tirsdag 14. februar 2012
mandag 13. februar 2012
Å bli gjort stas på...
Det er alltid kjekt å bli gjort stas på!
Om morsdag er blitt kommersiell, det gir eg
rett og slett skikkelig bengen i! Eg blir varm
i ♥ når Herr Fryd og Fryd Gutane
vil gjera stas på meg!
Sjå desse herlige fargane!
Friske, gnistrande, deilige
vårfargar! Og dei oransje som
dåke skimtar i bakgrunnen
liknar veldig på dei
me pynta kjerka
med for 11
år sidan.
♥
Elskar dåke!
♥
Etiketter:
Blomar,
Frøken Fryd,
Lykke,
Mammaliv
søndag 12. februar 2012
Kjære mamma!
Gratulerer med morsdagen,
kjære mamma ♥
Eg er så heldig at eg har verdas beste mamma...
Ho er støttande, forståelsesfull, godhjerta, snill, rolig,
trygg, inspirerande, velmeinande, kjærlig, nydelig, god,
til å stola på, klok, elegant, ein god rollemodell!
♥
Sidan me ikkje bur på samme stad så lyt
klemmen komma elektronisk i dag. Mmmmm!
Mamma har forresten dei beste klemmane også,
sånne gode, inderlige, velduftande
mammaklemmar! Er ikkje mykje som kan slå
ein ekte mammaklem altså.
♥
Morsdagsgåva og dei ekte, gode
klemmane vert utdelt til mammo vår
av finaste broremann og Kjersti.
Og når me er inne på klemming,
gå inn her og les kva eg
meinar om det ;-)
♥
God morsdag!
Etiketter:
Frøken Fryd,
Livet,
Lykke,
Mammaliv
lørdag 11. februar 2012
Ein fin dag!
Strålande solskinn, snø ute som gnistrar i sola, ryddig kjøkken og fri!
(oppdatering... dette innlegget laga eg på onsdag, no er det grått og trist og regnar både hist og pist)
Egentlig skulle eg laga innlegg til Silje sin blogg om kaffikroken vår, men så var eg så heldig å ha ryddig kjøkken, så då kunne eg jo knipsa meir enn berre Nespressoen ;-)
Snille papsen min har laga hyller til kjøkkenvindauga, og han har pussa og mala dei også. Meget bra service! Må jo berre by dåke på resten av historia også. For Herr Fryd og eg reiste nemelig avgårde på handball VM i januar i fjor i lag med gode venner, og mamma og pappa kom for å passa på Fryd Gutane. Når me kom heim att, då hadde pappa tapetsert ferdig kjøkkenet, pussa og malt hyllene, lista, sparkla og gjort det veldig veldig fint på kjøkkenet vårt. Er ikkje han vel snill?
Er det ikkje rart korleis humøret stig og alt berre vert så mykje lettare når det er så fint vær? Eg er heilt klart lett påvirkelig av været, ikkje at eg er så voldsomt sur og lei når det regnar (hallo!! eg bur på vestlandet så det hadde jo ikkje vore særlig konstruktivt) men eg blir ekstra blid og glad når sola skin. Trur eg får meir energi og virkelyst også, meir kreativitet - eg har rett og slett meir lyst (på ein ikkje koffert måte!).
Så var det berre å bruka all denne lysten da ;-) har ein heil haug med klesvask som treng ei kjærlig hand. Ok - let's go!
★★★
fredag 10. februar 2012
Kaffi kroken i Fryd Heimen
Verdas skjønnaste Silje har ei utfordring gåande,
ho vil gjerne at me viser kaffi- eller tekroken vår.
Det er komt inn mange flotte bidrag her, og det er så
kjekt og inspirerande med slike utfordringar, for det er så
mange gode tips å henta. Me har hatt vår svarte Nespresso Citiz'n
Milk sidan i fjor haust, og me er stor fornøyde med den.
Det er gjestene våre også :-)
Me har Nespressoen på kjøkkenbenken,
vedsidan av har me eit koppestativ som eg har
kjøpt på Kremmerhuset, og som Herr Fryd synest
er fryktelig stort og plasskrevande. Frøken Fryd
synest at det er enormt diggbart og nyt
synet av det og dei fine koppane
kvar dag :-)
Frøken Fryd likar best kaffien sin med melk
oppi, og gjerne eit dryss med reven kokesjokolade
også. Og Fryd Gutane likar å varma seg melk i
melkeskummaren og ta Oboy oppi,
spesielt på kalde og fine
dagar som i dag.
Finaste Tine K har eit design som
tiltaler Frøken Fryd meget, så ein del av
koppane er av den stripete kermikken hennar,
dei andre er frå Kremmerhuset, heilt annan
prisklasse og med litt betre plass til
melk enn i stripe krusene.
Skjønnheten som du kan sjå i den usedvanlig
blanke Nespressoen er sjølvaste Frøken Fryd - Herself!
Eg elsker å bli tatt bilde av og er linselus så ofte eg kan, heldigvis
så er eg også usedvanlig fotogen, det går ikkje an å ta bilete
av meg som ikkje er vellykka - SÅ fin er eg :-)
Jammen er eg heldig ;-)
Har du komt med bidrag til utfordringa til Silje?
♥♥♥
onsdag 8. februar 2012
Give away hos Frøken Fryd - AVSLUTTET
GIVE AWAY'EN ER AVSLUTTA
★★★
Tenåringsrom
Sidan Frøken Fryd no er blitt tenåringsmamma har ho fått ei ny utfordring, eller skal eg kalla det ei gåve? Tenåringen sitt rom er under oppussing, og mamma har fått "nesten" frie tøylar til innredning, det må berre godkjennast av tenåringen underveis.
Etter eit google søk på tenåringsrom fant eg freshome.com som hadde ein god del bra forslag, faktisk. No er planen til Frøken Fryd at rommet skal gå i kvitt, svart og grått. Det første strøket med kvit maling er alt på plass, og det neste kjem seinare i dag.
Dersom det er nokon som har gode forslag så tar Frøken Fryd i mot med stor takk, enten du har linker til eget innlegg, har sett eit innlegg på ein annan blogg du kan linka til, veit om ei kjekk nettside med tips og idear. Blir glad for alt eg altså!
Det var ein del lure løysingar å finna. Og det er bra, for tenåringsrommet er lite, veldig lite. Han er stort sett berre i kjellerstova med kompisane sine, så difor har no lillebror overtatt det store rommet. Så då får me domino effekten da... Me har nemelig eit guterom som skal piffast når tenåringsrommet er ferdig. Jammen godt me aldri går tom for prosjekt, dåke ;)
Abonner på:
Innlegg (Atom)





