fredag 19. oktober 2012

Heldige lillebror Fryd




Lillebror Fryd er ein skikkelig heldiggris!
Om eit par dagar får han nemelig denne fine hette-jakken i posten.
Me har snusa rundt på nettbutikken til Polarn O. Pyret for å fylla på garderoben hans litt.
For sjølv om han er ein lillebror så driv han og veks seg stor, nett slik småbrødre skal.

Perfekt å sitta inne i haustvind og regn og nettshoppa.
Været ute minnar oss om at Halloween er rett rundt hjørnet, og er det noko Lillebror Fryd likar så er det Halloween! Han er blitt litt for stor til å kjøpa skumle Halloween klede, men for dei som har ein Lillebror eller ei Lillesøster som er litt yngre så har altså Polarn O. Pyret ein konkurranse på Facebook der du kan vinna nettopp skumle Halloween klede ;-)




Sidan det er haustsalg på Polarn O. Pyret sin nettbutikk denne veka så vart det ein genser til gitt.
Så no er Lillebror Fryd hoppande glad, og Mamma Fryd er også særs nøgd! Nettshopping er bra genialt...

Vinn vinn!




4 kommentarer:

  1. Ja det høyres ut som dette har vore ei god oppleving.

    Og når ein har handla på eige initiativ og med eigne pengar vert slike innlegg ein smule meir truverdige enn slike sponsa innlegg som ikkje klart fortel bakgrunnen for handelen.

    Slikt er uloveleg og kallas skjult markedsføring og er ein uting bloggarar i interiørbloggeverda har gjeve seg i kast med. Det undergrev sjølve ideen om blogging til felles forlystelse og gaman. Det undergrev truverde til den enekelte bloggaren. Det let markedskreftene overta og forpeste eit heilt samfunn som i lang tid har vore kjekk og grei og ærleg...

    ..ops...der vart eg engasjert du :D Ikkje meininga..får lage eige bloggeinnlegg om det hjå meg sjølv tenkjer eg :D

    I allefall var det det eg meinte å sei, kjekt å lese om ein genuin og usponsa kjøpeoppleving.

    Klem!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei der i bakken :) No er dette eit sponsa innlegg, det ser du på tag'en. Eg har fått eit gåvekort men det var ikkje lagt føring for at eg skulle blogga om det, noko eg likevel gjorde.

      Klem Eli

      Slett
  2. Takk for sist Eli! Det er så kjekt med disse bloggtreffene, og jeg gleder meg så til 3. november.
    Heldige lillebror, kjemepflotte ting som snart dumper ned i postkassen. Og JA nettshopping er genialt, kanskje litt farlig til tider;-))

    Ha en flott helg
    Klem Agnes

    SvarSlett
  3. Nettshopping er genialt, og frøkna her i huset har faktisk uttalt at klær, det er det postmannen som kommer med. Hmm, litt usikker på om det er positivt eller negativt;)
    Polarn O. Pyret har iallefall mye fint, og siden du nevnte høstsalg, så får jeg vel ta en tur inn og kikke:)

    Fin fin søndag til deg

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!