søndag 25. august 2013

Oh shit!



Sidan eg er så heldig at eg vart invitert på forening/klubb til ein bukett usedvanlig flotte damer på sommarøya Stord fredagkveld, spant eg avgårde rett etter jobb. Mamma og pappa var på naustet, og sidan eg sov i huset deira så ordna mamma det slik at eg var invitert til frukost hjå min kjære bror og svigerinne laurdag morgon. Ho kunne jo ikkje risikere at eg falt omkull foran brødboksen i Åsringen, Gud forby, eg er jo berre 39 år, det kunne gått aldeles gale...! (Ja, eg har verdas skjønnaste mamma, utan tvil, garantert, bombesikkert, for sure, absolutt & di). 

Hjå min kjære bror og svigerinne bur også mi vesle niese, Vilde. Ho er snart tre månader og søt som sukker, så dåke veit, eg gleda meg veldig til dette.

Det var veldig kjekt i forening, og det vart seint. Når eg kom heim så måtte eg ta ein bloggrunde, det vart enno seinare, men til slutt fekk eg slept meg i seng. Eg vakna halv åtte. Normalt våkner min ekstremt rutineprega kropp kl. 05:30 for litt morgensildring. Meget fornøyd med at eg hadde hoppa over morgonsildringa, på det vanlige og ekstremt irriterande tidspunktet, la eg meg til å sova att, sånn ca. ein time til vart eg og kroppen min enige om. 

Yeah right. 

Eg vakna igjen. Strekte meg fornøyd. Såg at sola skinte. Trykte på mobilen for å sjekka klokka. 
10:37...!
WTF?????
10:37????
Jepp, 10:37...
Og min kjære bror hadde sendt melding kl. 9.
Eg var hjertelig velkommen til frukost kl. 09:30.
Kl. 09:40 hadde han ringt.
Kl. 10:05 sendte han bilde av ferdig dekka frukostbord (med skrikande tarmar kan eg tenka meg, for det var lekkert!!!).
Og når var det gjesten vakna?
Kl. 10:37.
Skam!
Skam! Skam! Skam!
Det var med veldig flaue fingrar eg trykte på knappen for ubesvarte anrop.
Det var med skamfull røyst at eg beklaga min uhøflighet.
Det var med lynets hastighet at eg jamrande hoppa utav senga og inn i dusjen.
Det var med skrikande dekk at eg køyrde til frukost... nei... lunsj...!
Det var med skamroser i kinna at eg ringte på døra.

Ikkje mitt stoltaste øyeblikk...
Skam!

#denfølelsen





6 kommentarer:

  1. Grattis med ny blogg!

    Jeg må bare le. Det er jo sånt som kan skje av og til da. Din bror var sikkert litt bekymret for deg.. ;)

    Klem

    SvarSlett
  2. Thihiiii, du ble sikkert tilgitt...
    Ny fin uke Eli, og ikke forsov deg i morgen tidlig;)

    Annelise

    SvarSlett
  3. Heia kjære Eli!! Finfin ny blogg du har mekka til her- it suits you!! Du e utruli flink til å skriv!! Æ digga dæ :-)Og - butikkåpninga gikk fantastisk bra, masse folk! Vi va jo redd det ikke skulle kom nå`n....-men sånn e jo vi kvinnfolk,- best å ta alle sorgan på forskudd- ikke sant?!! Om du skulle ta dæ en tur til Bæææærgen en vakker dag så veit du korr du skal stikk innom først,- eller?? klæm fra mæ :-)

    SvarSlett
  4. Ai ai, tenker broren din fikk seg en god latter :)

    Gratulerer med ny blogg, fin ! Leselista mi er oppdatert med ny adresse til deg :)

    Hilsen Hanne

    SvarSlett
  5. Heidu!! Tenker nok du fortente den ekstra søvnen der!!
    Så herlig med ny giv Eli! Kjempebra blogg. Ein må kjenne på det med kva retning ein vil ta, me utviklar oss og bloggingen tar gjerne ein ny retning etter ei stund! Me treng alle bli påminna å ta vare på kvardagsgledene.
    Blogging bør vera lettvint, men skal også gi noko så dette må jo vera vinnvinn spør du meg :)
    Eg har prøvd å legge til den nye bloggen på min Bloglovin, men får bare opp at eg allerede føl deg. Kanskje eg må slette deg og legge til på nytt....? Eg prøver det, har nemleg ikkje fått opp dei nye innlegga dine i rollen min der. Gler meg til å følgje deg vidare og kjem til å gje meg til kjenne med Googleprofilen min både titt og ofta, og så ser eg deg jo på IG ;) klem til deg du skjønne sjel!! Kjersti

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, Kjersti :) Eg blir så knakande glad!

      Eg har endra den Bloglovin button'en no, den låg inne med Frøken Fryd såg eg... litt sånne småting som eg ikkje har tenkt på når eg endra adressa, men sånn litt etter litt så går det seg nok til :) Eg trur nok at du må legga meg til på nytt, dessverre. Litt dumt når ein har opparbeida seg eit nettverk, men men, sånn er det...

      Blir alltid glad for livsteikn i frå deg, om dei kjem via blogg eller IG :)

      Klem tilbake til deg, KjekkeKjersti :D

      Slett

Tusen takk for helsing, det gjer meg glad!