torsdag 3. november 2011

Olivia







Her i Fryd Heimen bur det ei rasande flotte dama, 
ho er slank og elegant, ser veldig frisk og fin ut, 
ho er ung og frisk, ho rett og slett struttar. 






No antok nok dei fleste at eg skreiv om Frøken Fryd.
Og eg ser jo sjølvsagt at med den beskrivinga så er det jo fort gjort å ta feil.
Slank, struttande, frisk og flott. Joda. For all del. Frøken Fryd ber jo overhodet ikkje preg av å ha 
gått gravid med og født to barn og nærma seg førti åra med stormskritt.
Det er ingen ting som "peikar sør" hos Frøken Fryd.





Men dåke, dette innlegget handlar 
om Olivia. Oliventreet som Frøken Fryd kjøpte på Rema 1000 (!!)
i fjor vår for den nette sum av kroner ett-hundre-og-tretti. Eg har lese ein del innlegg om at det er så vanskelig å halda liv i desse Oliventrea. Olivia er tøffare enn toget. Ho bur ute frå vår til haust, i regn og vind og sommar "temperatur" viftar ho med blada sine og sug til seg D-vitaminar. Frå haust til vår så
bur ho inne. Ho står foran altandøra, faktisk rett i straumen frå varmepumpa. Men ho får mykje
lys, og av og til så får ho mykje vatn også. Og ho klarar seg heilt fint. 
Ikkje fell ho blad og i år så glimta ho til og laga ørsmå
Oliven som ho ikkje ville dela med oss.
Ho har fått nokre loddne "ulldottar"
som me har undra oss over òg,
ull-lus kanskje??
Men etter å ha stussa 
Olivia grundig
(alle treng stussa dotten av og til)
så kom det seg.

Har du nokre "tips-og-triks-i-Ludo" når det gjeld stell av Oliventre?


10 kommentarer:

  1. Hahaha, "ingenting som peikar sør". Kor tar du det frå? Syns du e steikjande flott eg - både utanpå og inni:-)Me må snart ha oss ein Stavangertur kjenne eg - Møbelshopping - er litt tilte utvalg her i litle Haugesund. Kun 2 mnd. til overtakelse. Me gledar oss til å visa fram herligheten til familien Fryd. E vel på strengt tatt på tide at det e me som servera mat og vin til ein forandring. Ha ein fin kveld:-)

    SvarSlett
  2. Har hatt flere oliventre inne, men de trives ikke for lenge om gangen. Men har de små oliven treene, de stortrives, og jeg har blitt så glad i dem:=) Jeg dusjer dem 1 gang i uken, tror det hjelper, og trenger mye fukt. Lykke til!

    SvarSlett
  3. HAHAHAHAHA! Eg elske å lesa innlegg frå deg. Eg berre ler og ler, så eg mistar heilt fokus frå det du eigentleg lurar på ;) Eg har ikkje oliventre, og difor ingen råd! Men det virkar jo som at denne frøkna klarar seg meget fint. Stuss dotten du, så ordnar det seg, moahahaha ♥

    klem frå Lina

    SvarSlett
  4. Ler meg i hel!!!
    Stussa dotten- setningen fekk meg nesten til å hikste av latter! ;)

    Me kom aldri så langt at me anskaffa oss eit oliventre, men eg syns dei er sabla lekkre då! :)

    Ha ein super kveld :)

    Klem Helene

    SvarSlett
  5. Evy, dåke er velkomne når det skulle vera :) Og møbelshopping...m-m-mmm... finst ikkje nåke som er kjekkare enn det! Eg er med :D Og så gleder eg meg veldig til å sjå nye huset!

    Klem klem!

    SvarSlett
  6. ingen grønne fingre, ingen råd, selv har jeg bare ett kunstig lite oliventre bare juks her!!

    SvarSlett
  7. Tusen takk for herleg kommentar! :) Håpar helga di vert super og. Madicken skal voktast med haukeblikk av meg - det vil bloggast oppdateringar på den fronten ;)

    klem

    SvarSlett
  8. Min kjære frøken fryd; Du skriver så HERLIGE inlegg!!! Får lyst til å ta med deg og en flaske vin eller to på treff, kanskje i Landhandleriet, det tror jeg kunne blitt en morsom kveld;-)
    Tusen takk for en overveldende fin kommentar på bloggen min, du er snill du- men behøver forøvrig ingen hjelp til å stæsje frydhuset for det er jo så fint! Mitt største oliventre har også denne merkelige bomullsaktige produksjonen. Lurte et øyeblikk på om det var en botanisk kryssning mellom oliven og bomulstre (!) men det er sikkert en slags sykdom. Får kanskje ta en grundig dottefrisering på det. I samme slengen kan jeg jo alltids stusse litt på vinterpelsen til en annen frøken jeg vet om...:-) Ha en fin helg du herlige du! Klem klem

    SvarSlett
  9. Hihi, så artig du personifiserer oliventreet ditt! Kanskje det er hemmeligheten bak at Olivia trives så godt! Feel the løøøve! Takk igjen for alltid så hjertevarme kommentarer i bloggen min, søte du :) Ja Minuttmannen er fotograf og tar mange av bildene mine, mens jeg står for all "styling" selv og som oftest også redigeringen av bildene, med varierende resultat ;) Dvs jule- og høstbildene hadde han også redigert. PS: Sleng deg gjerne med på give away som jeg kjører igang i dag, hvis du har lyst på en bakebok :) Klem fra meg, som har trekt en visdomstann i dag, au au.

    SvarSlett
  10. Haha tøysejenta!
    Peker det ikke nordover? ;)
    Klart det kunne vært deg.
    Fint tre det der, fikk lyst på sånn selv.
    Gooood helg!

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!