tirsdag 4. juni 2013

Når hjarte renn over

Teppet er laga av Mella og Malla



Men ein ting veit eg klart og greit,
at du e' den finaste eg veit.
(Hellbillies)



Teppet er laga av Mella og Malla




Javel... då har vetet tatt kvelden!
Det er komt eit bittelite, nydelig, perfekt og yndig lite menneske til verda.
Frøken Fryd har den store æra å vera tante til denne vesle alven.
Frøken Fryd sitt hjarte renn over.
Hjarte er så mjukt så mjukt.
Tåre perse...
Fjolle smil...
Vetet har tatt kvelden...

Omverda vert bombadert av bilete og filmsnuttar av vidunderet.
Frøken Fryd lurer på om tanter også får to veker med permisjon?
Er ikkje det heilt naturlig? Nei?
Har tanter eigerskap til små nurk? Nei?
Kan tanter ta med seg små nurk heim? Nei?
Det er kanskje det som er så perfekt med å vera tante...
At ein kan komma og snusa og vera totalt fjollete og kosa med slikehår, og så når det kjem slike høge skrik så kan ein levera frå seg snuskelusken til foreldra? 

Dei er så fasinerande å sjå på, desse perfekte miniatyr menneska.
Dei bergtar ein totalt.
Så reine. Så nye.
Ligg og blinker med nye auger.
Utan egentlig å sjå.
Åpner og lukker bittesmå nevar, med bittesmå fingrar som har bittebittesmå miniatyr negler.
Dei dufter aldeles fantastisk.
Dei har silkehår.
Dei har hud som er så mjuk at det går mest ikkje an...
Dei lagar lydar som får hjarte ditt til å bevra bitte litt.

Når dei krøller seg saman som ei lita cashewnøtt på bringa di.
Når dei søv så tungt så tungt med dei korte armane rett opp, og likevel når ikkje nevane lengre enn til øyro.
Når dei bittesmå lippene trur at dei får mat og snurper seg i saman.
Når dei får varme på kinnet og trur det er tid for middag.
 
Det er eit mirakel.
Det er ein rikdom.
Det er totalt fantastisk.
Ubetinga kjærleik!





Teppet er laga av Mella og Malla
 

13 kommentarer:

  1. Gratulera så masse med eit nytt lite menneske i familien, tante Fryd :)
    Nydelig teppe, og nydelige ord !
    Det er mykje kjærleik rundt desse bittesmå gullklumpane <3
    Klem

    SvarSlett
  2. Så fantastisk, Eli! <3 du beskriv det så godt. Gratulerar :D

    SvarSlett
  3. Gratulerer, tante Eli! For en tanterikdom!

    SvarSlett
  4. Gratulera til sprudlande tante Eli med alle fine ord og vakkert vesen!

    SvarSlett
  5. Gratulerer til tante Eli..du er så god:) Og vesla var nydelig:)

    Klem!!

    SvarSlett
  6. Gratuleres så massedemonstrasjoner tante,det er jo så stas og så skjønne desse små:)
    Du skriver så fint og,det er et mirakel kvar gong ein liten blir født❤

    Nyt dagen Eli!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  7. Gratulera med det litla tantenurket Eli :)
    Nydelig teppe!

    Klem Birgit

    SvarSlett
  8. Gratulerer så masse med tantebarnet Eli ♥
    Herlig skrevet, disse herlighetene er det beste som finnes:))
    KOS deg... ♥

    SvarSlett
  9. Tillykke med det lille nye familiemedlem!!
    Så smukt skrevet Eli!!

    SvarSlett
  10. Den sangen der til Hellbillies er ein av mine favorittar!

    Gratulerer så mykje som tante, så nydelig og beskrivande innlegg! Tenk for ein heldig baby som har ein slik flott familie ♥

    Ang interiørmessa i Bergen så har eg ikkje meldt meg på. Det er ikkje fordi eg ikkje har lyst altså...men eg skal i utg pkt på jentetur dei to siste helgene i september, der av den ein faktisk til Bergen (den andre til Spania!)

    Kan ikkje prioritera tre helger nesten på rad, på meg sjølv. Det får heller bli ein bonus om eg reiser opp. Men om så er, blir det nok ikkje som deltakar på treffet (blir vel fult tenker eg), heller for å snusa rundt på messa. Eg skal gi eit pip om eg drar ☺

    Klem til deg, Kjersti

    SvarSlett
  11. Gratulerer så mye, tante Fryd ;-)
    Det er en vidunderlig rolle!

    Så fint du skriver om tantebarnet, helt klart stolt som en "hane" :-) Fin kveld til deg. Klem fra Monica.

    SvarSlett
  12. Gratulerer med tantebarnet! :)

    SvarSlett
  13. Nydelig tante Eli! Gratulerer <3

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!