torsdag 30. mai 2013

Døm, dømmare, dømmast...





Av og til, når eg merker meg at mine medmennesker tar andre valg enn meg, gjer ting litt annleis enn meg, så vert eg fordømmande.
Kanskje dei har noko som eg kunne tenkt meg, eller kanskje dei får til noko som eg ikkje får til.
Og så tenker eg; "du trur kanskje du er betre enn meg du, hmmm?"
Altså, eg tillegger dei tankar, som dei sansynligvis ikkje har, fordi eg dømmer meg sjølv, sånn egentlig...
Ikkje mitt mest sjarmerande trekk. Antagelsane vert til oppi mitt hovud, og har svært sjeldan noko med verklegheita å gjera.

Kvifor samanliknar me oss slik med andre?

Kvifor er det så viktig å vera best?

Når eg samanliknar meg med andre så siktar eg høgt... Kanskje er dei veldig smarte, veldig snille eller veldig kloke. Eller kanskje er dei veldig fine, og har veldig lange, tynne bein som kler alt, du veit... Eller kanskje dei har langt hår, gnistrande auger, eller fine piano fingrar, eller lange augevipper, eller eller eller... Og så gremmer eg meg, og dømmer meg sjølv nord og ned.

Kvifor?

Er det nødvendig å vera finast da? Eller å springa fortast? Eller å ha den finaste veska? Å ha heila vetet? Gjer det meg til eit betre menneske?
Nei, Eli, det gjer deg ikkje til eit betre menneske...
Å akseptera seg sjølv, slik som ein er, er vanskelig. I alle fall synest eg det, det er så mange andre menneske rundt meg. Mennesker som har kvaliteter som eg set pris på, og som eg også vil ha. Og så ser eg ikkje mine egne kvaliteter. For sjølv om det er ein hekkans klisjè; kjære vene så kjedelig det hadde vore om alle var like. Takk og lov for alle variasjonane av arten menneske!

Kvaliteter som eg set høgt hjå andre, er ikkje nødvendigvis kvalitetar som alle set høgt. Ergo er ikkje dei som eg synest er best, best, sånn i den store samanhengen. Så egentlig, egentlig vil eg sikta på å vera den beste utgåva av meg sjølv, i forhold til mine verdiar. Og så kanskje rett og slett slappa av litt, ikkje vera så fordømt fordømmande. Døm, dømmare, dømmast. Døll, døllare, døllast... Muligens skal eg jobba litt med porsjonshemminga mi? Jepp, eg har lært eit nytt ord. Porsjonshemming! Dersom du antar at når Eli er porsjonshemma så slit ho litt med å begrensa porsjonane på det ho likar ekstra godt? Ja, då har du heilt rett gitt!

Så då tar eg meg ein snickersis til eg.

Og så kan eg heller jobba litt meir med å vera best i å ikkje spisa snickersis i morgon.




Via






14 kommentarer:

  1. Takk! Du set ord på det du! Og sjølv om det er døllt: ein treng berre vere seg sjølv! Det er berre så vanskeleg å sjå at ein er god nok (for kven er vel god nok i eige målestokk?!) du har gitt meg eit mål for helga: eg skal gjere mitt beste, og vere nøgd med det:) takk! Ønsker deg ein fin dag i morgon, med eller utan snickersis! Klem Nina

    SvarSlett
  2. Åååå, så herleg formulert! Gler meg til å møtast til helga! Et popcorn, grillpølser og blåbær og planlegger å bli best i det!

    SvarSlett
  3. Noen flotte ting du beskriver der. Håper det er mangen som leser innlegget ditt. Du har helt rett i det du skriver.
    God helg til deg.
    Klem

    SvarSlett
  4. Du er så god til å skrive, og jeg er så enig. Det er så lett å dømme en selv gjennom å se alt en ikke kan. Glede meg til å treffe deg på lørdag morgen, du er jo bare helt fantastisk.

    Klem Annfrid

    SvarSlett
  5. Kloke ord! Det er vel kanskje litt menneskelig å sammenligne hele tiden?
    Jeg har jobbet med å være fornøyd med det som er, og tror jeg har blitt litt bedre :)
    Kos deg med isen - det er jo straks sommer!
    Og god helg :)
    Klem fra Ingrid

    SvarSlett
  6. Dette kunne jeg skrevet så mye om, men har ikke helt overskuddet - derfor blir det med: BRA innlegg. Dette var helt i min gate, og jeg LIKER! :) Vi gjør det tullet der alt for mye.
    Håper du har det bra? leste ett eller annet sted at du har en GC-tur å se frem til - det blir bra. Å vente på en glede er også en glede. Jeg har også en sånn en. Godt det, i en litt krøkkete tid her (som også gjør at jeg har vært fraværende...) GOD helg. klem

    SvarSlett
  7. Porsjonshemming, hahaha! Det har jeg også! For et bra ord :D

    SvarSlett
  8. Det må vel vera ein eller annan overlevelsesmekanisme bak dette! Me er jo akkurat like alle saman, i meir eller mindre grad! Kjempeviktige saker å jobbe med, men ikkje alltid like lett. Trur det har mykje med sjølvtillit å gjera.

    Eg er av den typen som ikkje bestemmer antrekk før eg må...enda usikker, men kjenner at det nok bikker mot ei lett bukse for meg i måro! Er veldig glad i kjole - og skjørt spesielt, men eg tenker litt på temp utover kvelden. Eg er nemlig ein skikkelig frysepinn!

    I dag ligg eg heime med ein lei magevirus som har plaga meg nokre dagar, skikkelig kjipt! Satse på å bli bedre til i måro!

    Eg skal ikkje ta bussen i lag med dåken, blir kjørt av søstera mi. Snakkes i Viksemarka kl 16.

    Klem Kjersti

    SvarSlett
  9. Herlig..la oss ta ein snickersis og to i sammen på turen..gleder meg!!
    Og jeg har ikke tenkt på OUTFITEN en gang, easy going og veldig laid back..gleder meg til tur!!

    God klem:)

    SvarSlett
  10. så flott skrevet :)
    eg har heldigvis begynt å læra meg i å gi blanke i å sammenligna meg med andre... heldigvis.... er slitsomt og deprimerande å skulla vera best.... så då får ein helle bare vera seg sjølve. :)
    Eg skal på bloggtreff i måro... lurte på kjole og stiletta.... men fant ut at eg fikk helle gå som meg sjølv... haha... :)

    Ha ei fin helg.

    Klems Diana

    SvarSlett
  11. Hi, hi, porsjonshemming, digger det ordet!!! Forøvrig er det kloke ord du kommer med.... "egentlig vil eg sikta på å vera den beste utgåva av meg sjølv, i forhold til mine verdiar."Så enig, så enig!! Kos deg på bloggetreff i den beste utgaven av deg selv. Ha en god fredagskveld! Klem fra Nina

    SvarSlett
  12. En ting er helt sikkert: Du er herlig menneskelig og jeg synes ikke du skal forandre noe!! Perfect is boring, right? ;) Ha en herlig helg og kos deg!! Jeg er gressenke mens mannen er på lang jobbreise, så her blir det bare å kose seg som best man kan i mellomtiden for meg og ungene :) Klemmer

    SvarSlett
  13. så bra innlegg kjære venn <3 klem janne <3

    SvarSlett
  14. ..når eg føler at folk føler seg bedre enn meg..vert eg fyrst veldig såra, so irritert og te slutt veldig sint. So snakkar eg dei ned til eit slikt lågmål at alt dei evtentuelt skulle finne på å sei eller meine om meg vert heilt totalt uviktig (sidan dei er so lågmål..)osv.
    Men best av alt er når folk aksepterer meg og let meg vere meg sjølv...då er det so lett å gjere det same...so er det berre å vere fyrst ute og gå framfor med det gode eksemplet :D

    Klem!

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!