søndag 1. september 2013

Hardet på badet!





Me er veldig glade i huset vårt, men badet er ei utfordring. Det er så innmari lite... Det er heller ikkje mulig å slå ned vegger for å laga badet større - med mindre me då kombinerer inngang/bad, eller eventuelt berre slår ut heile ytterveggen og har åpen bad løysing med dusj og do ute i det fri.








Uansett så har me gjort det beste ut av det me har. Badet er kvitmalt, dusjen er ny, sprengstoff kassane er gamle (kjøpt hos Cathrine) og fungerer som oppbevaring av do-ruller og handkle. Og badet fungerer det, men best om me er ein og ein... Me har pynta med ein blom frå hagen, levande lys, steinar i frå Danmark og litt dufteolje som eg kjøpte på Kull. Den kan komma godt med - i vår familie skit me ikkje blomster i alle fall... men det hadde vore stilig da. Tenk å ha eit så fantastisk tarmsystem at du ikkje berre produserte gjødsel men at det kom Ranuklar, Tulipanar eller Hortensia ut bak...? Hmmm, den duftolja vår dufter av roser da, eg trur kanskje eg hadde valgt vekk akkurat å produsera roser - dei stilkane der hadde nok vore ei utfordring!






På badet har me også to GodMorgon veggskap i frå Ikea. Mann og guttaboys deler eitt, og mor har eitt heilt aldeles for seg sjølv...









Jada, slik er det når ein er einaste dame i husstanden. Forresten så har me lagt inn ei ordning med at gutane har kvar sin dag der dei må vaska toalettet. For det er ikkje berre fordeler å dela bad med slike som står og tisser. (For ordens skuld så presiserer eg at eg IKKJE er ein av dei. Eg treff der eg skal. Kvar gong. Sittande. Alltid.)

Korleis har du det på badet? Har du stort bad? Lite bad? Badekar? Nyoppussa bad? Har du ikkje bad? Har du grisefint bad? Har du passe fint bad? Står du og tisser? Får du hjelp til å vaska badet?
Fortell, fortell :-)




10 kommentarer:

  1. Jeg har ett gammelt bad som sårt kunne trengt oppussing, men med en baby og en under 2 år, orker jeg ikke tanken for øyeblikket å være uten den stunden det tar å pusse opp. Derfor er jeg nødt for å gjøre det beste ut av det sånn som det er nå..
    Her er det mor selv som må vaske på badet, for den eneste som står foreløpig syns det er helt pyten å vaske - som om jeg syns det er kjekt ha ha.
    Ønsker deg en flott søndag Eli!

    Klemmer

    SvarSlett
  2. Me flytta frå eit bad med plass til mini cooper i dusjen, til eit hyttebad på same størrelse som den overnemde bilen. Ikkje serleg fint, ikkje serleg praktisk. Har faktisk også vurdert å slå ned eine veggen, slik at ein kan sitje på do ute på trappa!

    Vaskinga tek eg meg av sjølv, men støvsugaren med mann på slep er innom i ny og ne.

    God søndag!!

    SvarSlett
  3. Så fint dere har gjort det med detaljer selv om det er lite :)

    Mitt bad er også ganske lite, vi har innebygget badekar med dusjvegg, en liten servant og speil, en hylle til håndklær og da er det ikke så mye plass igjen.. har do ved siden av da i ett annet rom, valgte å beholde det slik når vi pussa opp for 3 år siden, praktisk når vi bare har en do i huset - så kan en drite og en dusje samtdig uten å forstyrre *ler*

    Ha en fin ny uke,
    Klemmer fra Jatte!

    SvarSlett
  4. Hihi godt du ikkje har sett mine bad,dei er av gammel årgang og skulle hatt oppussing men har ikkje penger til det dessverre men så lenge det er dusj,Do og vask så klare eg meg nok...men må være ein drøm å ha stort bad:)

    Vaskinga tar eg sjølv,har lit sånn eingangskluter eg bruker til daglig og dei er supre!



    Fine dag til deg Eli!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  5. Heia..., du er bare utrolig til å ordlegge deg *smil* Hvis jeg er sur en dag, kan jeg jo bare stikke innom her, for her M Å det smiles:)

    Herlig mandag til deg Eli:)
    Klem Annelise

    SvarSlett
  6. Utrolig fin ny blogg!! Har lagt inn hos oss, bare ta kontakt hvis det ikke virker eller om det er noe annet:):)

    Solveig

    SvarSlett
  7. Så fine detaljer:)

    Ønsker deg en fin kveld!

    Klemmer

    SvarSlett
  8. Der fnt jeg deg igjen :) Ahhh... trodde jeg hadde mistet deg jeg vet du *blunke* takk for mail, har bare ikke fått svart *ler*

    Håper alt er bra med deg, kjære!

    klemklem

    SvarSlett
  9. Heiann! Vårt bad er pase stort faktisk, 9 m2 viss eg ikkje huskar heilt feil(litt dårleg med tal...). Me har hatt det likt i dei 12 åra me har budd der og er i grunn veldig fornøgd med farge og material-val. Det går i ulike gråtonar med komb av to ulike flisetypar og malt panel (skygrå).

    Eg bur også bare saman med gutar...4 stk faktisk!!! Og ja gutane er med å vaskar badet - viktig med god opplæring for framtidige kjærastar, sambuarar, ektemenn og forhåpentligvis fedre!!
    Ingen skal veksa opp hos meg og tru at ein ikkje skal vaska og rydda etter seg! Meeeen må innrømma at dei ikkje er heilt sjølvgåande, dei treng eit spark bak for å komma i gang. Men veldig flinke når dei først er i siget ☺ God hjelp i huset!
    Klem til deg, Kjersti

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!