mandag 10. juni 2013

Om å fjerne ting & tang...

Som dei fleste andre kriminelle beheld Frøken Fryd minner om sine ugjerningar,
desse nydelige syrinene har Frøken Fryd stjåle heilt sjølv.
Heng dei utanfor gjerdet er det lov. Ja?



Frøken Fryd har ikkje fjerna ting... ho har fjerna hår...
(blei berre litt voldsomt å ha det i overskrifta)
Jepp! Sånn der uønska hårvekst, du veit.
Det var tilbud på å fjerne hår frå armhuler og bikinilinje med laser.
Alle veit at tilbud betyr å spare pengar. Og sparer du pengar så tener du pengar. Alltid. Så då MÅ ein jo berre bestilla time. Alltid.
(Ikkje noko å seia på logikken her ...)

Som sagt så gjort. Frøken Fryd fekk time.
Ho søkte forsiktig informasjon av venner og kjente i forkant.
Fjerning av hår med laser... Gjer det vondt liksom?
Kor vondt KAN det gjera da?
Frøken Fryd har tross alt født barn. Heile to stykker.
Frøken Fryd har fjerna hår med voks. Fleire gonger.
Frøken Fryd har til og med tatovert seg. Fleire gonger.
(Me snakkar ikkje flammer på halsen eller sleeves her altså...)
Kor vondt kan det vera å fjerna nokre usle hårtuster med laser då?

Frøken Fryd stilte med åpent sinn og nyvaska kropp.
(Ny skrubba. Skrubba! Skrubba! Skrubba! Underlivsundersøkelse skrubba...)
Skreiv inn personalia og blei tatt i mot med åpne armar og fine smil.
Så langt, alt vel!
Dama som skulle avhåre Frøken Fryd var mild og snill og hadde kjent dialekt.
Praten gjekk uanstrengt og fint om ufarlige ting, eventuelt tang.
Frøken Fryd la seg på benken, løfta armen og behandlinga starta.

Åfyyyfaenihelvete!!! Det var faktisk ganske vondt...
Og for å seia det mildt - det vart ikkje betre når me kom dit sola aldri skin.
(Og me snakkar kun bikinilinje her altså, men Frøken Fryd har så store lår at sola skin aldri på den heller)
Til mine litt sartare lesarar så siterer eg ein av Storebror Fryd sine høflige kamerater;
"Eg beklager språkbruken min!"
(Han såg ikkje at Frøken Fryd stod bak ei bokhylle og sneik... Frøken Fryd lærte ikkje nett nye gloser så det var helst finslig banning ja...)

Men, kven hadde trudd at Frøken Fryd var ei sånn ei store pysa?
Ikkje Frøken Fryd sjølv i alle fall...
Singleten var heilt fuktig på ryggen etterpå, og den benken kjem aldri til å bli heilt seg sjølv igjen.
Den har nok eit permanent Frøken Fryd avtrykk i skumgummien etter at Frøken Fryd prøvde på ein inn-i-seg-sjølv-opplevelse medan hårfjerninga pågjekk på dei mest sarte punktene. Samtidig så prøvde Frøken Fryd å halda samtalen i gong, muligens ein smule hektisk ja...
Det å pusta er ein fin ting, og ein heller nødvendig ting sånn reint generelt sett, men også jysla praktisk når ein prøver å føra ein uanstrengt samtale. Ein forutsetning vil eg rett og slett påstå.

Sånn alt-i-alt så er Frøken Fryd fornøyd altså!
Me tåler ein liten trøkk, eller nokre svidde hårsekker.
Alt for å sleppa å bruka høvelen.
Permanent hårfjerning står fortsatt på lista for "ja takk" hjå Frøken Fryd.
Så det blir ny time i august, då litt meir forberedt med pusteteknikk & di...

Har du fjerna noko med laser?
Ein arm, eller ein fot? Eller kanskje litt hår?

Frøken Fryd tok forresten å fjerna nokre syrinblomar som hang over eit gjerde.
(Ikkje med laser riktignok. Men det hadde jo vore skikkelig stilig da, litt sånn Star Wars. Og med den bikinilinja så stiller Frøken Fryd med letthet opp i Prinsesse Leia sin gullbikini...)
Vel, eigerane er nok skikkelig takknemmelige for at Frøken Fryd ordner opp når dei sjølv er så dødslate at dei lar syrinene henga over gjerdet.






10 kommentarer:

  1. Shit, det hørtes ikke digg ut!!
    Men kunne godt tenkt meg og gjøre det selv, hadde det ikke vært så dyyyyrt! :(
    Det sies jo at man må gjøre det 3-6 ganger ofr og bli kvitt alt, i og med at hårene vokser i faser... blæh - da snakker vi hundretusenkronersklassen - iiiiik...!!

    Men lykke til med neste behandling:))

    SvarSlett
  2. Hahahaha, eg ler så eg grine! :) Du skrive så bra, elle så me seie her på Bømlo. Skikkelig løye :) Ja då ikkje løye som i rart, men som i morsomt :)
    Eg har aldri fjern noko med laser, men burde vel kanskje sidan høvelen er ei pest og plage nå den må dras fram titt og ofte. Men må erleg seia at etter å ha lest dine hetetokter på skumgummimadrass så fritar det ikkje særleg,hehe ;)
    Nyt syrinene dine:)
    Og du, velkommen som følger hos meg, koseleg :)
    Gina

    SvarSlett
  3. hehe... Kult skrivet! *ler*
    Har en fin giveaway på gang for barn. Velkommen inn! Ha en fin dag! klem, Veronika

    SvarSlett
  4. Aiaiai...! Det der har eg aaaalt for lav smerteterskel til!! Skulle gjerne gjort det, men Pysa er mitt navn! Vondt!!

    Men syriner har eg ingenting i mot...heller ikkje dei som er plukka over gjerdet! Må bli samme metode for meg, eg har heller ingen syrinbusk i hagen ☺

    Håpar du har det fint (tante) Eli! Klem til deg, Kjersti

    SvarSlett
  5. Haa haa :):)

    Turid

    SvarSlett
  6. Hehe,tror ikke jeg hadde klart å ligget stille,er skikkelig pysete når det kommer til slikt.hehe synes du er god som skal tilbake.
    Syrin er en av mine favoritt blomst/tre er det vel egentlig,hihi,har planner om å plante mange forskjellige typer i hagen.
    ja det var veldig lur ide og bytte gaver slik,lett for å snakke med de man kjenner,ha en strålende dag og nyt dagen.klem hege

    pst.takk for den hyggelig kommentaren inne hos meg.

    SvarSlett
  7. Er innom bloggen din for 1.gang. Fannt den gjennom Draumesidene. Du skriv fantastisk GODT!!!! Stå på! Hilsen Liv

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei hopp du er topp! Tusen takk, Liv :-)

      Klem Eli

      Slett
  8. hahahahahahahahahahhhaaaah!!!

    SvarSlett
  9. hahahaha :) fantastisk Eli, eg trur eg held meg til voksinga.

    Henriette ( vinkelen)

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!