tirsdag 4. september 2012

I farta

Bevis gjenstand 1 og 2. Altfor tung pc veske. Overflødig sjal. Ikkje haust kaldt. Ikkje enno...



Tirsdag morgon var Frøken Fryd i farta.
I full farta...
Faktisk gjekk det så fort at det var like før Frøkna raste ned ei lang steintrapp med tenna først.
Frøkna skulle i jobb møte i byen, og sjølv om ho var ute i god tid gjorde trafikken sitt til at tida vart ubehagelig knapp når bilen var parkert.

Er det ikkje utgjort kor mange totalt HÅPLAUSE sjåførar ein kjem bak i slike situasjonar?
Frøken Fryd er på ingen måte ein fleksibel og tolerant sjåfør i slike settingar.
Tvert i mot blir Frøken Fryd ein glefsande, frådande, ekstremt-fritt-talande-med-uhyggelig-vokabular og offansiv sjåfør i slike situasjonar.
Veldig mange mot traffikantar (ja, eg dristar meg til å kalla dei mot traffikantar faktisk) får passet påskrevet med gaffel og utropsteikn når Frøken Fryd er lettare stressa og etterkvart i tidsnød.

Stressa Frøken Fryd med tidsnød er ingen god kombinasjon med høge heler, ikkje i det heile tatt faktisk.
I god HMS ånd holdt heldigvis Frøkna seg godt fast i rekkverket.
Det kom godt med!
Den eine helen hekta seg fast i trappetrinnet og Frøken Fryd var overhodet ikkje i balanse.
Heldigvis kom det ikkje eit slikt teit "hyyyyyl" som av og til lurer seg ut i slike situasjoner.
Sånn i tilfelle ikkje alle rundt fekk med seg at ein ikkje har kontroll... liksom...
Frøken Fryd var heldig og henta seg inn att.

Så ankom Frøken Fryd møtet.
Etter å ha jogga på brostein, i høge helar med paraply og tung veske.
Sidan det regna og var tydelige haust teikn ute resonerte Frøken Fryd seg fram til at det nok var kaldt ute tirsdag. Det var det ikkje...
I alle fall ikkje så kaldt at det var nødvendig med singlet, bluse, strikkejakke, sjal OG jakke utanpå der igjen.
Resultat? Jo, resultatet er at når Frøken Fryd var blitt godt mottatt på møtet, og pulsen sank så begynte Frøken Fryd å svetta. Å du søte mi tid kor Frøken Fryd svetta, for det blir jo ikkje betre når ein merker at ein er varm i hovudet liksom.
Å herreguuuuud som eg hater slike situasjoner.
Egentlig har eg mest lyst å utbryta at: "sorry, eg svetter som ein gris, har du eit handkle?"
For det er ikkje snakk om nokre uskuldige små roser under armane.
Neida, Frøken Fryd er laga slik at ho svettar i fjeset. Så det er på ein måte fu*kings umulig å unngå å sjå det. Eventuelt fu*kings umulig å skjula det. Me snakkar SVETTEBART!
Så der satt Frøkna da, og lot som om ho ikkje svetta, og lot som om ho fekk med seg alt som vart sagt i møtet medan inni hovudet så var det ei stemme som skreik og brølte: "slutt å svett, slutt å svett, herregud, slutt å svett din dritt krooooopp!"

Heldigvis så slutta dritt kroppen å svetta etterkvart, då var strikkejakka slengt og sjalet også.
Og møtet gjekk fint det. Den unge, pene mannen lot som han ikkje merka svette helvetet til Frøken Fryd og det var god stemning og alt gjekk bra til slutt.

Kva har Frøken Fryd lært av dette?
Å berekna 20 minutt ekstra på møkkasjåfører som ikkje eig ei offansiv åre i kroppen.
Å berekna fem minutt ekstra på egosjåfører som blokkerer for all anna trafikk for at dei sjølv skal komma seg fram.
Å aldri ha på for mykje klede i tillegg til å jogga til eit møte, i høge heler.
Å berekna fem minutt ekstra for å innta normal kroppstemperatur før entring av møtelokaler.
Å alltid ha handkle i veska...

Kontinuerlig forbedring! Det er det eg jobbar med.
Lesson learned!




 

14 kommentarer:

  1. hahahaha, du Eli e fantastisk :) eg gløttar bort på barndomsheimen din no skulle ønska du budde der enno.Tenk å hatt ei så flott dame med utrulig god humor til nabo :)
    Fytti kor bra du skriv Eli, og den der episoden der kan nok mange kjenna seg igjen i.
    Men til og med viktige menn i dress med god jobb kan stressa før eit møte.... eg veit om ein som kom med blanke svarte sko, men ein sko med spiss tå og den andre med flat. Den følelsen er sikkert festlig og :)

    ha ein fine kveld Eli :)
    klem fra stord / henriette

    SvarSlett
    Svar
    1. nai eg skal ikkje til bergen på messo i år... ( tok skrekken i fjor, var jo så forkjøla, hosta meg igjennom det. Takk og lov for truseduk hahahaha ) Neidå, tok nok ikkje skrekken du. Skulle absolutt ønska eg fekk det med meg, men akkuratt den dagen stikke eg til tyrkia på husmorferie. Du får ta MYKJE bilder Eli så du kan dela, og gi meg eit godt referat. Men te neste år... då e eg med :)
      Helene skal sikkert, du får lokka ho med på bloggefrukosten så ho kan vera vår "representant" .
      Ha ein fin dag Eli, gler meg allerede til det kjem nytt innlegg hos deg :)

      klem fra henriette

      Slett
  2. Hehe ja, me lærer så lenge me lever. Trur du klarte deg godt jeg! :)

    SvarSlett
  3. Ho ho, been there done that som det heter.
    Om han var veldig ung, den unge mannen, så kanskje han tenkte du var kommet i overgangsalderen? Huff.

    SvarSlett
  4. Ett fantastisk innlegg hi hi, sitter å ler her for meg selv (eller mannen sitter å ser på tv men spør innimellom; hva er det?)
    Lekreste vesken, står på ønskelisten her, men tror jeg må bli ferdig med baby - stelleveske - tiden først.

    Klem

    PS skulle gjerne ha vært flue på vinduet når du var på vei i bilen og tiden begynte å bli knapp;-))

    SvarSlett
  5. hohoho, fantastisk!!
    Nå fikk jeg meg en god latter, og jeg lagde bilder i hodet;))
    Godt møtet gikk bra ♥

    SvarSlett
  6. Du er fin, Eli ★ ★ ★ Skriver på den fineste måten;)

    SvarSlett
  7. ♥ it!!

    - og du, tuuusen takk for nyyydelig kommentar på bildelist-innlegget mitt! Du e go` ☺ ønsker deg ein flott dag Eli, klem Kjersti

    SvarSlett
  8. Å hjelpe meg, nå lo jeg! For en dag du har hatt - og for en stressende situasjon, men jeg er sikker på du så definitivt mye bedre ut og mindre svett ut enn du selv trodde...får vi håper ;) hehe...jeg kjenner meg forøvrig veeeldig igjen. Jeg er fru stress herself noen ganger, og det der med å svette...? jadda, veldig festlig det. Jeg hadde en sånn dag i barnehagen i går. Skulle levere - enkelt og greit, men neida. Det ble så mye styr at, tro meg, jeg var klissvåt i ansiktet da jeg gikk derfra. Så hvis det er noen trøst...vi er to ;) hehe..

    Og du? takk for dine ord. svar kommer - om en stund :) mange klemmer til skjønne deg

    SvarSlett
  9. Herleg! Kjenner svetteproblematikken din...veldig godt, litt mindre agressiv i traffikken, men inga sinke..enda bra turen ikkje enda i trappa då :D

    Klem!

    SvarSlett
  10. Kjenner meg sååå igjen! Morsomt skrevet!

    Fin dag til deg. :o)

    AW

    SvarSlett
  11. Fantastisk !!!
    Du burde bruke skrive talentet ditt

    SvarSlett
  12. Å kjære, jeg ler meg skakk!
    Og jeg kjenner meg så godt igjen, puh - så vanskelig
    det er å skjule at man bare blir ALT for varm..og svett ; )

    Du skriver utrolig godt!
    ..og takk for skjønn kommentar hos meg,
    det varmer : ))

    Ha en fortsatt fin kveld!
    KLEM

    SvarSlett
  13. ..også treffes vi i Bergen!
    Gleder meg : )

    SvarSlett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!