søndag 7. oktober 2012

Ei god helg!

Frå butikken "Kvist og Kvast" på Stord.




Fredag ettermiddag gjorde Frøken Fryd og gutane seg klare til helgekos på Stord.
Me køyrde rimelig tidlig, forberedt på mykje haustferie trafikk.
Heldigvis var det svært overkommelig mengde.
Ein idiot kom køyrande bak Frøken Fryd - Frøken Fryd er ingen sinke, for å seia det sånn.
Han klistra seg oppi hekken på bilen og i ein sving gjorde han anstøt for å køyra forbi.
"No you didn't..." kviskra Frøken Fryd (kanskje litt Frøken Frykt der og då).
Yes he did...!
Oste forbi i over 100 km i timen. I ein sving. Premie idiot!

Men, kven andre stilte seg i feil billett kø før ferja...
Moahahahahahahaaaaa!
Frøken Fryd grisekosa seg, og køyrde forbi med flagrande drøvel og høge latterbrøl.
Inni hovudet sitt vifta ho med to store langfingrar også.
Skadefryd er den største fryd - no doubt!










Når me hadde komt ut av ferja gjekk trafikken rimelig greit.
Heilt til me kom bak ein skrekk sjåfør...
Ein slik sjåfør som køyrer i 70 i 80 grensa.
Nei... 80... nei... 70... naaaj la oss køyra litt i 80 og så i 70 og så i 80...
Så kom me til tunellen, og då var det å bremsa heile forbaska vegen ned.
Frøken Fryd blir ganske verbal då... full i spørsmål.
Har du høyrt om å bremsa på giret? Hm? Hæ? What?!?!
Æææææææææææææææææææææhhhh!
Stakkars, STAKKARS bremseklossane til den bilen.
Dei må ha vore rimelig varme rundt øyro når dei vel kom ned til botn av tunellen...
OMG... Det var nydelig å båla forbi den bilen på veg opp tunellen.
Rett og slett forløysande var det. Ah!











Hjå mormor og moffen har me kosa oss stort med familien!
Me har spist deilig mat og me har hatt god vin.
Me har snakka om Kristoffmisbruker Robin og Nazi Nøff.
Og me har ledd og ledd og ledd.
Minst fem år ekstra på baken, minst!
Lillebror Fryd fekk vera med moffen på kunstutstilling.
Det var stor stas, han fekk snakka med kunstaren sjølv og andre malerar.
Lillebror Fryd skal nemelig verta malekunstnar eller fotballspelar når han vert stor.
Så sånn er det.












Frøken Fryd har vore med mammo si på Vikjo.
Me har vore på Kvist og Kvast, fast stopp når me er på Stord.
Og Frøken Fryd fekk lov å knipsa nokre bileter, så alle bileta over her er knipsa der.
Håper dåke kan føla litt på stemninga når dåke ser bileta.
Det er ein nydelig butikk. Så lekkert styla!
Frøken Fryd har blogga om denne herligheten ein gong før, du kan lesa innlegget her.
Og så var Frøken Fryd så heldig at ho fekk helsa på fine Lillian med bloggen Millas Blåbærtua.
Det var veldig kjekt å helsa på deg, Lillian :-)

Frøken Fryd sin mamma og pappa har flytta i nytt hus, og litt av utsikta deira skal du få sjå her.
(har knipsa ut stovevindauga - derav kvaliteten)












Jammen er det fint på Stord!
Men det er nok ikkje noko sommarøy...
Desse bileta knipsa eg på fredag, og takk og lov for det.
For resten av helga har det regna, og regna og regna og regna...

Og jammen tar eg ikkje turen neste helg også.
Då er det venninnehelg.
Det gledes! Det gledes!!



 

9 kommentarer:

  1. høyres ut som ei perfekt helg Eli :)
    håpar dåke hadde det skåi i Bergen og på messo :)

    Henriette

    SvarSlett
  2. Høres ut som en flott helg! Til tross for idioter på veien... Og de finnes det mange av!

    Nyt kvelden

    Klem

    SvarSlett
  3. Hehe, du og gubben min kunne nok ha kosa dåke godt på biltur ilag. MASSEVIS av idiotar på veiene når han er ute ôg !
    Eg tenkte "Kvist og kvast" var ein blomsterbutikk eg, men no veit eg bedre og skal jammen kikka innom ein dag !

    SvarSlett
  4. Fabelaktig!

    Fin start på uken ønskes deg.
    Her er det en liten uke igjen før kofferten pakkes og vi flyr til andre siden av atlanteren.

    klem

    SvarSlett
  5. Heihei:)
    Så flotte bilder fra helga og for ein utsikt foreldrene dine har,eg ser kun bort på ein lekeplass og det må være så herligt å sitte i stova og sjå utover:)
    Kvist og kvast er ein fin butikk men eg er litt for sjelden inne der men når eg først er så finner eg noko,ikkje så vanskelig:)
    Kjempekoselig å helse på deg og,det er sant det at det er kjekkt med et ansikt bak bloggen,eg synest aldri bilder av meg sjølv blir noko så eg legger aldri ut bilde av meg sjølv,gjorde det ein gang for lenge siden,hehe men kjekkere å vise jentene:)

    Ei flott ny veke til deg!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  6. Wow, for en fantastisk utsikt! Og likte Hansa-kassen veldig godt :) Klem

    SvarSlett
  7. Moahahahahahahahaaa!! flira mæ ihjel av de historian dine!! Ser ut som dåkker har hatt en fin tur- tross i alle idiotan der ute på landeveien!! Fortsatt fin uke til dæ!

    SvarSlett
  8. Know the feeling! Blir kjempeirritert av de bilene som ligger foran i Rennfast og det lyser konstant rødt i bremselysa.
    Ka feile?
    Værste sort er å havne bak en trailer som kjører i 20 km/t nedover bakkene der. Det har jeg opplevd to ganger!!
    Denne siste gangen vraste jeg forbi....hadde ikke tid til det tullet...skulle jo på interiørmesse i Bergen må vite! Hoho
    Vi kom forresten hjem fra Stord i dag. Vært på hytta og måtte overtale mannen til å stoppe på Heiane så fikk jeg shoppet meg et par sko...hoho.
    Må kose deg masse i helga da! :)

    SvarSlett
  9. Hehehehehe, jeg ler meg ihjel av deg altså!! Men helt enig - det er så mange dårlige sjåfører der ute! GID alle hadde kjørt som meg ;-) (sier hu som rygga på hengeren for noen uker siden)

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!