein ny favoritt blogg...
Har du vore inne hos Vigdis som skriv bloggen "Jeg er Jonathan"?
Eg vart heilt bergtatt, og scrolla nedover og nedover og nedover.
Fekk tårer i augene når Maria kom ut.
Smiler av tekstane.
Får energi av bileta.
Herlig.
Herlig - herlig - herlig!

Slik skal det vera :)
Kven seier at mammablogging ikkje er bra?!?
Tøysekoppar.





6 kommentarer:

  1. Tragiske folk, tragiske liv, folk som aldri blir lykkelige. Jeg øver stort på å ikke ta det innover meg når jeg blir utsatt for det. Ikke lett, men deilig når jeg klarer det. Klarer å dikte det om til en morsom historie for eksempel.

    Alternativt Jan man broderte et korstingsbroderi der det står DRIT OG DRA.
    Det er jeg sikker på at hjelper.

    Finfint og køfri dag til deg frøken fryd!

    Ellen

    SvarSlett
  2. Du skriver så bra og er det ikkje herlig at me kan få det ut med å skrive det på bloggen,for jammen er det masse rart å sjå og oppleve,heilt tragisk av og til og e eg i rette humøret så kan eg mumle ut noko og eg eller så skriver eg om det på fjaseboka:)
    Fine dag til deg!her regner det igjen og eg lengter så etter sol og varme,sukk...

    Klem Lillian:)

    SvarSlett
  3. jeg flirte godt når jeg leste nedover innlegget ditt, men ikke fullt så morsomt å være den som faktisk må oppleve slike tragiske folk;-) det verste er at de ikke selv ser det? fortsatt fin tirsdag til deg:-) klem Helen

    SvarSlett
  4. Haha, jeg hadde aldri klart å holde meg, jeg blir så irritert på sånne folk... Folk som ikke kan oppføre seg får høre det herfra...

    Ja, sant den bloggen er fin! Jeg elsker alle de fine bildene, og sikler etter et sånt kjøkken, spesielt med det rosa hjørnet! LOVE!

    Utemøblene våre er fra Ikea :)

    Og ja, male grått kunne jo vært en ide. Må tenke litt, tror ikke jeg skal gå igang med det før trappa er ferdig iallefall haha :)

    Klem

    SvarSlett
  5. Hi, hi...takk for tips om blogg, kjempegøy å oppdage nye bloggar! Håpar på nokre fine sommarveker framover! Eg er allerede i mi 4.ferieveke. Har vore nokre fine dagar inni mellom, så eg har nå fått fylt opp litt;) men er absolutt klar for fleire solfylte og varme dagar (me snakkar vel ikkje om veker her i dette landet...;) før hausten set inn! Rart med den hausten, forstår godt tankerekka di om haustfargar, tente lys, innekos og ein ny, deilig (helst grå) cardigan! Som eg skulle sagt det sjølv:) Ønsker deg ein avslappande og deilig ferie! Me drar til Norway Cup i år, fotballgutt i huset her...;)klem

    SvarSlett
  6. *hei, eli!

    så utrolig hyggelig at du liker bloggen min; og så stas at du nevner den i blogginnlegget ditt her! kjempekoselig hvis du fortsetter å følge oss* nå skal jeg scrolle meg nedover her hos deg; den ser superfin ut, så jeg gleder meg veldig til det! fin onsdag til deg* vigdis

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!