Denne helga har eg og Fryd-ungane vore på Stord, og gjett om me har kosa oss!
Me har budd hos Mamma og Pappa Fryd og fått svært godt stell, som vanlig.
Frøken Fryd har vore med venninnene sine og gjort Frøken Fryd ting, Fryd-ungane har lekt med gode venner og så har me sjølvsagt kosa oss mykje i barndomsheimen til Frøken Fryd.
Me har hatt besøk av Onkel Ole og Tante Kjersti og Frøken Fryd har også vore på besøk hos "store søstra" si, som egentlig ikkje er store søstra, men tante, og fått gode klemmar og koslige samtalar med både ho og søskenbarna sine.
Frøken Fryd har til og med vore på byen med dei usedvanlig skjønne venninnene sine, på stamplassen i frå gamle dagar, Frugård. Good times!
Me mangla fine-fine EM, men det tar me att.
Me sakna smilet og den gode, blide energien din EM ♡
Dette super koselige inngongspartiet som dåke ser bilete av her,
er heime hos Frøken Fryd sin kjære venn, Tutto.
Eg er så heldig at eg fekk lov å ta bileter så eg får dela den gode stemninga med dåke.
Tutto er ei fantastisk jenta, og ho er så heldig at ho er like fin inni som ho er utanpå!
Tenk det da ♡
Og som dåke ser så er ho god på dei små detaljane.
Mosekula har ho laga sjølv.
Bjørkehjertet også.
Frøken Fryd er så heldig at ho har fått med seg eit kjempe flott, stort Bjørkehjerte,
eit lite Bjørkehjerte
og ein krans som Tutto har laga spesielt til Frøken Fryd.
Tutto har eit stort hjerte ♡
No har Frøken Fryd og Fryd-ungane fått deilig kjøttkaker til middag hos Fryd Mammo og Fryd Papsen, og no er det ikkje så lenge før me set oss i bilen og køyrer heim til Fryd Heimen i Stavanger.
Men først skal me nok spisa litt kake tenker eg.
Mmmm.
♡
Har du hatt ei fin helg?
♡
Klem Eli