torsdag 4. oktober 2012

Veronicas frukostblanding





Eg har ei veldig god venninne som heiter Veronica.
Veronica er flink til mange ting.
Først og fremst så er ho super til å vera venninne!
Ekspert på å laga det fint rundt seg.
Ho er klok.
Ho er flink til å vera mor og kone.
God til å verkelig sjå folk, og få folk til å føla seg sett.
Ekstremt god på å få folk til å føla seg velkommen.
Og så, så er Veronica veldig flink til å laga gode ting.







Eg er veldig flink til å herma.
Og no har eg herma etter Veronica si frukostblanding.
Den inneheld som følger:

favoritt nøtteblandinga di
grovhakka
varma på middelsvarm steikepanne i fem til ti minutt
hell over akasiehonning til alle nøttene har fått seg litt glans
tøm over på bakepair og la kjølne
dryss litt kanel og vaniljesukker over

Den kan spisast "as is" eller med litt kesam og frukt for eksempel.
Og så gjer den seg jo veldig bra på Norges glas da.







Første gong eg skulle laga denne frukostblandinga bomma eg stygt.
Eg hadde linfrø oppi.
Og sterk varme.

Det skulle visa seg å vera ein veldig dårlig kombinasjon!
Linfrøa laga etterkvart popcorn lydar.
Eg tenkte med meg sjølv at dette kan umulig vera bra.
Og det var det ikkje heller...

Så eg heiv driten.
Herr Fryd var svært overraska over at det havna i bosset.
Han hadde nemelig smakt, før det kom i bosset, og syntes at det var rektig så godt.
Jaja, eg takkar for det.

Men no har eg laga ny.
Og den er enno mykje betre!



 

6 kommentarer:

  1. Minner veldig om ei blanding mamma lagde som eg fekk smake for ei tid tilbake, og den var dødsgod! Får vatn i munnen berre med tanken... (sikle.....hihi)... kan ikkje du sende over noko i ein konvolutt til meg?

    Ha ein strålande helg Eli! klem

    SvarSlett
  2. Det så og hørtes godt ut og ikke helt umulig at det hermes litt her også. :)

    SvarSlett
  3. Herleg! Lett å gjere feil
    om ein ikkje les oppskrifta fyrst :D

    God helg!

    SvarSlett
  4. Det der ser herlig ut!
    Elsker måten du skriver på, søta! Såå herlig!

    Så gøy at du deltar på min giwe away og takk for søte ord, fining!
    klem
    -Maia

    SvarSlett
  5. Hei på deg!
    Gode venner er gull verdt, og spesielt gode venner som deler gode oppskrifter!!
    Goe helg te deg, klem Kjersti

    SvarSlett
  6. Har laget frokostblanding selv i dag!
    En annen oppskrift, men denne ser kjempegod ut :-)
    Klem

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!